LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord selvmord

Avdekte ordføraren si rolleblanding

Vest-Telemark blad gjorde ein grundig jobb då dei i fjor haust avdekte korleis ordføraren i Fyresdal hadde blanda rollene som ordførar og alternativ behandlar. Han hadde gått direkte til tilsette med instruksjonar, gitt råd om å behandle kreftsår med bakepulver og tatt imot pasientar til behandling på ordførarkontoret. Saka starta med at kommunestyret kritiserte ordføraren for å ha utsett tilsette i kommunen for «utilbørleg press og framferd». Dette fekk VTB til å søke om innsyn i saksdokumenta og skrive saka Derfor fekk ordføraren refs.

Journalist Randi Berdal Hagen fekk saman med kollegaene Martin Årseth og Geir Ufs Telemark journalistlag sin journalistpris for saka. «Reportasjen fører ei brei kjeldeskildring som får fram ulike aspekt ved saka på nært og samstundes sakleg vis», skreiv juryen i grunngjevinga.

Randi Berdal Hagen fekk også heiderleg omtale for den fine reportasjen «Anne Grete Larsen – Eit friminutt frå sorga», som handlar om korleis Anne Grete Larsen bearbeida sorga med å gå turar. Larsen omtalar pilegrimsvandringa for etterlatne etter sjølvmord som «eit friminutt frå sorga». Saka sto på trykk før pilegrimsvandinga for etterlatne etter sjølvmord.

Juryen meiner: «Bidraget er innfølande utan å bli sentimentalt, og perspektivet blir utvida og nyansert ved at journalisten tek ein person til med i intervjuet, prostidiakon Eilev Erikstein.»