LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord ukasbilde

Såg hjorten i skuggane

Eirik Thue i Sogn Avis tok dette blinkskotet av hjortebukken i rampelyset.

På veg til å nå ei ferge kom Eirik Thue i Sogn Avis over denne hjorten på kyrkjegarden på Tjugum i Balestrand. Han var lett å oppdaga der han sto midt i flomlyset og kasta skuggar på kykjeveggen.

Hjortegjerde langs skoggrensa gjer at hjorten ikkje er noko stort problem på kyrkjegarden på Tjugum. Andre kyrkjegardar er meir plaga av hjort som gjer skadeverk på gravene. Nokon prøvar kjerringråd som pepar og eddik på blomane, men gjerde er nok det mest effektive middelet.

Les saka i Sogn Avis.

Sju prisar til Hallingdølen

Bildeserie med 39 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen får heile sju prisar i den 17. European Newspaper Award. Dei prisvinnande reportasjene er ikkje berre flotte å sjå på, men også interessante å lesa. Her er det altså mogleg å henta svært mykje inspirasjon! Alle sakene ligg vedlagt som pdf.

Hallingdølen får prisar i desse kategoriane:

  • Cover/coverstory: Historia om godt vaksne machomenn.
  • Fotoreportasje: Fototuren til Dovregubbens hall.
  • Nyheitssider – andre verdskrig: Intervju med sju kvinner og menn om korleis dei minnest 8. mai 1945.
  • Lokalsider: To prisar, ein for reportasjen frå Nord-Dakota, der ein oljebrønn sørgjer for pengar i kommunekassa i Ål, og ein for reportasjen om lammet Ulla si siste reis på slakteriet.
  • Magasin: To prisar, ein for jubileumsmagasinet og ein for vintermagasinet.

Kvinnheringen vart kåra til Europas beste lokalavis.

Premiesider frå Hordaland

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene

I natt vart det kunngjort kven som vinn prisar i den årlege designkonkurransen European Newspaper Award. Hordaland får pris for førstesidene med vikingen og harleyane, og for fotoserien om utstoppa dyr. Vi gratulerer!

Interessant temastoff for born

Hordaland er gode på å finna saker som er viktige for born til “Badnateigen”. For eksempel:

Attgrodde og forsøpla leikeplassar med få og nedslitne leikestativ. Heilt forferdeleg, meiner borna om standarden på fleire av dei lokale leikeplassane.

Kva forventningar har ein til å få ein liten bror eller ei søster, og korleis er det eigentleg?

Sjå også denne saka frå i fjor,. der to femteklassingar intervjua ordføraren

Badnateigen om lus var mellom dei nominerte til LLA-prisen for årets lokalavisside i fjor. Her er det barna som er målgruppa og det vises, skreiv juryen den gongen.

Tema: dyra våre

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kven er eigentleg desse folka som fyller stovene med utstoppa jakttrofé, småfuglar eller kjæledyr? Ingerid Jordal og Vidar Herre i Hordaland drog på jakt etter utstoppa dyr, og kom attende med fascinerande historier om heilt spesielle kjæledyr, spektakulære jaktmarker og uvanlege funn i nærmiljøet.

Resultatet blei ein reportasje utanom det vanlege. Sjå dei flotte bileta og les om menneska og dyra deira i vedlegget.

Kreativ presentasjon av kreativ gutt

Marius Knutsen i Sunnhordland hadde fredagsprat med ein usedvanlig aktiv 13-åring. Fridar har nettopp fått drøymestipendfor å utvikla seg som sjonglør. Han er begeistra for dyr, sirkus (av den dyrefrie typen), teater og fotball. Det viser att i bileta og den flotte presentasjonen av portrettet.

Snu deg mot publikum

Bildeserie med 6 bilder — bla ved å trykke på pilene

Skal du dekka eit sportsarrangement? Snu deg og sjå på publikum! Kan hende finn du gode historier og bilete på sidelinja, langs løypa eller på tribunen.

Då Sara Finne i Hordaland dekte Bergen-Voss fann ho ein fargerik heiagjeng som “twerka” for syklistane, og to brør som heia entusiastisk på kvar einaste syklist, moped og buss som passerte medan dei venta på far sin. Artig sak og flotte bilete!

Da Tor Hjelset i Varingen for noen år siden skulle dekke fotballskolen for andre år på rad, valgte han ut en av de unge instruktørene som han fulgte i flere dager. Les mer her.

Vil du ta gode sportsfoto? Riktig opplæring og godt utstyr er nøkkelen til suksess. Les Per Egil Larsen sine tips her.

En snikktitt inn i barnas hverdag

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Askøyværingen spurte leserne på Facebook: 
Hvor på Askøy finner vi øyens beste SFO? En stor overvekt av svarene pekte mot Kleppe SFO. «Ta en tur bort til Kleppe skoles SFO. Imponerende å se hvilke aktivitetstilbud de har å tilby», 
var en av tilbakemeldingene de fikk. Som sagt så gjort.

Journalist Anne Jo Lexander har laget en innholdsrik historie der vi får innblikk i både tall og barnas opplevelser.

Historien er fortalt gjennom nydelige bilder, skildring av ulike episoder i løpet av en dag på SFO, intervju med SFO-sjef, skolesjef og foreldreutvalg, og tall og fakta fra kommunen og grunnskolens informasjonssystem (GSI).

Historien egner seg kanskje aller best for formidling på nett, med plass til en mengde bilder og interaktive tabeller. Sjekk den flotte nettsaken her.

Våre beste julebordhistorier

Julebordsesongen er godt i gang, med dei flauser og underhaldande historier det fører med seg. Sunnhordland markerte starten på julebordsesongen med gode tips og ville historier. Dei fekk lokale kjendisar til å fortelje om juleborda dei aldri gløymer, og tok livlege studiobilete av kjendisane.

Reportasjen er bygd ut med fakta om julebord, politiet sine julebordshistorier og julebordstips, ein julebordarrangør sine forventningar til sesongen, og ei lita åtvaring frå ein forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet.

Akrobatisk festivalfoto

Kvinnheringen allierte seg med den dyktige lokale hobbyfotografen Lars Martin Teigen (30) under Festidalen. Han er glad i å fotografera på festivalar, og sette pris på oppgåva. Og Kvinnheringen fekk mykje materiale til både papiravisa og bildeseriar på nett. Dessutan fekk dei eit kult og annleis bilde å fylla framsida med på måndag.

- Med ein slik “frilansar” på laget, var det ei glede for meg å velja bilde til framsida – ikkje ofte ein ser eit så originalt festivalbilde, fortel redaksjonssjef Jonn Karl Sætre.

Støvlane til akrobaten på framsida fortel elles sitt om kva vêr Festidalen var velsigna med.

Sterke bilder av sterke musikere

Edd Meby i Våganavisa sitt bilde av bluesmusikeren Danielle Schnebelen formidler energi og stemning fra avslutningskonserten på Codstock-festivalen. Med bildet presentert over en dobbeltside trekkes leserne rett fram på første rad der de kan kjenne svetten sprute når musikeren kaster på hodet.

På neste dobbeltside formidles stemning fra resten av festivalen med bilder av folkeliv og fornøyde publikummere.

Ukas bilete: rørsle, energi og kraft

Ingri Egeberg er årets utstillar under Osafestivalen. Rytme er hennar grunntone. Teikningar
frå dans ligg bak mange av måleria. Ukas bilete i LLA er teke av fotograf Ingerid Jordal i avisa Hordaland.

Les mer…

Ukas bilde: Stjernelyd

Dette er et portrett av en DJ som vanligvis omgir seg med lys, støy og mange mennesker.
Nydelig, lavmælt og nært. Foto: Jøran Gamman, Søgne og Songdalen Budstikke.

Les mer…

Ukas bilete: Livet på skuggesida

“Egil fyller lommene med Petterøes, stormlighter og to boksar øl. Resten av ølet set han inn på badet og låser døra.
– Så har eg til i natt, seier han.
– Kvifor låser du badedøra?
– Du veit aldri, seier han underfundig og tuslar ut ytterdøra. Stumpar sneipen grundig i grusen og svingar seg så elegant inn i bilen at vi lurer på om han er edru.
– Du gløymde å låsa ytterdøra, Egil.
– Det gjer ingen ting. Badet er låst.”

Bildeserie med 2 bilder — bla ved å trykke på pilene
Les meir

Ukas bilete i LLA

Er henta frå Hordaland si framside tysdag 03. september. Eit bilete til å bli glad av, og godt samspel mellom dei to ulike hovudsakene på framsida. Fotograf er journalist Brynhild Sigbjørnsdotter Steine.

Sjå pdf-som vedlegg

Ukas bilete: Olsokdåp i Tresfjord kyrkje

Fleire aviser dekka olsokgudsteneste kvelden den 29. juli. Dette biletet er henta frå Bygdebladet. I Tresfjord kyrkje var det også barnedåp denne kvelden. Eit bilete med stor stemning og glede som fortener å bli løfta fram. Foto: Kjell Opsal.

Les mer…

Ukas bilde: Det røde kortet

“Han ble utvist, kom inn igjen, brente en straffe og scoret. Det ble en begivenhetsrik kamp for Tommy Karlsen og Hemnes IL mot Åga IL mandag kveld.” Ukas bilde i LLA er henten fra Avisa Hemnes. Et godt bilde fra en fotballkamp som inneholdt en meget spesiell dommeravgjørelse. Foto: Bjørn-Terje Nilsen.

Les mer…

Ukas bilde: Sykehjemsdansen

Siden Johan Krohn-Hansen (bildet) ble pensjonist i 1997, har han vært mannen bak suksessen Sykehjemsdansen . – Det handler om å legge seg med en følelse av at du har gjort noe nyttig for andre", sier han. Ukas bilde i LLA er tatt av Chris Ronald Hermansen i Fanaposten.

Les mer…

Ukas bilde: Løytnant i det fronske

Biletet er teke av journalist Bjørn Sletten i Dølen. På biletet ser vi folka bak ei ny danse- og teaterforestilling: Løytnant i det fronske. Sletten har plassert dei fire ute i skogen, med sola som baklys. Resutat: Eit reint og stemningsfullt bilete. Men Sletten sjølv er ikkje heilt nøgd.

– Eg er ikkje heilt fornøgd med det sjølv, fordi eg fekk for lite blitsljos som motvekt mot sola. I tillegg står Vidar (nærast kamera) med hendene i lommene – det er òg litt kjipt … Det er sjeldan eg er heilt fornøgd, men da har ein jo alltid noko å strekke seg mot. Det er langt att til det perfekte bildet! (Heldigvis).

Ukas foto: Frå garderoben

Skal du fotografere på ei juleframsyning i helga? La deg inspirere av Henrik Mundal Andreassen, fast frilansar i Sunnhordland, sine bilete frå generalprøven på «Scrooge – ei juleforteljing» i Stord kulturhus. Godt komponerte bilete med mykje energi, som skildrar det hektiske og spanande livet både bak og på scena.

Les meir

Fotoreportasje frå skraphaugen

Skraphaugen kan vere ei skattkiste for ein fotograf. Pensjonist, hobbyfotograf og frilansar i Sunnhordland Olav Bjørkum har vandra på skraphaugane og funne motiv ingen andre bryr seg om.

Det er ting, ting, ting, forvridde til det uattkjennelege. Og likevel er det eit slags liv, for alt har vore knytt til menneske, alt har vore nytt ein gong.

Bileta er presenterte i ein flott fotoreportasje, akkompagnert av fakta om dei enorme mengdene avfall nordmenn og sunnhordlendingar kvittar seg med.

Museumsdepot: Eg stod lenge og såg på dette. Det var noko kjent. Aha! Såg eg ikkje noko liknande på Museet for samtidskunst i Oslo i fjor? Ein skrikande protest mot vår opprivne tid, ei tid som mange stader i verda er farga av blod. Når magasinet på museet er fullt, er Eldøyane siste kvilestad for mangt ei kunstverk.

Ukas bilde: John Olav Nilsen med auga

Også denne veka var det eit festivalfoto som fanga merksemda vår. Kai Svellingen Flatekvål i Vestnytt har tatt dette bildet av John Olav Nilsen på Periferifestivalen. Den duse bakgrunnen og bruken av svart-kvitt gir velfortent merksemd til John Olav Nilsen sitt uttrykksfulle ansikt. Ved å stå på eitt av trinna på framsida av festivalgjerdet kom han høgt nok til å få denne vinkelen.

Ukas bilde: Festivalfoto med spesialeffekt

Det er få delar av landet som ikkje har hatt ein festival denne sommaren. Jonn Karl Sætre i Kvinnheringen tok ukas bilde av Mikhael Paskalev under Festidalen. Sætre har brukt eit Lensbaby-objektiv for å få det konsentrerte fokuspunktet.

Les meir

Ukas bilde: Den skal tidlig krøkjast...

Vi liker bildet som sommarvikar Andrea Rygg Nøttveit har tatt for Sunnhordland. Ho har skrive om det gryandre golfmiljøet på Tysnes. Olav, den tre år gamle sonen til golfbane-eigar Ole Kristian Dalen, har funne ut kva storesystera sine rosa golfkøller skal nyttast til. Godt motiv og perspektiv!

Ukas bilde

er hentet fra Hammerfestingen 24. mai.
Bildet er utnyttet maksimalt, lagt over to hele sider i rett utsnitt. Kjempebra!

"Ukas bilde": Ballerina og gitarist

Først fann vi eit bilete i avisa Dølen som heilt klart kvalifiserte til å verta kåra til det beste bilete i LLA denne veka. Men brått fekk vi eit luksusproblem: Vi fann eit til. Begge bileta er tekne av journalist Bjørn Sletten.

Funksjonshemma Julie Teige frå Sør-Fron i sin eigenkoreograferte dans til “Gabriellas song”

Les mer…

Vekas bilete i LLA: Å stele frå ei grav

– Dette er noko av det vondaste eg har opplevd . Vekas bilete i LLA er henta frå Fjordabladet og er teke av journalist Anna Wuttudal. Inge Gjul (84) opplever at nokon stel blomar frå grava til kona Margun, som gjekk bort i fjor sommar. Biletet av Inge er nedempa, og viser alvoret og sorga enkemannen føler over situasjonen. Kvardagsdokumentasjon på sitt beste.

Ukas bilde: Et levende portrett

Ukas bilde er hentet fra avisa Utrop og er tatt av Frank Michaelsen. Bildet er tatt i forbindelse med et portrettintervju gjort på kafeen Kaffeglasset midt i Oslo. Fotografen har greid å ta et glitrende portrett i kafélokalet. Flotte farger, fint lys, et godt øyeblikksbilde av bildesigner og magasingründeren Nima Jahanbakshs.

Ukas bilde i LLA: Sjef i sin egen snopebutikk

Ukas bilde i LLA er hentet fra Bygdanytt og er tatt av journalist Simen Sundfjord Otterlei:
“14 år gammel fikk Silje Carlsen Vågenes (28) jobb som “smågodtsjef” i onkelens Mix-kiosk. I dag har hun fått sin egen snopebutikk. Strikkelykke åpnet nylig dørene i gågaten i Bergen." Otterlei har tatt et vakkert bilde av den ferske butikksjefen. Garnfargene gir assosiasjoner til en smågodt-disk, og kombinert med lyset i den blå timen har dette blitt et svært vellykket bilde.

Les mer…

Ukas bilde: Honningbarna

Bildet er tatt på studentpuben Ludo i Harstad, under en konsert med punk-rockbandet Honningbarna. – Jeg hadde lyst til å ta et bilde som både viste intensiteten på scenen og blant publikum. Jeg vet fra tidligere at det er trangt rett foran scenen på Ludo. Derfor lånte jeg med meg en vidvinkellinse, forteller Marius B. Staveli, journalist i Hålogaland avis.

Les hvordan bildet er tatt