LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord skulenedlegging

Vil politikarane leggja ned nærskulen?

*Kva er best, liten eller stor skule? Og kor mange småskular har blitt lagt ned i kommunen opp gjennom historia?

Budsjettdiskusjonen er i gang for dei nye kommunestyra. Kan hende begynner dei å vurdere å leggje ned nokre bygdeskular. I Fusa var skulenedlegging eit heitt tema under valkampen. Nokre meiner at den vesle kommunen har altfor mange skular, andre fryktar at bygdene dør om skulane forsvinn.

Det viktigaste bør vere korleis borna har det på skulen. Kva seier forsking om små versus store skular? Ein har ingen garanti for at dei små skulane er gode. Men det er heller ingenting som tilseier at dei er dårlege, seier seier professor Rune Kvalsund til Os og Fusaposten:

- Dei små skulane er ofte veldig gode når dei er gode. På den andre sida kan det vera risikofylt å vera liten. Dårlege lærarar og samansettinga av elevar kan ha mykje å seia, seier Kvalsund.

Os og Fusaposten har også sett på utdanningsforskar John Hattie sin studie frå 2009 og professor i pedagogikk Thomas Nordahl sin studie frå 2007. Les heile saka her.

Når skular vert lagt ned, går gjerne foreldre saman om å få privatskule i bygda. Os og Fusaposten skreiv om privatskuleproblematikken i denne saka.

I 1950 var det 20 offentlege skular på Osterøy. 65 år etterpå var det berre 5 igjen. Bygdanytt fortel historia om skulane som forsvann.

Nokre spørsmål de kan stille:

- Korleis er skulane i forhold til kvarandre? I Grunnskolenes Informasjonssystem finn du statistikk om alt frå ressursar til fysisk aktivitet til åpningstider på SFO.

Her finn du resultata på dei nasjonale prøvene.

- Blir borna høyrt? Kva meiner dei?

- Legg kommunen vekt på kva som er det viktigste for borna, eller er det økonomien som styrer?

Barneombodet skriv: Det er grunn til å reise spørsmål om kommunar i saker om skulenedlegging feilaktig tar utgangspunkt i kva barn kan tåle av belastningar, i stadenfor å leggje avgjerande vekt på hva som er til det beste for barna, jf. barnekonvensjonen artikkel 3. Vi meiner det er i strid med barnekonvensjonen, opplæringslova og forvaltningslova.

Dersom prinsippet om det beste for barnet ikkje har blitt utgreidd, kan det vere snakk om ein saksbehandlingsfeil som kan føre til at vedtaket blir ugyldig.

- Korleis blir reisetida, og korleis er standarden og kvaliteten på det som kan bli den nye skulevegen?

- Kva skjer med bygda om skulen forsvinn? Ein studie av skulestrukturen i Lillehammer viste at skulen ikkje var avgjerande for om bygda består. Dei fleste nedlagde skulane blei brukt til sosiale arrangement som var med på å byggje opp under samholdet i bygda.

Godt språk av Kvinnheringen

Avisa Kvinnheringen skriv og skriv om skule om dagen. Denne framsida er frå 8. februar med den treffande overskrifta Skuleverk. Fint ord, som refererer til både skuleverket, og det faktum at skulestrukturdebattane gir både kommune og foreldre ein god porsjon verk. Alt i alt ei fin framside.

Ta deg ein skulebolle

“Denne avisa er så full av skulestoff at vi rår til ein skulebolle og dugeleg med kaffi. Les om ja til storskule og nei til storskule. Om ungdom som vil bli ingeniørar og om skuleelevar som er hekta på mobil. Eller du kan pløya deg gjennom fire sider med lesarinnlegg, hovudsakleg om skule."
Henta frå den framifrå framsida til avisa Kvinnheringen i dag.

Les mer…

Kunsten å løfte fram gode sitat

Hordaland greier det i denne saka om skulenedlegging, på trykk i går. Flott framside, der truleg det beste sitatet i heile saka er løfta opp på framsida, saman med eit like treffande fotografi. Skulenedlegging råkar borna, og borna er her hovudpersonane.

Les mer…