LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord vestnytt

Interaktiv oversikt over festivalen

Har de ein lokal festival? Eit kart over festivalen er nyttig for publikum.

Sjå korleis Vestnytt brukte Thinglink til å lage eit interaktivt festivalkart i fjor. Dei la mellom anna inn informasjon om speletider på dei ulike scenene, mat på dei ulike kafeane og andre kuriosa.

Med Thinglink kan du plassere tekst, bilete, videoar og lenker på utvalde punkt på eit bilete eller kart.

Sjå også Sortlandsavisas napp-ut-kart over festivalane fra 2014.

Thinglink: Trafikkulukkene på interaktivt kart

Vestnytt kartla dei alvorlegaste trafikkulukkene i regionen, brukte dei Thinglink til å presentera oversikten på kartet. I tillegg brukte dei Datawrapper til å laga interaktive søylediagram over tal på ulukker og tal på drepne og skadde.

Sjå saka her.

Både Thinglink og Datawrapper er nyttige verktøy til å visualisera tal og fakta. Om slik informasjon skal flettast inn i ein tekst, kan det lett verta uoversiktleg. Med kart og grafar er det lettare for lesarane å få oversikten.

– Thinglink er kjapt og greitt. Det tar sjølvsagt litt tid i starten når du skal læra deg programmet, men det er lett å læra også, fortel Marit Kalgraf i Vestnytt.

Både Thinglink og Datawrapper finst i gratisversjonar, men i Datawrapper må du betala for å dela grafikkane på nettsida di.

Vestnytt brukte også Thinglink til å presentera julekonsertar og anna knask i desember.

Sj også korleis Gjesdalbuen illustrerte ulukkene på Fylkesvei 45 i papiravisa.

Avisdesign som imponerte i 2015

Bildeserie med 14 bilder — bla ved å trykke på pilene

Bla gjennom finalebidragene i «Årets lokalavisside» fra 2015.

  • Vestnytt: Går bananas i fjøra med våtdrakt og hjelm
  • Askøyværingen: Forside om hørselshemmede
  • Strandbuen: Et langt liv i Herrens tjeneste
  • Nordre: Et glimt av døden
  • Hordaland: Vossingar i verda
  • Kvinnheringen: Det kvite gullet

Det kvite gullet frå Kvinnheringen ble stemt frem som vinner av prisen «Årets lokalavisside» under LLAs landsmøte lørdag 16. april 2016.

Årskavalkade med Timeline

Vestnytt har brukt Timeline JS til å lage årskavalkade. På tidslinja kan lesarane bla seg gjennom årets viktigaste saker.

I fjor laga Vestnytt kavalkade for det kommande året.

Flere ideer til årskavalkader.

Nye flyktninger til kommunene

Før stortingsforhandlingene om kvoteflyktninger sendte Solveig Horne et brev til alle landets ordførere om å bosette flere flyktninger i 2015 og 2016. Mange kommuner går nå inn for å ta imot flere flyktninger i tiden som kommer. Noen kommuner vil bosette flyktninger for første gang på mange år.

I Sør-Fron har formannskapet gått inn for å ta imot inntil 14 kvoteflyktninger i 2016. Vedtaket fikk flere negative tilbakemeldinger på Facebook, men det var også en som minnet folk på hvor vellykket integreringen var for den store gruppen bosniske flyktninger som kom til kommunen på 90-tallet.

Debatten kan fort dreie seg om tall og pengebeløp. Egentlig handler det om mennesker med sterke historier.

Journalist Tone Sidsel Sanden i Dølen intervjuet en av de som kom til Sør-Fron som barn på 90-tallet. Han forteller om hvordan det var å komme inn i lokalmiljøet, og hvorfor han har valgt å bli værende i kommunen.

Det er allerede mange flyktninger som sitter på norske asylmottak og venter på å bli bosatt i en kommune. Se Vestnytts reportasje Eit fengslande venterom der vi møter flyktninger på asylmottaket. Reportasjen er krydret med interessante fakta.

Ved å gjøre vedtak om bosetting, forplikter kommunen seg blant annet til å gi tilbud om introduksjonsprogram i henhold til introduksjonsloven. Kommunene mottar ulike tilskudd fra staten for å dekke kommunale utgifter som følger av bosetting av flyktninger.

Les mer om bosetting av flyktninger på IMDIs nettsider.

Nyheitskavalkade for framtida

Er du lei av å venta på nyheitene? spør Vestnytt. Dei har allereie no presentert sakene som dei meiner vil vekkja merksemd i 2015. Her får vi mellom anna vita at Nest Sotra skal knusa Brann på bortebane i juli. “Sotrasambandet vert forseinka” er ein tittel med stor gjenbruksverdi.

“Øygarden sprenger bruene” vert hovudsak i august: - Men eigedomsskatten vår får de aldri. Det er meldinga frå kommunestyret i Øygarden, som har fått fjerna bruene som leiar sørover inn i Fjell. Slik håpar dei å unngå kommunesamanslåing og tap av ustyrteleg rikdom. Utan bruer satsar dei og på at dei slepp bokmålselevar som vil f lytta nordover.

I oktober kan vi lesa at nettaviser skapte køkaos: Nokre sterke vindkast førte til fare for at Sotrabrua måtte stengast. Det totale køkaos var eit faktum då bilførarane sakka ned for å lesa om vindkasta på vestnytt.no, bt.no og nrk.no på mobil. Åtte bilar hamna i kjedekollisjon under lesing av saka «Vinden ikkje spesielt sterk».

Kva meiner gamal og ung om utviklinga?

Sotra Kystby er under utvikling med større kjøpesenter, parkeringsanlegg under bakken, offentlege plassar og gågate, kino og bustader.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Vestnytt har snakka med pensjonistar, barn og ungdom, butikkeigarar og direktør om kva dei synest. Det er delte meiningar om forvandlinga av området, men dei fleste har ei meining. Blir det fint med eit nytt og moderne sentrumsområde, eller forsvinn strileidentiteten frå øya? Sjå den sju sider lange reportasjen i vedlegga.

På nettsidene til Vestnytt kan du også sjå eit videointervju med to tolvåringar som er litt skeptiske, men som også gler seg litt. Ikkje minst gler dei seg til kinoen, sjølv om dei risikerer at kino blir kjedeleg når det blir så tilgjengeleg. Det er fint å få høyre nokre unge sine refleksjonar, som ikkje alltid er som forventa!

Har dere presentert spillerstallen?

Hvordan innleder dere fotballsesongen? Vestnytt har denne oversiktlige presentasjonen av Sotra-damelaget sin spillerstall og støtteapparatet. De har også fått med tidligere plasseringer, resultater fra treningskampene, fjorårets resultater i 3. divisjon, og oversikt over de syv første seriekampene til Sotra.

Korleis var folkedrakta før?

Mai er bunadstid, og før 17. mai hadde VestNytt denne interessante reportasjen om Sotra husflidslag som i 20 år har registrert komponent frå gamle folkedrakter. Husflidslaget har mykje kunnskap å dela, og kan blant anna visa fram eit mangfald av ulike brystdukar. Sjå heile reportasjen som vedlegg.

Blanda mottaking av ny avislogo

Vestnytt tok nyleg i bruk den nye logoen sin. – Tilbakemeldingane har vore blanda, slik det alltid er når ein går over til noko nytt, seier redaktør Elisabeth Netland. Sjølv er ho nøgd med resultatet.

Les meir

Ukas bilde: John Olav Nilsen med auga

Også denne veka var det eit festivalfoto som fanga merksemda vår. Kai Svellingen Flatekvål i Vestnytt har tatt dette bildet av John Olav Nilsen på Periferifestivalen. Den duse bakgrunnen og bruken av svart-kvitt gir velfortent merksemd til John Olav Nilsen sitt uttrykksfulle ansikt. Ved å stå på eitt av trinna på framsida av festivalgjerdet kom han høgt nok til å få denne vinkelen.

Journalistkvardagens ferjebilete

Dette biletet er henta frå VestNytt og er teke av Kai-Svellingen Flatekvål. Vi likar utsnittet, stemninga og smellet i biletet. Eit eksempel til etterfølging.

Harde tekstmeldingar for sarte sjelar :-) :-(

“Kor mange gonger har du tenkt at «Gu’, e han sur elle?» når du har fått ein tekstmelding utan smilefjes? Stadig oftere er smilefjesa, eller surefjes, eller kyssefjes integrert i tekstmeldingane eg får. Det er blitt slik at eg nærmast føler at vedkommande er sur på meg om eg ikkje får en smiley i kvar melding.” Les journalist Kai Svellingen Flatekvål sine betraktningar om SMS-kommunikasjon i spalta “hmmm” i VestNytt

Les mer…

Bladbunad frå VestNytt

VestNytt er ei av våre nye medlemsaviser. Journalist Kai Svellingen Flatekvål har intervjua Utøya-overlevande Ruben Håvik, eit knapt halvt år etter terroren 22. juli på Utøya. God skrive, flott bladbunad, signert Trine Syltøy i VestNytt.

Les mer…