LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord nynorsk

Vi bøyer for mange verb som a-verb

Ein vanleg feil på nynorsk er at vi bøyer for mange verb som a-verb, altså med endinga -ar i notid. Men det er berre dei verba som får -a i fortid som skal ha endinga -ar i notid.

For eksempel heiter det ikkje reparera i fortid, men reparerte, og difor heiter det reparerer i notid. Det heiter kritiserte i fortid. Difor heiter det kritiserer i notid. For ein del verb er det valfritt om vi bøyer dei som a-verb eller ikkje. Da kan det vere praktisk å følgje dialekten.

Å drifte

Å drifte er eit ord som blir meir og meir brukt. I nynorskordboka blir det forklart med sysle, arbeide eller fiske.

På bokmål: være i virksomhet, holde i drift, stå for, administrere drifta av – for eksempel drifte eit dataanlegg eller ei oljeplattform. Slik det ofte kan skje med moteord, ser vi det brukt i stadig meir utvida tyding som til dømes å drifte ein gard. I slike samanhengar bør vi halde på det gamle å drive.

Bygging og bygning

Vi bruker bygging om sjølve handlinga å byggje, men bygning om resultatet (huset). Til ein viss grad kan vi bruke denne regelen tilsvarande også for andre verb.

Særnamn

I avisredaksjoner dukker det fra tid til annen opp spørsmål om hva som er egennavn (særnamn) og ikke, og som da eventuelt skal skrives med stor bokstav.

Les mer…

Sterke adjektiver

Vi har latt det gå inflasjon i sterke adjektiver. Alt er utrolig, ufattelig, enormt, unikt, veldig, optimalt og sinnssykt. Vi bør vente med å bruke de sterkeste til det virkelig er bruk for dem.

Les mer…

Verbet å kødde

Verbet å kødde har kome inn i bokmålsordboka, men ikkje i nynorskordboka. Det er slang, og tyder vanlegvis å tulle eller tøyse.

Ordet kjem av ein kødd som altså er ein testikkel, og som i alle fall tidlegare vart rekna som eit relativt sterkt skjellsord. Mange vaksne folk har truleg framleis negative assosiasjonar til kødd og kødde, og difor bør vi vere varsame med å bruke desse orda.

Medium blir ofte bøygd feil

Nynorsk: Medium, mediet, medium. media
Bokmål. Medium, mediet. medier, mediene – eller media når det er snakk om den vanligste betydningen

Ein eller to konsonantar?

På nynorsk er det mange ord vi kan velje om vi skal skrive med ein eller to konsonantar:
Til dømes: Bønn/bøn, kjøkken/kjøken, kjøtt/kjøt, lønn/løn, monn/mon, skjønn, skjøn, venn/ven og så vidare.

Les mer…

Doktor eller dokter?

Ein doktor (med o) er ein person som har teke doktorgrad medan ein dokter (med e) er ein lækjar.

Sak med mange språklege godbitar

“– Eg blir treven av å ha det travelt.
Dagen før slo Nils Torleiv Sørestad gras til halv to på natta, berre avbroten av behovet for å skru.
– Då må ein gjera seg ferdig dagen etter.
For:
– Ein blir lat av å ikkje gjera noko òg.”

Hanna Maria van Zijp Nilsen i Suldalsposten leverte i sommar ei god sak om “slåttekaren” Nils Toralv Sørestad. Det er god billedlegging, ryddig bladbunad og svært godt skrive. Bør lesast!

Les mer…

Genitivar på nynorsk

Genitivar med sin, sitt og sine er tunge på nynorsk. Som regel er dei enkle å skrive om:

Les mer…

Å drifte

Å drifte er eit ord som blir meir og meir brukt. I nynorskordboka blir det forklart med sysle, arbeide eller fiske.

Les mer…

Vi bøyer for mange verb som a-verb

Ein vanleg feil på nynorsk er at vi bøyer for mange verb som a-verb, altså med endinga -ar i notid. Men det er berre dei verba som får -a i fortid som skal ha endinga -ar i notid.

Les mer…

Hårek vann slaget om spalteplassen

Hallingdølen la om til ny layout 5. november, vart det sett strek for teikneseriestripene Ole Brumm og Hårek. Hårek hadde då vore med sidan 1984. Å feia Hårek ut av spaltene førte til massive protestar blant lesarane. Lommeluren til Bjarne Bladmann stod ikkje stille på to veker. No er han altså attende. Sjå den humoristiske omtalen av saka, skrive på Hårek-nynorsk.

Les mer…

FrP og V utan valmateriale på nynorsk

Avisa Sunnhordland har undersøkt om alle partia har valmateriale på begge målformene. Framstegspartiet og Venstre har ikkje valprogram på nynorsk. Senterpartiet berre delvis. – Eg er skuffa over Venstre og Framstegspartiet. Eg hadde venta meir av begge partia, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, til Sunnhordland. Då Sunnhordland sjekka korleis det stod til i 2005, var det Arbeidarpartiet og Framstegspartiet som ikkje hadde partiprogram på nynorsk.