LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord osogfusaposten

Vil nå nye lesarar og annonsørar med nett-tv

Op og Fusaposten satsar sterkare på levande bilete. Dei publiserer no alla videoar på eigen tv-kanal på nett: tv.osogfusa.no.

Os og Fusaposten har også tidlegare hatt videosnuttar på nettsida si. Men som ei relativt ung nettavis med lokal konkurranse har dei sett behovet for å marknadsføra nettavisa. No håpar dei at tv-satsinga skal gje gode synergieffektar på både nett og papir.

– Me får eit meir heilstøypt konsept som vert lettare å marknadsføra. Det legg også press på oss sjølve om meir jamleg produksjon, og eg håpar at me klarer å få eit meir gjenkjenneleg videouttrykk. Dette må visa igjen både som auka annonseinntekter og fleire lesarar av osogfusa.no og papiravisa, meiner redaktør Jostein Halland.

Før dei lanserte tv.osogfusa.no besøkte dei lokale annonsørar og viste fram ein demo. Dei sel annonser i kategoriane sport, kultur og folk, og har lova å ha minst ein til to videoar i kvar kategori kvar veke.

– Neste steg må vera å samkøyra annonsepakkar på dei ulike flatene, seier Jostein Halland.

Avisa har engasjert Ole Reinert Berg-Olsen i ei prosjektstilling ut året. Han har erfaring med video og redigering, og skal læra opp dei tilsette til å klara jobben sjølv når året er omme.

Dei har også kjøpt inn to videokamera, mikrofonar, ei kraftig maskin til å redigera på og redigeringsprogrammet Final Cut.

– Me er veldig ferske og har masse å læra. Me prøver å blinka ut dei mest videovennlege sakene allereie på redaksjonsmøta, og snakkar om kva som trengst av ulike bilete for å klippa saman saka. Dette er ein heilt ny måte å tenkja på. Me synest det er veldig spennande, seier Jostein Halland.

Han synest det kan vera vanskeleg å føreseia kva videoar som får mange sjåarar. Av videoane dei har publisert hittil er det spesielt to som har vorte mykje delt og sett: Videoen om kakebakaren Solveig frå Fusa, og næringssaka om stålbedrifta Johs. Sælen & Sønn AS.

Vil politikarane leggja ned nærskulen?

*Kva er best, liten eller stor skule? Og kor mange småskular har blitt lagt ned i kommunen opp gjennom historia?

Budsjettdiskusjonen er i gang for dei nye kommunestyra. Kan hende begynner dei å vurdere å leggje ned nokre bygdeskular. I Fusa var skulenedlegging eit heitt tema under valkampen. Nokre meiner at den vesle kommunen har altfor mange skular, andre fryktar at bygdene dør om skulane forsvinn.

Det viktigaste bør vere korleis borna har det på skulen. Kva seier forsking om små versus store skular? Ein har ingen garanti for at dei små skulane er gode. Men det er heller ingenting som tilseier at dei er dårlege, seier seier professor Rune Kvalsund til Os og Fusaposten:

- Dei små skulane er ofte veldig gode når dei er gode. På den andre sida kan det vera risikofylt å vera liten. Dårlege lærarar og samansettinga av elevar kan ha mykje å seia, seier Kvalsund.

Os og Fusaposten har også sett på utdanningsforskar John Hattie sin studie frå 2009 og professor i pedagogikk Thomas Nordahl sin studie frå 2007. Les heile saka her.

Når skular vert lagt ned, går gjerne foreldre saman om å få privatskule i bygda. Os og Fusaposten skreiv om privatskuleproblematikken i denne saka.

I 1950 var det 20 offentlege skular på Osterøy. 65 år etterpå var det berre 5 igjen. Bygdanytt fortel historia om skulane som forsvann.

Nokre spørsmål de kan stille:

- Korleis er skulane i forhold til kvarandre? I Grunnskolenes Informasjonssystem finn du statistikk om alt frå ressursar til fysisk aktivitet til åpningstider på SFO.

Her finn du resultata på dei nasjonale prøvene.

- Blir borna høyrt? Kva meiner dei?

- Legg kommunen vekt på kva som er det viktigste for borna, eller er det økonomien som styrer?

Barneombodet skriv: Det er grunn til å reise spørsmål om kommunar i saker om skulenedlegging feilaktig tar utgangspunkt i kva barn kan tåle av belastningar, i stadenfor å leggje avgjerande vekt på hva som er til det beste for barna, jf. barnekonvensjonen artikkel 3. Vi meiner det er i strid med barnekonvensjonen, opplæringslova og forvaltningslova.

Dersom prinsippet om det beste for barnet ikkje har blitt utgreidd, kan det vere snakk om ein saksbehandlingsfeil som kan føre til at vedtaket blir ugyldig.

- Korleis blir reisetida, og korleis er standarden og kvaliteten på det som kan bli den nye skulevegen?

- Kva skjer med bygda om skulen forsvinn? Ein studie av skulestrukturen i Lillehammer viste at skulen ikkje var avgjerande for om bygda består. Dei fleste nedlagde skulane blei brukt til sosiale arrangement som var med på å byggje opp under samholdet i bygda.

Små legat forsvinn

Os og Fusaposten skriv om Yngve Køhler Rausteins minnefond som skal avviklast. Årsaka er at det er for dyrt å driva det vesle fondet.

- Når kapitalen vert borte i rekneskaps- og revisorhonorar og avgifter, er det ikkje noko poeng i å driva vidare, seier styreleiaren for fondet til Os- og Fusaposten.

Før 2005 var ikkje stiftingar med ein kapital på under 500.000 kroner rekneskaps- og revisorpliktige. Seniorrådgjevar Øystein Fosstvedt i Stiftelsestilsynet fortel til Os- og Fusaposten at dei får mange misnøgde telefonar om liknande saker. Sidan 2005 er minst 3000 mindre legat lagt ned.

legathandboken.no kan du søke blant over 2000 eksisterende legat.

Er lærerne kvalifiserte?

Sortlandsavisa skriver at kommunen sliter med å finne kvalifiserte lærere til ledige stillinger. Kommunen har fem ufaglærte lærerstillinger i dag. Samtidig har journalist Silje Helene Nilsen intervjuet lærere som sier at de gleder seg til å gå på jobb hver eneste dag – selv om de er skeptiske til endringene som skjer med yrket.

Anne Marie Aarøen Vangsnes i Os og Fusaposten har på sin side funnet fram til en lærer med doktorgrad.

Finnes det ukvalifiserte eller uvanlig høyt kvalifiserte lærerer i din kommune?

Denne uken kom rapporten ”Lærerutdanninger i endring”, som er utarbeidet av Kunnskapsdepartementets følgegruppe for lærerutdanningsreformen. Rapporten viser at Norge ligger an til å få en betydelig lærermangel i årene som kommer. En av tre studenter i grunnskolelærerutdanningen har sluttet når de er halvveis i den fireårige utdanningen.

3. april begynner forhandlingene om ny hovedtariffavtale i KS. Der blir striden om lærernes arbeidstidsavtale sentral.

På synfaring i freda elv

Ved inngangsporten til Osøyro står eit symbol på samfunnets overkonsum og bruk-og-kast-mentalitet: Ei gamal rusten handlevogn omgjeven av plast, bildekk og anna skrot. Ein gong levde det både fisk og elveperlemusling her. No er Krabbedalselva ei elv utan liv.

Os og Fusaposten har vore på synfaring i Krabbedalselva, som er ein del av det verna Osvassdraget, for å sjå i kva grad denne delen av vassdraget får den respekten ei varig verna elv skulle hatt. Der fann dei mellom anna eit bilbatteri, syklar, ein kontorstol og anna boss.

I denne enden av elva tel me tre Rema 1000-handlevogner, to Rema 1000-korger, og diverse emballasje og anna boss samla i ein haug i elva. Som eit monument over menneskeleg likesæle.

Journalist Øystein Lid fekk ideen til reportasjen då han sykla heim frå jobb ein dag og såg det sørgelege synet.

- Eg vurderte ulike måtar å grafisk setja opp sidene med bileta av dei veste punkta i elva, og hadde planen klar før eg for på elvevandring, fortel han.

Han tok mest ståande bilete for at det skulle vera enklare å setja saman bileta til svingane som snor seg over dobbeltsida lik ei elv. Grafisk designar Marit Tøsdal Hennes utforma sidene.

Konkurranseutsetjing som råkar hardt

Kommunale teneste på anbod, i dette tilfellet reinhaldstenesta i Os kommune, får ofte store konsekvensar for dei kommunalt tilsette. Les korleis Øystein Lid i Os og Fusaposten løyste saka.

Les mer…

«Meiningslaus papirmølle»

No har rådmannen i Os fått nok: – Blir det ikkje ein slutt på rapporterings-hysteriet snart, vil det gå ut over jobben me skal gjera for innbyggjarane, seier Knut Terje Rekve.

Rådmannen i Os meiner at detaljhysteri, «New Public Management» og byråkratisering er eit trugsmål mot jobben ein eigentleg skal gjera: Skapa gode tenester for innbyggjarane. Os og Fusaposten skriv om saka. Dei gjev også ei innføring i styringsideologien «New Public Management» som skulle gjere det offentlege meir brukarvenleg og effektivt, men som i fleire tilhøve har gjeve motsett resultat.

Dei sju politikarane bruse

Os og Fusaposten har ein frisk vri på det alltid aktuelle temaet samferdsel. Flott illustrert og gode spørsmål som gir lesarane god oversikt over kvar dei lokale politikarane står i bru-saka.

Sjå pdf som vedlegg

Redaksjonelt ugras

− Er du veldig oppteken?
− Ja, nei, øh. Veldig? Det var den skulesoppsaka og…
− Fint. Det står to jenter frå Baldersheim ute i resepsjonen med ei skikkeleg artig potet. Tek du eit bilete og skriv ein snutt? Vi har litt ledig plass å fylla på side 18.

Les meir

Jubileumsavis med gode minner

Os og Fusaposten feira 25-årsjubileet sitt med festmiddag på laurdag. Same dag presenterte dei alle dei tilsette i avisa, og hadde faksimiler av heile fysteutgåva. Slik starta dei ein jubileumsserie knytt til historikken rundt avisa.

Ein del av jubileumsserien som truleg vert populær, er «Minne frå lokalavisa»-spalta der noverande og tidlegare tilsette journalistar fortel ei historie dei hugsar spesielt frå si tid i Os og Fusaposten. Fyrst ute var Kenneth Svenningsen, som fortel om korleis han klarte seg med ganske så utdatert presseutstyr i Ruhpolding i 2002. Les dette og resten av jubileumssakene i vedlegget.

Lot elevene skrive selv

En klasse fra Fusa vidaregåande skule har laget sitt eget reisebrev fra klasseturen til Roma. Os og Fusaposten har gitt de god plass i avisen.

Tips til hagestoff

Sjekk ut denne saka frå laurdagsutgåva til Os og Fusaposten:
“Ugras? Ugras er eigentleg berre ei plante som veks der du helst ikkje vil at ho skal
veksa. Sanninga er at du har ein grønnsakshage og urtehage like utanfor døra – gratis
og velsmakande”

Les mer…

Arkitekturreportasje: Gulating lagmannsrett

Sjekk ut Åsa Nord i Os og Fusaposten sin reportasje om bygget som husar Gulating lagmannsrett. Flotte bilete god tekst.

Les mer…

Os og Fusapost går over til IPad-format

1. april kom nye Os og Fusapost for første gang ut i IPad-format. “Me tilpassar oss IPad formatet, som me veit er framtidas format” skriv ansvarleg redaktør Christian Fr. Stabell på leiarplass. Tidenes beste aprilspøk?

Ordførarkandidatar tek debatten på Facebook

For fyrste gong i Fusa si historie tek kommunevalkampen til på internett. I spissen står to ordførarkandidatar: Atle Kvåle (Ap) og Magne Djuvik (Frp). Dei politiske debattane held gjerne
fram på Facebook etter politiske møte. Les saka til journalist Øystein Lid i Os og Fusaposten.

Les mer…

Lenge siden du skrev om elevrådet og lærlinger?

To tips: ta kontakt med elevrådene på skolene, knytt kontakter, presenter elevrådslederen og skriv om hva elevrådet har på dagsorden. Det har journalist Øystein Lid i Os og Fusaposten gjort. Sjekk også ut hvem som er “årets lærlinger”. Hvem har fått lærlingplass, og hvor? Er det nok lærlingplasser?

Kontakt med unge lesere og kilder gjennom Facebook

Dette skrev journalist Øystein Lid på Facebook etter Valgkonferansen: “som journalist i Os og Fusaposten skulle eg gjerne hatt fleire tenåringar frå Os på venelista. Då kan eg lettare skriva om ting som er viktig for dei. Nokon som kan føreslå unge vener for meg?” Den siste uka har vennelisten til Lid økt betraktelig. " – Eg ser også at eg har om lag 90 framlegg til nye vener, blant anna er eg vorte Facebook-ven med elevrådsleiaren ved Os gymnas. Ho vert nok sentral i mitt vidare arbeid. Ho tipsa meg om eit arrangement dei har neste veke, så me får sjå om det vert sak ut av det", forteller Lid.