LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord sommar

Tar folk ut av komfortsona i sommarstafetten

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

I Hordaland sin sommarstafett får folk stafettpinnen saman med ei utfordring, før dei kan gje stafettpinnen vidare med ei ny utfordring. Det resulterer i mange morosame oppslag. Relativt kjende folk frå lokalsamfunnet har fått prøva seg på alt frå stand up til opera.

Hittil har mellom anna fallskjermhopparen fått prøva seg på møkaspreiing i bratt terreng, medan rådmannen har blitt utfordra i fallskjermhopping. Rådmannen valde å utfordra redaktør Geir Geitle til å synga for dei tilsette på Tinghuset. Rådmannen og Voss kommune har vore i hardt vêr og i Hordaland sitt søkjeljos i den såkalla omdømmesaka. No måtte redaktøren fylgja rådmannen sine notar, og synga Ivar Aasens «Til lags åt alle kan ingen gjera».

Redaktøren utfordra i sin tur ein songpedagog som har hatt sterke meiningar om kva avisa vel å bruka spalteplass på. Ho fekk i oppgåve å dekka «Old boys»-fotballtrening for avisa.

Sjå også Hordaland si sommarspalte frå i fjor: Rollebyte. Året før fekk deltakarane duellera på felt dei var meir kjende med.

Sommersider til turistene

Hver onsdag i juli trykker Hardanger Folkeblad fire sommersider, med nyttig informasjon for turister. Mange av turistene i Odda kommer på grunn av Trolltunga. De som blar opp på sommersidene finner også kortfattet informasjon om andre aktiviteter og attraksjoner i området. Turistene kan finne avisene på campingplassene i området.

Hardanger Folkeblad har kjørt sommersidene hver onsdag i juli i flere år. Målet er å få inntekter fra annonsører på sidene.

– Dessverre får vi stadig færre annonsører med, sier markedssjef Rolf Alterskjær.

Annonsørene binder seg til å være med på alle sommersidene. I tillegg blir de med på en annonsekarusell på nett.

Sommarspalte: rollebyte

I sommar får vossingar prøve seg på yrke dei ikkje kan. Hordaland klarer å finna fellestrekk mellom ganske så ulike yrke, og utfordrar folk til å byta roller. Frisørsaks og grasklippar byter hender, og bakaren sin deig vert byta ut med møre skuldre. Campingkokken byter plass med hotellvertinna, og asfaltleggjaren får prøva å leggja andletsmaske.

Sommarspalta til Hordaland er krydra med quiz, ein attraksjon og badetemperaturar.

Sjå nokre av oppslaga i pdf-vedlegget.

Kva betyr vårvêret for bøndene?

Den kalde våren har gitt elendig beite for sauene på Undi, skriv Sogn Avis. Graset skulle vore frodig, men voksteren er så vidt i gang. Det gir kjempetrøbbel for sauebonden, som må ta i bruk slåttemark til beite og risikerer nedslakting av buskapen.

Korleis går det med bøndene i ditt område?

Duellar i sommarspaltene

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hordaland har nye duellar i kvar avis i sommar. To personar møtest til duell, og vert utfordra med spørsmål om kvarandre og om eit tema som dei bør kjenna til.

Noverande og tidlegare lensmann kappa om å fakka ein banditt. To forlova fallskjermhopparar bles ballongar om kapp. To konkurrerande frisørar fekk i oppgåve å styla kvarandre. To banksjefar sat på krakken og mjølka kuer om kapp. Ordførar og rådmann fekk ein pause frå oppgåva med å halda kommunebudsjettet i balanse, og forsøkte i staden å halda balansen på slak line. Bilbutikk-eigarar kappkøyrde med olabil. Damelaget sin kaptein og trenar møttest til fotballduell med ølbriller på.

På laurdag vert det sjølvsagt straffekonk mellom Tyskland og Argentina – representert ved ein sauerkraut-etande tyskar kledd opp til oktoberfest, og ei argentinsk kvinne i tangokjole og stilletthælar.

Det har ikkje vore vanskeleg å få folk til å stilla til duell. Dei fleste veit kva det handlar om når dei får spørsmål.

Sommervikar med pendlersjuka

Sommervikar Kristine Lindebø i SortlandsAvisa pendler Sortland-Lødingen hver dag i sommer. I den vedlagte sant å si-spalta deler hun noen av erfaringene sine med å være trøtt og utålmodig bak rattet.

Pendlersjuka som hun beskriver er nok noe mange kan kjenne seg igjen i. Og kanskje noen følger oppfordringen hennes om å slappe litt mer av og nyte bilturen i stedet for å stresse med uforsvarlige forbikjøringer.

Mange sommervikarer får nye erfaringer de neste ukene. Oppfordre dem til å kåsere rundt opplevelsene sine i en petit!

Lager skattejakt for leserne

Nye Troms har arrangert skattejakt i mange somre. De har god erfaring med konseptet, der de hver helg sommeren gjennom gjemmer en skatt i Bardu, Målselv eller Balsfjord. Torsdag og lørdag presenterer de en rebus på avisframsida. Svaret på rebusen er et hint om hvor skatten ligger gjemt.

- Konseptet er lett å organisere, og det engasjerer leserne på flere nivå. Noen løser rebus og er fornøyd med det, andre drar ut for å lete, mens atter andre igjen kan glede seg over å åpne tirsdagsavisa for å finne ut hvem som fant skatten sist helg, forteller redaktør Gjermund Nilssen.

Skatten er pakket inn i Nye Troms-papir, og inneholder en termos og to Flax-lodd. De tolv finnerne konkurrerer også om hovedpremien, en reise for to med Hurtigruten tur-retur Finnsnes-Kirkenes.

- Det er artig å avslutte jaktsesongen med å sende noen ut på tur, med påfølgende reportasje og ståhei som gjør at vi får profilert avisa på en positiv måte i nedslagsfeltet vårt, sier redaktøren.

Setter festivalene på kartet

SortlandsAvisa har plassert sommerens kulturbegivenheter på kartet. Fin oversikt over hva som skjer hvor de neste månedene. Alt fra VM for sterke menn til VG-lista har fått plass på kartet. Kulturkartet er plassert på midtsidene så det kan nappes ut og tas vare på.

Testa lokale tilbod

For å sjå breida i kva Vest-Telemark har å by på, sende Vest-Telemark blad to bladfykar rundt til alle kommunane for å sjå på tilbod og attraksjonar.

Bladfykane nøgde seg ikkje med å sjå på attraksjonane, dei testa dei også. Eller, fyrst og fremst var det vikaren Martin Årseth frå Vestlandet, med kallenamnet “Strilen”, som vart utfordra av den meir lokalkjende “Knøsen”, Geir Ufs.

Artig måte å visa at det finst flust av aktivitetar innan rekkevidde!

Utlandet før og no

I eit fint skråblikk i Grannar sitt sommarmagasin fortel journalist Grethe Hopland Ravn om kor kjipt ungane synest det er å berre reisa til Danmark på sommarferie. Ho mimrar attende til sin eigen fyrste utanlandstur, den gong combi-camp og svenske tiar-lappar var stor stas og fekk henne til å føle seg lukkeleg og rik. Kjekk lesning!

De kan sjå heile sommarmagasinet til Grannar her.

Sommarfoto

Då sommaren endeleg kom til Vestlandet, rydda Bømlo-nytt heile framsida si til eit skikkeleg sommarbilete. Foto: Håvard Hammarstrøm.
Gode sommarbilete eller andre saker? Del gjerne med resten av LLA