LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord påskekrim

Mord i lokalavisa

Saman med Strandbuen sin flinke grafikar, Ona Søyland, har eg i fleire år laga påskekrim i påskeavisa. Eg skriv krimmen, og så illustrerer og teiknar ho.
Krimmen tar utgangspunkt i aktuelle lokale hendingar og personar, og skapar engasjement, latter og diskusjon i lokalmiljøet. Dette året var den pågåande kommunestrukturprosessen naturleg å gripa fatt i.
For journalisten sin eigen del er det veldig kjekt å få dikta sjølv kva som skal stå på trykk, i staden for å refera kva andre seier. Om ikkje plotta er så intrikate og løysinga så innvikla, så gler folk seg over den lokale vinklinga og at ein dei kjenner eller kanskje dei sjølve er med i historia.
Eg plar å åtvara mordofferet på førehand, så dei slepp å få ei for stor overrasking når krimmen kjem på trykk.

Påskekrim

Ein hjort er funnen død, midt på Selbjørnbru. Ved nærare ettersyn viser det seg å vera to hjortar, delt over buken og sett saman til éin. Eine halvparten er heilt fersk, medan andre har vore frosen …

Austevoll – ein øykommune med spreidde husstandar og sterke personlegdomar. I år har me samla fleire av dei, mellom anna den munnkjappe stortingsrepresentant Njåstad, europameisteren i kokkekunst og den rosa-lugga, britiske bruktbutikk-dama i ein og same påskekrim; Bruo.

Inviter lesarane til å skriva påskekrim

I samband med at avisa Grannar er 40 år blir lesarane inviterte til å skriva påskekrimmen som alle i Grannar-distriktet skal kosa seg med i påsken 2013. Påskekrimmen er eit samarbeid med ein lokal sparebank. I skrivereglane står det mellom anna at både avisa og sparebanken må vera ein del av historien.

Les mer…