LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord reportasje

Følgde asylbarn i tre månader

Torunn Akersveen Lied i Hallingdølen vann LLAs journalistpris for den sterke reportasjeserien om 12 år gamle Paywand Dashtnewerd som levde seks år på asylvent.

Torunn Akersveen Lied følgde Paywand og familien hennar i meir enn 60 timar i løpet av tre månader.

Torunn brukte ein litterær stil. Ho har sett og høyrt det som blir sagt og gjort i reportasjen. Enkelte scener er rekonstruert ved hjelp av samtale med dei involverte og fotografi. Der ho fortel om ein person sine tankar og kjensler, er kjelda alltid den aktuelle personen.

Torunn var med familien til Oslo då dei hadde intervju med Utlendingsnemnda. Ho hadde avtalt med familien at kontakten deira i Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS) skulle ringje henne før han ringde familien med beskjeden om avslag eller opphald. Beskjeden kom allereie på toget heim frå Oslo. Torunn var tilstades og fekk fotografert familien i den avgjerande augneblinken.

Fotografane Patricia Kühfuss og Aleksander Andersen var også med i arbeidet.

Les heile reportasjen i pdf-vedlegget. I den vedlagte metoderapporten kan du lesa meir om korleis journalisten jobba med saka.

Fem prisvinnande reportasjar

Bildeserie med 22 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen tok heile fem prisar i avisdesign-konkurransen til Society for News Design Scandinavia (SNDS). Saman med VG var dei mestvinnande norske avis i årets konkurranse.

Hallingdølen sine prisar:

  • Featuresaka «Kongar for fall», medalje.
  • Lokalsidene «Heilag torsdag», heiderleg omtale.
  • Reportasjeserien «Mikkels overmann» og «Råsterk 50-åring», heiderleg omtale.
  • Featuresaka «Siste reis», heiderleg omtale for visuell kommunikasjon.
  • Magasinsaka «Velstående enke søker bemidlet mann for mulig ekteskap. Come prepared to stay forever.», heiderleg omtale.

Hallingdølen er ei lokalavis til inspirasjon på mange måtar. Bla gjennom vinnarsidene øvst i saka, og hent inspirasjon til både reportasjeidear, tema, layout og foto.

Følgde korps for bakenfor-reportasje

Randi Kleppe i Bladet Tysnes følgde Tysnes musikklag ein kveld under NM i brass, eit årleg høgdepunkt for korps frå heile landet.

Vanlegvis får Bladet Tysnes tilsendt bilete etter slike tilstellingar, og ringjer rundt etter kommentarar i ettertid. For å få ein annleis reportasje når ho først var til stades, valde Randi å følgja med på alt som gjekk føre seg både før, under og etter konkurransen. Då vart det også mykje meir spanande å skriva saka, fortel ho.

– Eg synest det er utruleg kjekt med slike reportasjar, og skulle gjerne laga endå fleire og meir omfattande reportasjar, men finn ikkje alltid tid til det i den vesle redaksjonen vår.

Fotoreportasje: Herlig danseglede

Mannfolkene som liker å danse klager ikke, men kvinnene må helst være litt kreative om de skal få danset nok i løpet av kvelden. Når Arna og Langedalen pensjonistforening holder dansekveld, er det nemlig stort flertall av kvinner på parketten. Elise Årdal i Bygdanytt ble med en kveld, og fikk se at kvinnene har det like moro selv om de må ta føringen. Og noen menn er det da også på dansegulvet, som kan være et fint sjekkested uansett alder.

Kjønnsubalanse er ikke uvanlig på slike dansekvelder. Seniorgrupper fra Sortland i nord til Porsgrunn i sør etterlyser flere menn i rekkene. En fin mulighet til fotoreportasje!

Fine fotohøve på babysong

I dette koret kan ingen av hovudpersonane syngja, og smaken på instrumenta er gjerne like viktig som lyden. Elise Årdal i Bygdanytt har vore på babysong for born under eitt år.

Flotte bilete viser at journalisten har fått innpass hjå dei minste, som er meir opptekne av kvarandre og instrumenta enn av kameraet. Biletet av babyane i ring tok ho frå golvet, under ein lek der mor og barn gjekk nærare og nærare kvarandre.

"Jernbaneverket informerer"-annonse blei reportasje

“Jernbaneverket informerer. Støyende arbeider på Dovrebanen”, sto det å lese i ein annonse. Kva gjer jernbaneverket eigentleg når det er støyende arbeider? Guro Vollen i Vigga ville undersøke dette, og var med grytidlig ein morgon når jernbaneverket skifta pukk på Dovrebana.

Der fekk ho svaret: Det støyande arbeidet skal resultera i ei meir komfortabel bane med mindre fare for telehiv og solslyng. Ho fekk også ein flott reportasje og interessant video ut av den tidlege økta på jernbanen.

Ei sak basert på ei a-ha-oppleving

Dette er ei historie om eit gamalt slitt bedehus tett på E39. Om engasjement og gleda av å gjere andre glade. Om å lage julekaker, pynte pepparkakehus og ikkje minst om å smake. Det er ei sak basert på ei a-ha-oppleving.” Det vanka skryt og blomar på redaktør Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad etter at reportasjen hans om bedehuset stod på trykk før jul. Ta deg tid til å lese heile saka.

– Eg vil så gjerne ha ljos i bedehuset, seier Astrid Ødegaard. Denne eine kvelden i året er det bakekveld for born (foto: Alf-Einar Kvalavåg).

Dette er ei historie frå sist fredag. Dagen då stormen gav seg og trailerar atter dundra forbi oss på lang-lang rekkje frå Bokn til Aksdal. Berre eit par meter frå hovudvegen ligg litle Hetland Bedehus. Me har aldri vore der før, men kjenner oss att med ein gong me kjem innanfor døra. Lukta av kaffi og grønsåpe. Lukta av basar og vekkelsemøter. Det er nesten så me høyrer songen frå søndagskuleungar som har gått her i både storm og sol. I salen går det i grøn tapet, gamle tynne huntonittplater og bilete frå den gongen då. På veggen heng der ein stor trekross.
Det er dekka på to langbord. Dekka med pepparkakehus, nonstop og bamsemums. Stolane har sett sine betre dagar, men det gjer ikkje noko. Alt ein ser rundt seg passar i hop.
– Kjekt
Så skjer det. Inn døra ramlar det ungar i alle aldrar. Smilande og spente. Dei har vore her før. Dei kjenner att Astri Ødegaard som smilande ønskjer velkommen. Smila blir endå større når dei ser at alt ligg klart. Posane med snop bular der dei ligg og nærast ber om å bli hengt opp på pepparkyrkjeveggen eller på taket på småhusa.
– Dette er kjekt, og me vil ikkje gå glipp av det for alt i verda. Her har me gått på søndagsskulen, på basarar og sjølvsagt på bakinga. Det blir ikkje skikkeleg jul utan, smiler Charuwan Sangsungoen og Heidi Simonsen Bjordal.
Dei er dei eldste ungdommane som er der. Mellom dei står eit pepparkakehus som dei skal dekorere. Tuber med sukkerlake og ein solid mengde snop skal forandre kjedelege brune veggar og tak til ei gedigen sukkerbombe.

(foto: Alf-Einar Kvalavåg)

Nonstop
Rett ved sida av dei to smilande jentene sit to kameratar med målretta blikk. Ikkje mange minuttar etter at dei kom inn frå vinterkulda er dei i gang.
– Heile taket skal dekkast med nonstop. Det blir stilig. Så skal me ha figurar i marsipan på framsida og ein bamsemums i tårnet. Me trur dette kjem til å bli veldig bra, men det er litt vanskeleg å ikkje ete av lasset. Det er jo så godt, seier Emil Milje og Henrik Hellesøy.
– Korleis fekk dykk vite om dette då?
– Huskar ikkje heilt, men me har høyrt om det før. Får ikkje byggje slike hus heime på kjøkkenet, så dette er heilt perfekt, meiner dei to karane og står på vidare med det detaljerte husprosjektet.

Astrid Ødegaard har skipa til bakekveld i Hetland bedehus sidan 1997 (foto: Alf-Einar Kvalavåg)

Smil
Så står ho der midt i mellom dei og smiler, skryt og motiverer til vidare arbeid. Astri, heilt tydeleg hjernen bak bakinga på bedehuset. Saman med eit knippe pensjonistar har ho invitert og gjort klart til bakekveld, slik ho har gjort sidan ho fekk ideen i 1997. Og sjølv om ho «ser» alle og smiler og ler, er det slett ikkje berre latter å drifte eit gamalt bedehus.
– Nei, dette, samt eit par basarar er alt som er att av aktivitetar her. Det er fryktelig trist, men sånn er det berre. I dag er det så mykje aktivitetar og tilbod å konkurrere mot at me tel på knappane kvart år. Men eg vil så gjerne ha lys i vindauga her, skape litt liv og gi ungar og vaksne ein stad å kunne møtast også her i denne delen av kommunen. Men huset frå 1955 er gamalt og slitt. Så sjølv om me har toalett og innlagt vatn, ser me at fasilitetane ikkje er slik dei bør vere. Dette er ei arv me har frå besteforeldra våre, så me gir oss ikkje heilt endå, seier Ødegaard og hastar vidare.
Eldsjeler
Så står me der med vår notatblokk og vårt kamera og ristar på hovudet. Kor heldige er me ikkje som har slike eldsjeler blant oss. Som så til dei grader inkluderer alle som kjem. Som sender ein kar på dør med nye brett med kakemenn som han må heim for å steike. Som har invitert Geir Tangen til å komme for å synge og halde ein kort andakt litt seinare på kvelden. Som har invitert dei føresette til basar når ungane er ferdige med å bake og som håper basaren gir eit par kroner i kassen til dekning av straum og kommunale avgifter. Gamaldags og traust, ja, men du verda for ei kulturarv Astri og hennar hjelparar tar vare på. For igjen blir me ståande å sjå rundt oss. På dei smilande ungane, dei stolte pensjonistane og det gamle inventaret. Alt er perfekt, alt heng saman. Talarstolen midt i rommet vekker minner frå den gongen då, når bedehus var hjarte i bygda. Kor ein møttest til møter, basarar og juletrefest. Kor ein hadde minnemøte når nokon var døde.
Om få år vil nok lysa slukkast og bygget bli lagt ut for sal. Det kan bli vanskeleg på fleire måtar. Så tett opp til hovudvegen er det tvilsamt at lysa nokon gong tennast på nytt. Så me får håpe at basarane til Astri gir så mykje i inntekt at det framleis vil vere liv laga for kakebakekvelden.
Me veit kva me har, men slett ikkje alltid kva me får.

Tekst og foto: Alf-Einar Kvalavåg.

Observatører på S-laget

VIGGA var med på quiz-kveld på ein lokalt spisestad. – Dette er ein aktivitet som har blitt svært populær her, difor ville vi vere med ein kveld, fortell redaktør Maria Kampesæter Kleiven. Fin sak!

Laksens reise ut i verden

“Laksen slaktes, fileteres, pakkes og sendes umiddelbart med trailer mot øst. Fra fisken blir avlivet og sløyd skal det bare ta 36 timer før kunden kan få kjøpt den i Tokyo.”
Aftenposten skrev torsdag om laksens reise fra Lerøy Aurora på Skjervøy til japanske sushirestuaranter i Tokyo. Er det lokale lakseoppdrett i ditt dekningsområde? Følg laksens reise ut i verden.

(foto: colourbox.com)

Les mer…

Ti sider med tatoverte Kvinnheringar

Tatoveringar er ei «ekstrem» form for kroppskunst som dei fleste ber på heile livet – dei kan ikkje fjernast utan vidare. Kvifor er det då så mange av oss som tar steget og lèt oss merka for livet? Over ni sider i dagens avis kan du sjå bilde av tatoverte kvinnheringar og lesa kvifor dei har valt å bruka huda si som lerret. Dette skriv Kvinnheringen på framsida si fredag 22. november. Avisa har intervjua fem personar i ulike aldrar som har valt å la seg merka for livet. Ingen av dei angra, og fleire av dei brukar ordet “hekta”. Ein innovativ og modig reportasje.


“I følgje Tatoveringsguiden.com har arkeologar funne mumiar frå 200 f.Kr. med tatoveringar. Vidare meiner ein at japanske tatoveringar har eksistert i fleire tusenvis av år. I dag har mange av oss tatoveringar på kroppen. «Kroppsdekorering speglar vår tid – fri, mangfaldig og under stadig endring. Tatovering er ikkje lenger (berre) sjøfolk, punk og opprør – det er (også) mote, estetikk og kunst. Som legar må vi læra oss å betrakta tatoveringar som meir enn risiko – åtferd og sosial stigmatisering”, skriv Petter Gjersvik, redaktør i Tidsskrift for Den norske legeforening, i artikkelen «Med kroppen som lerret»".
Det er journalist Mona Grønningen som fekk ideen til denne saka.
– Eg har jobba med reportasjen over fleire månader, innimellom dei daglege nyhendesakene, og det var godt å endeleg få han på trykk. Vi fekk ganske god respons då vi jakta på tatoverte kvinnheringar, og vi kunne heilt sikkert hatt med mange fleire, men måtte til slutt setja ein strek. Målet var ikkje å visa klisjeen; kontrastfylte svart/kvitt-bilete i røff layout som folk har sett før, men heller å få det ned på lokalavisnivå: Tatoveringar er blitt ganske så folkeleg, seier Grønningen.

Avisa bad kvinnheringar senda inn bilde av sine tatoveringar. Dette er berre ein brøkdel av dei mange motiva og variantane som finst på huda til personar frå og i kommunen:

Kreditering:
Idé: Mona Grønningen.
Tekst og foto: Mona Grønningen.
Framsidefoto: Jonn Karl Sætre.
Layout: Vidar Håland.

Postrute fem med Elke

“Innan 2015 må alle kommunar i Noreg ha gate- og nummeradresser til kvar husstand. På Osterøy kan debatten bli heit. For kva skal lange og korte vegstubbar eigentleg heita? Og treng vi å namngje kvar einaste krik og krok på øya?”
Bygdanytt har vore med postdame Elke Hole på jobb. Godt skrive om eit aktuelt tema. Les saka her

foto: Elise Årdal, Bygdanytt

Stilleste gutt på Hinnøy Sør

“Elgjakt er spenning, men også mye venting. Og en test av tålmodighet. Og så litt mer venting”.
Flott jaktsak fra Våganavisa.

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene
Les mer…

Kjærleiks-hospitalet

Voss sjukehus er 50 år i år, og med det som bakgrunn har me snakka med dei som er tett på livet, sjukdommen og døden. Me har vore to dagar på Voss sjukehus og fått eit innblikk i liva til dei tilsette, pasientane og dei pårørande. Fokuset er ikkje på sensasjonane eller mirakla, men på den kvardagen som møter ein her. Sjukehus er politikk, sjukehus er store kontrastar, sjukehus er arbeid, sjukehus er smerte, sjukehus er glede, sjukehus er sorg og sjukehus er kjærleik. Dette er vårt sjukehus, og dette er nokre av historiene som definerer oss som lokalsamfunn. Les heile kommentaren og saka til avisa Hordaland.

Bildeserie med 9 bilder — bla ved å trykke på pilene

I all tid har folk vore opptekne av liv, død og sjukdom. Det er så eksistensielt at ingen kjem utanom det, og på den måten diskriminerer korkje livet eller døden nokon. Men det er skilnader på korleis liv er levd og det er skilnader på korleis døden kjem inn i livet. Livet kan vera langt og rikt, og livet kan vera så altfor, altfor kort. Døden kan vera naturleg – livets gang, men han kan også vera noko som riv vekk dei kjæraste me har så altfor raskt, og det kan kjennast urettvist og uforståeleg. Mellom starten og slutten på eit menneskeliv kjem det som vert rutinar, men også dei små augneblinkane som vert foreviga i minna våre. Menneske me møter som er med på å utvikla oss, menneske me møter som me går livet saman med, og menneske me møter som set djupe spor i oss. Innimellom dette kjem også sjukdommen. Men kva vil det seia å vera sjuk? For dei fleste av oss er sjukdommen noko me møter ein gong i mellom, noko me kjem oss heilskinna gjennom. For andre kan sjukdom vera ein definerande del av livet, noko som overskyggjer alt anna. Voss sjukehus er 50 år i år, og med det som bakgrunn har me snakka med dei som er tett på livet, sjukdommen og døden. Me har vore to dagar på Voss sjukehus og fått eit innblikk i liva til dei tilsette, pasientane og dei pårørande. Fokuset er ikkje på sensasjonane eller mirakla, men på den kvardagen som møter ein her.
Sjukehus er politikk, sjukehus er store kontrastar, sjukehus er arbeid, sjukehus er smerte, sjukehus er glede, sjukehus er sorg og sjukehus er kjærleik. Dette er vårt sjukehus, og dette er nokre av historiene som definerer oss som lokalsamfunn.
Klokka er åtte om morgonen.
Det er ein grå onsdag. Lett regn.
Det blir danna små dammar ute.
Det er halvfullt med bilar på parkeringsplassen.
Inne er det stille.
Ein kan høyra ein radio i det fjerne.
Klokka som tikkar.

På Voss sjukehus:
Lisa Maria Breistein Sølvberg | tekst
Vidar Herre | foto

På trykk i Hordaland laurdag 24. august 2013

Reportasjen gav avisa to prisar i aviskonkurransen Europen Newspaper Award, den eine prisen er for seksjonsframsida og den andre for reportasjen i sin heilskap i kategorien konsept/innovasjon (nyskaping)

Ukas bilde: Reportasjefoto fra Hammerfestingen

Ukas bilde i LLA er hentet fra Hammerfestingen den 20. august. Dette bildet er utnyttet maksimalt i oppslaget. Resultatet er en flott reportasje over seks sider. Tekst, foto, layout av journalist Vegar Herstrøm.

Se oppslaget

Send en journalist ut på kafé

Hele Sortland går på kafé. Det gjorde SortlandsAvisa også. For å høre og se på alle de andre. Glimrende bildelegging på saken, og fin layout. En god reportasje fra folks hverdag. Tekst og foto: Kristine Lindebø.

Les mer…

Verdt å studere igjen

Reportasjen «Fryktar for livet» har vært omtalt i idébanken tidligere, men vi velger å løfte den fram på nytt etter at Sunnhordland fikk to priser og en hederlig omtale for denne reportasjen under LLAs landsmøte i Svolvær. Reportasjen sørget for at Sunnhordland stakk av med både fotopris, pris for årets avisside (stemt fram av publikum) og hederlig omtale i kategorien årets lokalavisjournalist.

Reportasjen skildrer livet til en familie fra Tsjetsjenia, som bor på Heiane asylmottak. Reportasjen gir godt innblikk i hvordan livet kan arte seg på asylmottak. Journalisten møtte familien flere ganger for å få tilliten som var nødvendig for å lage en slik reportasje.

Journalist: Anita Haugland
Fotograf: Per Egil Larsen

Snusar opp død og elende

Harry Hole og Sherlock Holmes kan berre gå å legge seg.

Guro i Vigga har vore på kadaverhundkurs og møtt ein tøff hund. Spennande reportasjeidé!

Bandet mellom jente og ponni

Dei fleste som har ein hobby, har mykje å fortelja. Hesteelskarar er ikkje noko unntak. Kvinnheringen har intervjua hestejenta Miriam, som har deltatt i tre NM og reist rundt på både lokale og internasjonale stemne med ponnien Silver. Men det er ikkje merittane denne historia handlar om. Dette er historia om kor sterkt bandet mellom jente og ponni kan vere. Liknande historier kan truleg forteljast av mange hestejenter.

Følgde handballstjerna ein heil dag

Inge Aas Eriksen (18) veit at han er god. Ikkje rart at veslesystra Nora (12) tykkjer han lever som ein konge.

Ingressen vitnar om at journalist Joar Hystad og Sunnhordland har kome tett på handballspelaren Inge Aas Eriksen. Det har dei klart ved å følgje han gjennom ein heil dag, frå frukost til etter sengetid. I staden for å fortelje oss at handballspelaren har hektiske kvardagar der treninga har høg prioritet, kan dei gjennom ein slik reportasje vise oss det.

Fotoreportasje frå skraphaugen

Skraphaugen kan vere ei skattkiste for ein fotograf. Pensjonist, hobbyfotograf og frilansar i Sunnhordland Olav Bjørkum har vandra på skraphaugane og funne motiv ingen andre bryr seg om.

Det er ting, ting, ting, forvridde til det uattkjennelege. Og likevel er det eit slags liv, for alt har vore knytt til menneske, alt har vore nytt ein gong.

Bileta er presenterte i ein flott fotoreportasje, akkompagnert av fakta om dei enorme mengdene avfall nordmenn og sunnhordlendingar kvittar seg med.

Museumsdepot: Eg stod lenge og såg på dette. Det var noko kjent. Aha! Såg eg ikkje noko liknande på Museet for samtidskunst i Oslo i fjor? Ein skrikande protest mot vår opprivne tid, ei tid som mange stader i verda er farga av blod. Når magasinet på museet er fullt, er Eldøyane siste kvilestad for mangt ei kunstverk.

Korleis har kvinnene det på jakt?

Fjuken har vore med eit jaktlag på elgjakt og laga ein stemningsfull reportasje. Journalist Hans Erik Kjosbakken valde å sitja på elgpost med Hanne Elisabeth Bakken, og etter nokre timer med kviskring enda han opp med ein reportasje om korleis det er å vera einaste jente i jaktlaget. – Ein lyt ha tjukke øyro, og ikkje irritere seg, er konklusjonen til jegeren, som også røper at ho må stappe posesnus i øyro for å sove gjennom snorkinga om nettene.

Det er forøvrig ikkje berre, berre å vera journalist i skogen. – Førre gongen eg var med på elgjakt møtte eg bjørn. Det mest dramatiske denne gongen var myggen, fortel Hans Erik Kjolsbakken.

Bli kjent med Anders og Oda

Journalist Aasmund Taarn Sande i Kvinnheringen har intervjua to fyrsteklassingar om korleis det er å gå frå å vera eldst i barnehagen til å vera yngst på skulen. Den gode dialogen og den treffande skildringa av borna gjev kjensla av å vera til stades på skulen under samtala mellom journalisten og dei to elevane. Kjekk lesing på ein fredag ettermiddag!

Dugnadshugnad

I nabolaget, på kyrkjegarden og på idrettsplassen: Dølen har tatt pulsen på dugnadsånda i Midtdalen.

Les mer…

Nytt sted - Nye liv

“Kommunen er full av mennesker som jobber med helt andre ting enn det de utdannet seg til i hjemlandet.
– Selvfølgelig kunne jeg tenke meg å gjøre noe mer relevant, sier sivilingeniør Semere Mehari (37) som til daglig jobber som fiskeslakter.
"
Les reportasjeserien “Tilbake til start” av journalist Atle Nielsen i Vesteraalens Avis.

Les mer…

"Han kom. Han såg. Han godkjende. Han forsvann."

Tittelen er henta frå avisa Tysnes. Saka handlar om fylkesmann i Bergen, Lars Sponheim som vitja Tysnes i samband med godkjenning av ny kommuneplan. Saka er svært godt skrive. Eit godt døme på at politiske saker aldri treng å vera kjedelege på trykk: “Tonen er hjarteleg, men reservert. Høghælte sko, smarte drakter og mørke dressar møter på kommunetilsette i allversjakkar.”

(Foto og tekst: Kjartan T. Melheim)

Tid for loppemarked - tips til reportasjer

Hver vår og høst er det tid for loppemarked for veldig mange korps og lag/organisasjoner. I disse dager går startskuddet for både loppehenting, og loppemarked. Her kommer noen tips til reportasje rundt dette.

Les mer…

Båtkarane si bule

“– Han Oddvar og eg er her kvar dag, anna enn når vi er dødssjuke eller i begravelse". Journalist Carina Giskegjerde i Øy-Blikk tok ein tur innom båtkarane si bule.

Les mer…

Ensomme Sverige - SvDs artikkelserie

I en rekke artikler har Svenska Dagbladet skrevet om ulike former for ensomhet i Sverige. Dette er et tema mange lokalaviser kunne belyst. Se hvordan SvD gjorde det.

Les mer…

Arkitekturreportasje: Gulating lagmannsrett

Sjekk ut Åsa Nord i Os og Fusaposten sin reportasje om bygget som husar Gulating lagmannsrett. Flotte bilete god tekst.

Les mer…

Ønskeliste 2011: Esel og pengemaskin?

“Umulige juleønsker? Nei, da. Du finner det meste i nærmiljøet.” skriver avisa Dølen. Avisa søkte på nettportalen Finn.no for se hva som var til salgs av spesielle varer i lokalmiljøet i midtdalskommunene. De oppsøkte også bruktbutikker for å finne alternative julegaver. God og morsom sak, godt tips. Å søke på finn.no er også godt stoff til tema “hus og hjem” el. “bil og motor”. Hva vil folk i nærområdet kjøpe/selge?

Les mer…