LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord lokalval

Slik kan kommunestyret bli

Tysvær Bygdeblad har tippa kven dei trur kjem inn i kommunestyret, og forklarer kvifor dei tippar som dei gjer. Dei har basert seg på den politiske temperaturen dei siste vekene, slik dei har opplevd han. Dei presenterer også ei vurdering av kven dei trur kjem til å samarbeida etter valet.

Flyttes valgkampen til sosiale medier?

Eidsvoll Ullensaker blad har tatt tempen på politikernes aktivitet i sosiale medier. De har funnet ut at selfies er en populær måte å profilere seg selv på. Journalist Bjørn Inge Rødfors tok tak i selfie-temaet og intervjuet politikere om deres forhold til og erfaringer med selfies.

Han intervjuet også statsviter Svein Tore Marthinsen som har skrevet bok om politisk kommunikasjon. Statsviteren forteller at politikere som bruker kanaler som Facebook, Twitter, Instagram og YouTube har et fortrinn i valgkampen. Og bruken øker. Men lokalavisoppslag, ansikt-til-ansikt-møter og god politikk er fortsatt viktig.

Interessant sak, som er lett å illustrere med morsomme bilder!

Utfordra ordføraren med gamalt valflesk

Sogn Avis har utfordra ordføraren i Lærdal på valflesket frå førre val. Fleire konkrete planar for perioden er framleis ikkje gjennomført, og ordføraren får forklara seg punkt for punkt.

Lærdal har ein utfordrande periode bak seg med både storbrann og flaum, noko som får delar av skulda. No lovar ordføraren å kutta i valflesket.

Korleis blir fylkestinget?

I dag møter ni representantar frå Ryfylke på fylkestinget. Etter valet neste år kan det bli ein eller to, skriv Strandbuen. Dei har tatt utgangspunkt i valresultatet frå 2011, og sett på kvar lokale representantar er plasserte på partilistene til neste val. Berre Ap har ein kandidat frå Ryfylke på sikker plass.

- Det er dramatisk for Ryfylke om me står att med ein eller to på fylkestinget, seier Finnøy-ordførar og fylkestingsrepresentant Gro Skartveit (V). Ho fryktar at det vil bli vanskelegare å få gjennom gode Ryfylke-saker om dei lokale representantane forsvinn.

Har de lokale representantar på partilistene til fylkestinget?

Kvar går veljarane?

Tysvær Bygdeblad har gjennomført ei lokal måling i samarbeid med Norfakta Markedsanalyse. Målinga viser at posisjonspartiet Høgre går tilbake, medan opposisjonspartiet Arbeidarpartiet går fram og ligg an til å verta det største partiet i kommunen. Høgre gjev statsbudsjettet og regjeringsposisjonen sin del av skulda. De peikar òg på at dei no har hatt ordføraren i to periodar.

Tysvær Bygdeblad har også spurt innbyggjarane kva dei stemte ved førre lokalval. I avisa syner dei fram kvar dei ulike partia sine veljarar stiller seg i dag. Interessante tal, som redaktøren analyserer.

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene