LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord vidarherre

Årets lokalavisfoto: godt bygget opp

Bildeserie med 31 bilder — bla ved å trykke på pilene

Her kan du bla gjennom de 12 bildene som kom til finalen i LLAs fotokonkurranse.

Den som gikk av med seieren i konkurransen var Kristian Westgård i Eidsvoll Ullensaker Blad. Han fikk prisen for bildet av kreft- og slagrammede Damian Moen.

Årets lokalavisfoto av den kreft- og slagrammede 38-åringen er intimt og trist, men fotografen har tatt bildet på en verdig måte. Fotografiet har en fin balanse og er veldig godt bygget opp. Jo mer juryen ser og snakker om bildet, desto bedre liker vi det, skriver juryen.

Bildet og reportasjen om Damian Moen ble trykket på julaften. Du kan lese reportasjen her.

Hordaland fekk to heiderlege omtalar i fotokonkurransen. Ingerid Jordal fekk heiderlig omtale for sitt festivalbilete fra Bygdalarm.

Juryen skriv: Festivabiletet til avisa Hordaland er frå ein klassisk fotojobb, men her ser vi korleis det kan gjerast på ein god måte. Biletet er ikkje oppstilt, det har eit fint og naturleg lys og mange spennande detaljar. Juryen bruker god tid på biletet.

Vidar Herre fekk heiderleg omtale for biletet av flaumen på fotballbana.

Frå juryuttalen: Flaumbiletet til Hordaland er frå ein nokså kjend situasjon, men her ser vi flaum på ein ny og visuelt overraskande måte – og med humoristiske element. Biletet er truverdig og flott.

Stilte spørsmål om sikkerheten

Også små aviser kan gå tungt inn i store saker. Det er journalist Anne Buckle i Solabladet sine saker om LNG-anlegget i Risavika et godt eksempel på. Da Skangass ville utvide LNG-anlegget med et bunkringsanlegg til Fjord Lines nye gassdrevne ferger, begynte hun å stille spørsmål rundt sikkerheten. Sikkerheten i området har også tidligere vært tema for debatt. Det ble laget en konsekvensutredning for den nye delen av området, noe som ikke har vært gjort for resten av området.

Resultatet ble en lang rekke artikler og kommentarer om hvordan og hvorfor LNG-anlegget havnet i Risavika. Artiklene viser at det er stor uklarhet rundt hvem som har ansvaret for hva i Risavika. I artikkelserien har hun blant annet intervjuet forskere, rådgivere i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, politikere, brannvesen og representanter for Fjord Line og Skangass. Se et utvalg av artiklene i vedlegget.

Anne Buckle fikk hederlig omtale for artikkelserien under utdelingen av LLAs journalistpris i helga.

Juryens kommentar:

Det er imponerende av en liten avis å gi seg i kast med en grundig dekning av et så stort tema som LNG-anlegget i Risavika og komplekse problemstillinger i forskrifter og reguleringsplaner. Gjennom iherdig innsats har avisa vist at saksbehandlingen kan ha vært tvilsom, men mest av alt, hva anlegget representerer av fare for omgivelsene.
Anne Buckle er blitt møtt med uforstand og motstand fra mange hold og fra svært ressurssterke miljøer. Det har hun ristet av seg, og vist både et mot og en utholdenhet som kan stå som et forbilde for andre.

Lisa Maria Breistein Sølvberg og Vidar Herre i Hordaland fikk også hederlig omtale. Det fikk de for magasinet Liv & død som de laget i forbindelse med 50-årsjubileet til Voss sjukehus.

Juryens kommentar til “Liv & død”:

Institusjonsjubileum avføder sjelden god journalistikk. Desto meir gledeleg når det først skjer. Lisa Maria Breistein Sølvberg og Vidar Herre gir oss eit levande bilete av alt som skjer innanfor veggane på Voss sjukehus i løpet av nokre korte døgn. Dekninga er allsidig, og spenner frå behandlarar til pårørande, frå pasientar til ambulansesjåførar, frå liv til død. Alt er gjort med respekt, men dei har likevel kome nær. Tekstane er gode, bileta er treffande og samspelet flott.

Nisse ved reisas slutt

Grebbe Hangur er død. I tredve år har han lege og snorka på Gjøsteinshjørna, men vetlejolafta tok Grebbe Hangur sitt siste andedrag. No skal han leggjast på kjøl etter å ha lege på lit de parade i melsdagane. Men grautfar set si von til moderne vitskap, og vonar å få liv i han til neste jol, om ikkje vaken akkurat.

Godt aor!

Til LLA-familien.
Frao oss pao Voss

Årets namn

Årets namn er ein fin måte å oppsummera året på. På Voss får heimabrygg og skiskyting hard konkurranse frå ei cupcakedame på Dale i år.

Rundt og rundt og rundt

“Voss har ikkje berre fått êi ny rundkøyring det siste året, men heile fire. Tida er inne til å friska opp kunnskapane om korleis me køyrer i rundkøyringar”, skriv Hordaland. Ei informativ sak om køyrereglane i rundkøyring vart til usedvanleg spenstig bladbunad.

Les mer…

Hallingdølen årets lokalavis i Europa

Tidlegare i år blei Hallingdølen kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser (LLA). Jubelen stod naturleg nok i taket på LLAs landsmøte i Svolvær. No kan Hallingdølen og lesarane deira nok ein gong feira seg sjølve – etter at European Newspaper Award har offentleggjort årets vinnarar.

(skjermdump henta frå Hallingdølen si nettside)

Les meir om prisen på Hallingdølen sine eigne nettsider.

Også Hordaland og Fanaposten kan henta heim diplomar i den europeiske design-konkurransen: Fanaposten for spesialside og Hordaland for førsteside, seksjonsside, fotoreportasje og innovasjon blant lokalavisene.

Les mer…

Det gylne snitt

I sist Newton tok dei for seg det gylne snitt i biletkunsten, arkitekturen – og fotografiet. Og ikkje minst at unnatak frå regelen er lov, men då kan det vera lurt å vita kva det gylne snitt er. Sjå programmet på tv.nrksuper.no/serie/newton
I neste program skal dei ta for seg kamera som fangar meir enn kva auga klarar å oppfatta.

Siste skrik frå Amerika

Foto på laurdag

Levande sentrum

Snart opnar Vangstunnelen som skal få bort tungtrafikken i Voss sentrum. Men kva skal til for å få folk til å svinga innom Vangen? Politikarar og næringsliv har snakka laust om kva som må gjerast. Elevane på ungdomsskulen gjekk meir konkret til verks – i plastelina. Og då måtte me prøva å fylgja opp (les saka i vedlegg).

Konsert anno 2013

Det er slutt på headbanging og stagediving no til dags. Til nøden kan ein lighterapp nyttast. Valkyrien Allstars-konsert i gamle Voss kino under årets Osafestival.

Kakefesten er over

Anette Kvamme er ute av kakekrigen på tv, men får stilt litt av mediehungeren sin i våre spalter, og lesarane våre får servert kake til laurdagskaffien (sjå saka i vedlegg).

Hest er best - på video

Ivar Herre rundar 80 år og gjev hesten skulda for det.

Les reportasjen i vedlegga, og sjå hestekaren på video på linken:

http://www.avisa-hordaland.no/lokalnytt/voss/article6900834.ece

Bakgard skatt...

Skrik og gru

Høgdeskrekk er ingen spøk…

Bildeserie med 9 bilder — bla ved å trykke på pilene

Les portrettet i vedlegg

Kryssklyppinga

Mascara skal på plass, og det svir i augnebryn. Det går hardt for seg bak scena på Smalahovesleppet når Vilja Linnea Mæland, Bjørg Aurora Ringheim Tveit, Elise Håvik Sunde og 300 hove skal stylast for rampeljoset i teltet (les saka i vedlegg).

Smalahovehelvetet er laus på Voss

I helga går haugevis med smalahove og akevittar ned på høgkant under Smalahovesleppet på Voss. Og no har sjølvaste smalahovekongen Ivar L. Løne hamna på fat – med akevitt sjølvsagt (sjå vedlegg).

Samferdsel

Fotospalta klarar seg fint på eiga hand, men det gjer ingenting om tematikken fell saman med leiaren (sjå vedlegg).

Ny redaktør i Hordaland

Bømlojenta Elin Madsen (51) skriv historie når ho no har overteke redaktørstolen i Hordaland. Ho er den fyrste kvinnelege redaktøren i avisa sitt 130 årige liv. (Les portrettintervju i vedlegg.)

Røysta på 18-årsdagen, klar for utskifting

“Medan Hilde Magnusson tok ein «Jens» satsar fyrstegongsvelja Anders Fosse på utskifting i regjeringskvartalet”. Idébanken ynskjer alle eit godt val med denne ferske valsaka frå Hordaland.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

I eit demokratisk perspektiv er det lite som kan måla seg med å røysta på 18-årsdagen. Og Anders Fosse vedgår at han kjenner seg litt ekstra vaksen der han nærmar seg vallokalet for aller fyrste gong.
– Kva er størst då, røysta for fyrste gong eller å ta førarkort?
– Nja, det er vel førarkortet, smiler Anders.
Inne i vallokalet vert 18-åringen gratulert med dagen av både ein og annan før han forsvinn inn i avlukket, for å plukka ut sin aller fyrste valsetel.
– Vanskeleg?
– Nei, når eg fyrst hadde bestemt meg var valet enkelt.
– Vanskeleg å bestemma seg?
– Det sto mellom to parti, som står mot kvarandre. Men eg er klar for utskifting.
Rett til å klaga
– Kva har vore viktigast for deg i valkampen?
– Eg er nok ikkje den som fylgjer mest med, men har fått med meg nokre av partileiardebattane. Eg er eigentleg nøgd med slik me har det, men er også klar for noko nytt.
– Var du i tvil om du skulle røysta?
– Nei. eg har alltid vore klar på å røysta. Nyttar ein seg ikkje av røysteretten, kan ein heller ikkje sitja å klaga etterpå. Eg har i alle fall gjort mitt for å få det slik eg vil.
Taxi-Hilde ventar
Utanfor tinghuset sit avgått stortingsrepresetnant Hilde Magnusson å ventar, i ein bil som i beste fall står berre litt feilparkert. Ho har akkurat levert to pensjonistar som skal røysta.
– Dei ville også nytta høvet til å handla på butikken, så då sit eg no her, eg. Men det går fint det altså. Og du, har du røysta, spør ho Anders. Etterfylgt av gratulasjonar på dagen, men ingen formaningar om kva parti som er best. Det er uansett for seint å prøva påverka Anders Fosse.
– Det viktigaste er å nytta røysteretten, seier Hilde. – Kva med kameratgjengen, er det slik at alle skal røysta ved valet?
– Ja, vedgår Anders. – Det er ingen her no, men eg har forstått det slik at alle skal røysta.
– Det er bra, seier ho. Som brått kjenner at ho vert litt uvel av tanken på eit mogleg regjeringsskifte.
– Men eg er blodfan, også eg, smiler ho. Så får natta syna om Anders Fosse får oppleva utskifting etter sitt fyrste val. Uansett utfall blir tysdagen tung for Hilde og kompani, anten grunna ellevill feiring eller ein real blåmåndag på ein tysdag.

Laga av avisa Hordaland
Tor Halvorsen tekst
Vidar Herre foto

Med døden i nakken

Frode Johannessen har gjort over 1.000 basehopp på 30 år. 48 vener har styrta i døden i løpet av åra, og sjølv kjenner han døden pusta han i nakken kvar gong han står på kanten. – Gjer du feil no, Frode, tek eg deg, seier døden.

Følg 90-åringen til stemmelokalet

– Eg har røysta ved alle val sidan 1945. Og eg har røysta på same partiet kvar einaste
gong! Det fastslår Bergljot Horten, som måndag gjekk til røystelokalet rett frå frisørstolen
. Avisa Hordaland var med då 90-åringen skulle førehandsrøysta.

Bildeserie med 10 bilder — bla ved å trykke på pilene
Les mer…

Ta bilete med frihand - eller legg deg ned i graset

Har du grønske på kleda når du kjem attende i redaksjonen har du garantert eit godt bilete på minnekortet også. Eller du kan skyta frå hofta med frihand. Sommaren byr på mange fotomoglegheiter.

foto: Vidar Herre, Hordaland

Kort i ermet

Nytt av året under Voss Cup var at du kunne få ditt eige fotballkort. Det gjorde portrettjobben relativt enkel.

Velkomen ved kronprinsparet sitt bord - uynskt på norsk jord

Naomi på 4 år er fødd og oppvaksen i Noreg, og har lært mamma Saba Yoseif norsk. Saba er invitert på gjestebod hjå kronprinsparet på Skaugum, der ho skal representera Voss og Røde Kors. Men den vesle familien har mørke skyer i horisonten. To gonger har ho fått nei til opphald i Noreg. – Men eg håpar framleis om å få bli, for Naomi sin del, seier ho om augnesteinen sin. (Sjå vedlegg.)

Repetisjonsknappen

Å vera pressefotograf kan ofte arta seg som ei repetisjonsøving. Men i somme høve kan det vera eit enkelt og effektivt grep – ikkje minst nyttig både for teksten og presentasjonen (sjå vedlegg).

Utanom allfarveg...

Portrettet

Standard prosedyre er vel å setja portrettobjektet inn i ein samanheng (sjå biletet), men kanskje noko kan dukka opp undervegs? Om det ikkje vart 1. side, kva då med dei andre biletvala? (Sjå vedlegg.) Her er det berre å kjefta og smella.

Lamma journalistikk

Kven har ikkje vore ute for fjernsynskanalar som gjerne vil ha omtale, men at det ikkje må røpast noko som helst om innhaldet? Kari Traa-leikane på TV3 er ikkje noko unnatak. Me prøvde å ta dei på det største alvor (sjå vedlegg).

My religion

Mangt kan seiast om kristendomen – og ungdomen, men det er imponerande kva dei får til i KFUM/KFUK. Denne saka kom kanskje ut feil, som portrett. Skulle vel helst vore ein featurereportasje.