LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord tysnes

Følgde korps for bakenfor-reportasje

Randi Kleppe i Bladet Tysnes følgde Tysnes musikklag ein kveld under NM i brass, eit årleg høgdepunkt for korps frå heile landet.

Vanlegvis får Bladet Tysnes tilsendt bilete etter slike tilstellingar, og ringjer rundt etter kommentarar i ettertid. For å få ein annleis reportasje når ho først var til stades, valde Randi å følgja med på alt som gjekk føre seg både før, under og etter konkurransen. Då vart det også mykje meir spanande å skriva saka, fortel ho.

– Eg synest det er utruleg kjekt med slike reportasjar, og skulle gjerne laga endå fleire og meir omfattande reportasjar, men finn ikkje alltid tid til det i den vesle redaksjonen vår.

100 dagar for den nye ordføraren

23 år gamle Kåre Martin Kleppe har vore ordførar i Tysnes i 100 dagar. Kristine Næss Thorsen i Tysnesbladet har intervjua han om korleis starten har vore.

Som andre ferske ordførarar har Kåre Martin Kleppe måtta læra seg å leia eit kommunestyremøte samtidig som viktige saker som kommunebudsjettet, busetjing av flyktningar og kommunereforma har vore diskutert. Det har også vore ein del negative reaksjonar både på alderen og den korte politiske bakgrunnen hans, og på korleis maktskiftet skjedde.

Ordføraren har ikkje tatt skrekken, og vil gjerne ta fleire periodar som ordførar.

Vil skapa debatt om sentrumsplanen

Den nye sentrumsplanen for Våge ligg for tida ute til offentleg ettersyn. Avisa Tysnes er ikkje redde for å seia kva dei meiner om planen.

Skal Våge «stå på eigne bein» som kommunesentrum når ferja forsvinn, treng bygda meir hjelp enn områdeplanen til kommunen byr på, meiner Tysnes. Dei meiner det går an å strekkja seg lenger for å gjera Våge meir innbydande og spanande.

For å visa lesarane kva potensiale som finst, fekk avisa den lokale arkitektstudenten Ketil Rage til å koma med nokre alternative idear. Tysnes gir skissene god plass i avisa. I tillegg arrangerer dei utstilling og debatt.

Sjå saka og skissene i vedlegget.

Vintagejournalistikk

“Distriktslækjar Nybø er no ikkje lenger å sjå i den små brune bilen sin. Han har no selt, – og kjøpt att ein 1947 modell “Dodge”. Ser du ein bil, blå av farge – og førebels med amerikansk nummerskilt, så er det distriktslækjaren som er på farten." I høve 60-års jubileet til bladet Tysnes vart notisar frå gamle avisutgåver henta fram att. Morosamt, samstundes som det gir 2013-lesarane eit innblikk i både journalistikk og daglegliv langt tilbake i tid.

Les mer…

Er DIN ordfører flink til å involvere innbyggerne i budsjettet?

Ordførar Kjetil Hestad på Tysnes spør innbyggerne i kommunen om hjelp når arbeidet med årets kommunebudsjett starter opp. Lørdag skrev han følgende på Facebook:

Sjekk om DIN ordfører gjør det samme! Hvis ikke: Ta saken i egne hender.

Magasin om sumaraktivitetar

Mange aviser har eigne sommarmagasin. I år la vi spesielt merke til Tysnes sitt magasin Opplev Tysnes. Magasinet er på heile 88 sider, har flott bladbunad og mange spennande reportasjar.

Journalistane har spurt kva folk ville visa statsministeren om dei fekk vera guide for han ein dag på Tysnes, dei skriv om vêrspådommar, bygdebutikken, fisking, fjellturar, sykkelturar og paragliding, dei har testa kjendisbarnevakter, dei har grundig førehandsomtale av Tysnesfest og dei har fått rutinerte festivalmusikarar til å komma med sine råd om korleis ein får ei god festivaloppleving – blant mykje anna. Her manglar det ikkje på idear til dei som vil ha ein aktiv sommar på Tysnes.

Vi har fått tilsendt nokre av sidene i pdf-format, dei ligg vedlagt.

Nytt avishode etter 60 år

60-åringen bladet Tysnes har modernisert seg med nytt avishode. Slik ble resultatet (ny versjon øverst):

"Han kom. Han såg. Han godkjende. Han forsvann."

Tittelen er henta frå avisa Tysnes. Saka handlar om fylkesmann i Bergen, Lars Sponheim som vitja Tysnes i samband med godkjenning av ny kommuneplan. Saka er svært godt skrive. Eit godt døme på at politiske saker aldri treng å vera kjedelege på trykk: “Tonen er hjarteleg, men reservert. Høghælte sko, smarte drakter og mørke dressar møter på kommunetilsette i allversjakkar.”

(Foto og tekst: Kjartan T. Melheim)

"Then me tek Berlin"

Verksemda Haaheim gard på Tysnes vann nyleg den nasjonale Bygdeutvikling-prisen. Utdelinga gjekk føre seg i Berlin, under Grüne Woche. Tysnes løyste saka på ein spenstig måte, inspirert av Leonard Cohens “First we take Manhattan”.

Vellykket avisside med annonse

Dette oppslaget fra Tysnes er et eksempel til etterfølgelse. På en annonseside har de plassert en sak med kun ett bilde, som står perfekt til annonsen. Ryddig og flott!

Les mer…

Gode spørsmål til unge toppkandidatar

Tysnes har intervjua to unge toppkandidatar og har stilt gode spørsmål. Sjekk ut saka til journalist Jostein Halland.

Les mer…

Lag ei yrkesmesse-avis

Tysnes er ei av fleire aviser som har laga messeavis i samband med den årlege yrkesmessa i kommunen. Ta deg tid til sjå kva Tysnes har gjort. Her er det stoff som vil vera interessant for dei fleste unge.

Hva står det i NAF-boka om din kommune?

Bladet Tysnes har oppdaget at informasjon om Tysnes kommune i NAFs medlemshåndbok ikke har blitt oppdatert på 10 år. Hvem er ansvarlig for dette?

Kjøleskapsmagnet med to mål

Tysnes har gitt alle abonnentene sine en kjøleskapsmagnet med telefonnummer til redaksjonen på. Festet til magneten er det et skjema som abonnentene skal fylle ut mobilnummer og e-post på, og sende inn. – Tanken bak kjøleskapsmagneten er at dersom denne henger på alle kjøleskap på Tysnes, vil folk huske å tipse oss. Magneten kostet oss 5,60 pluss mva pr. stk, så det var ikke den store kostnaden. Samtidig nyttet vi sjansen til å få abonnentene til å sende inn mobilnummer og e-post. Tanken er at vi lett skal komme i kontakt med abonnentene våre. Magnet og skjema ble sendt ut samtidig med regning for neste år, og for å sikre svar tilbake, lokket vi med å trekke ut tre vinnere av pass til Tysnesfest 2010 blant de som svarer innen 20. januar, sier Morten Haaland i Tysnes.

Buplikt- kva meiner lokale parti?

Døme: Høgre sentralt meiner at buplikta må fjernast, men kva meiner Høgre lokalt? Dette har Tysnes laga sak på. – Denne saka vil bli følgt opp med intervju med jordbrukssjefen Så får me sjå om me skal få kommentarar frå andre, fortel redaktør Ole Skaten. Saka fekk raskt mange og lange kommentarar då ho vart lagt ut på tysnesbladet.no