LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord møteoffentlighet

Manglande møteoffentlegheit? Klag til Sivilombodsmannen

Offentlegprinsippet er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp. Grunnlova (§ 100) slår fast at alle har rett til innsyn i kommunen sine dokument og i folkevalde organ sine møte.

Offentleglova utdjuper retten til dokumentinnsyn, medan kommunelova utdjuper møteoffentlegheita.

I fjor hadde dei folkevalde i formannskapet i Vaksdal eit felles gruppemøte før det ordinære formannskapsmøtet. Tema skal ha vore budsjettet, men møtet var verken kunngjort eller protokollført. Det vart heller ikkje fatta noko vedtak om lukking av dørene.

Redaktørane i Vaksdal Posten og Hordaland sende inn ein felles klage til Sivilombodsmannen. Kommunen får kritikk av Sivilombodsmannen. Møtet skulle ha vore ope, og ei eventuell lukking av møtet skulle ha skjedd etter reglane i kommunelova.

Dersom eit folkevald organ vedtek å lukke eit møte, skal du be om ein lovheimel i kommunelova (§ 31). Møte i folkevalde organ skal lukkast ved lovbestemt teieplikt og under saker som gjeld ein tilsett sine tenestlege tilhøve. Ein kan også velje å lukke møte av omsyn til personvern og når det vil kome fram opplysningar som kunne ha vore unntatt offentleg innsyn etter offentleglova.

Sjå kommunelova § 31 om møteoffentlegheit og § 32 om innkalling og saksliste.

Sjå også andre døme på saker knytt til kommunelova på presse.no.