LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord tv

Vil nå nye lesarar og annonsørar med nett-tv

Op og Fusaposten satsar sterkare på levande bilete. Dei publiserer no alla videoar på eigen tv-kanal på nett: tv.osogfusa.no.

Os og Fusaposten har også tidlegare hatt videosnuttar på nettsida si. Men som ei relativt ung nettavis med lokal konkurranse har dei sett behovet for å marknadsføra nettavisa. No håpar dei at tv-satsinga skal gje gode synergieffektar på både nett og papir.

– Me får eit meir heilstøypt konsept som vert lettare å marknadsføra. Det legg også press på oss sjølve om meir jamleg produksjon, og eg håpar at me klarer å få eit meir gjenkjenneleg videouttrykk. Dette må visa igjen både som auka annonseinntekter og fleire lesarar av osogfusa.no og papiravisa, meiner redaktør Jostein Halland.

Før dei lanserte tv.osogfusa.no besøkte dei lokale annonsørar og viste fram ein demo. Dei sel annonser i kategoriane sport, kultur og folk, og har lova å ha minst ein til to videoar i kvar kategori kvar veke.

– Neste steg må vera å samkøyra annonsepakkar på dei ulike flatene, seier Jostein Halland.

Avisa har engasjert Ole Reinert Berg-Olsen i ei prosjektstilling ut året. Han har erfaring med video og redigering, og skal læra opp dei tilsette til å klara jobben sjølv når året er omme.

Dei har også kjøpt inn to videokamera, mikrofonar, ei kraftig maskin til å redigera på og redigeringsprogrammet Final Cut.

– Me er veldig ferske og har masse å læra. Me prøver å blinka ut dei mest videovennlege sakene allereie på redaksjonsmøta, og snakkar om kva som trengst av ulike bilete for å klippa saman saka. Dette er ein heilt ny måte å tenkja på. Me synest det er veldig spennande, seier Jostein Halland.

Han synest det kan vera vanskeleg å føreseia kva videoar som får mange sjåarar. Av videoane dei har publisert hittil er det spesielt to som har vorte mykje delt og sett: Videoen om kakebakaren Solveig frå Fusa, og næringssaka om stålbedrifta Johs. Sælen & Sønn AS.

Valoppsummering på nett-tv

I går ettermiddag hadde Hallingdølen siste valsending for denne gong. Ei 45 minutt lang oppsummering av valet i Hallingdal og Nore og Uvdal som vart sendt på direkten. Sjå sendinga her.

Alt i alt produserte Hallingdølen åtte nett-TV-sendingar på 25-30 min i forkant av valet. Ei om kvar kommune samt fylkeskommunen. Vidare hadde dei direkte sending på valnatta på godt ein time. Og til sist ei oppsummeringssending dagen etter valet.

Alt vart gjort av eigne krefter i Hallingdølen. To av typografane hadde ansvar for sminke, den yngste og den eldste av journalistane var høvesvis programleiar og utspørjar. It-sjefen var lydansvarleg. Ein annan av grafikarane hadde ansvar for å køyre grafikken under sending. Adm.dir var «innpiskar» på valnatta. I tillegg har dei to tilsette som var knytt til nett-TV prosjektet, med ansvar for produksjonane.

– Sendingane har også gitt oss mykje interessant stoff til papirutgåva. Utsegn og saker me har kunna fylgje opp, seier redaktør Bjarne Tormodsgard, som fortel at det er krevjande å sende på direkten.

No er han stolt over at dei kom i mål med det ambisiøse prosjektet.

– Det har vore både lærerikt og krevjande. Kanskje litt over grensa på kva ei lita avis kan makte ved sida av å gje ut vanleg avis og haustmagasin på same tid. Lærdomen tek me med oss til neste val.

Sjå også denne saka om prosjektet til Hallingdølen.

Ny arena for lokalpolitikarane

Hallingdølen har gått i gang med valsendingar. Målet er å nå nye publikum, og auka interessa og valdeltakinga. Publikum seier dei likar å sjå lokalpolitikarane på tv, og politikarane synest det er kjekt å få ein ny arena.

- Dei lokale politikarane når ikkje opp på NRK og TV2, så dette er heilt nytt for dei, seier redaktør Bjarne Tormodsgard.

Hallingdølen er med i eit EU-prosjekt som har gjeve dei tilgang på avansert utstyr frå det spanske selskapet Brainstorm. Selskapet ynskjer å testa ut studioløysingar og grafikk for mindre aktørar. Hallingdølen har tre datastyrte kamera og virtuelt stydio. Men mykje av det Hallingdølen gjer, kan også gjerast med enklare utstyr. Ein treng ikkje meir enn ein mobiltelefon for å laga video-enquete eller intervju med ordførarkandidatar.

Hallingdølen tar det heile nokre steg vidare. Dei har direktesendingar frå eige tv-studio, med partiduell, valanalyse og intervju. Dei har eigne sendingar for kvar kommune og fylkestinget. Valnatta skal dei avslutta med valsending etter midnatt. Alle sendingane vert liggjande på nett så folk kan sjå dei i ettertid.

Hallingdølen har fått opplæring i det tekniske, men ikkje i det redaksjonelle. Bjarne Tormodsgard fortel at det er mykje nytt å tenkja på som journalist på direktesendt tv.

- Torunn Akersveen Lid har aldri før prøvd seg på tv. No er ho programleiar. Sjølv er eg plutseleg valkommentator på tv. Det er nybrottsarbeid for oss, og det er kjempemoro, seier Tormodsgard.

Same dag som dei har tv-sending, har Hallingdølen også valanalyse og fakta frå same kommune på papir, sjå vedlegg.

Lagar de tv?

Fleire aviser prøver seg no fram med eigne tv-sendingar frå lokale arrangement. Under årets Landskappleik i folkemusikk på Geilo sparka Hallingdølen i gang sitt web-tv-prosjekt. Dei hadde totalt fire sendingar på fire dagar, kvar på 30-40 minutt med fast sendestart klokka 12 og under vignetten Kappleiksdugurd. (Dugurd er det same som lunsj.)

- Ei slik satsing er sjølvsagt i meste laget for ei lita lokalavis, men me kom mål. Å sende direkte med innslag frå tre forskjellige stader i ei og same sending, er også teknisk sett svært krevjande. Litt rusk her og der, men alt i alt er eg godt fornøgd. Både med innhaldet og det tekniske. Dessutan har me hausta mykje nyttig lærdom, fortel Bjarne Tormodsgard.

Erlend Hagen er prosjektansvarleg for nett-tv i Hallingdølen. Han hadde med seg eit team på til saman 12 medarbeidarar under Landskappleiken. Hallingdølen samarbeidde med John Storhaug og Hallgrim Ødegård i Filmprodusentane. Storhaug fungerte som producer medan Ødegård var biletansvarleg og kameramann. Sigrun Høgetveit Berg leia sendingane frå studio i amfiet i Geilo sentrum.

Under sendingane var det gjester i studio som prata og spelte, mellom andre Arne Moslåtten og Odd Nordstoga. Det var også direkterapportar frå sentrum og arenaene, utekjøkken, og turistsjefen i Hol hadde faste innslag som vart kalla «tøk & tempu» der han testa ulike dansesteg.

Opptak av sendingane ligg ute på Hallingdølen sine nettsider.