LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord kvinnheringen

Musikalsk bladbunad inspirert av platesak

Bildeserie med 2 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kvinnheringen skriv om Linn Astrid Blix Torget frå Husnes/Matre, som driv platebutikk for klassisk musikk i Oslo.

I ei tid der musikk ofte er synonymt med nedlasting eller streaming av lydfiler, går talet på platebutikkar kraftig nedover. Kjekt då å kunne presentera Linn Astrid Blix Torget, kjerringa mot straumen.

Flott bladbunad av Vidar Håland.

Fortel ope om den viktige jobben til barnevernet

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Barnevernsleiaren i Kvinnherad skal slutta i jobben. I eit lengre intervju med Mona Grønningen i Kvinnheringen fortel ho ope og nyansert om den verdifulle og viktige jobben barnevernet gjer. Eit arbeid både ho og dei andre tilsette i barnevernet brenn for. Ho meiner fordommar gjennomsyrer folk sitt forhold til barnevernet, og at det ikkje fortener det dårlege ryktet. – Vi kan ikkje, om vi så vil, nyansera dette bildet, fordi vi er basta og bundne av teieplikta vår, seier ho.

I intervjue peikar ho på fleire utfordringar som dei tilsette i barnevernet har. Kapasiteten er sprengt, noko som gjer at dei ikkje har tid til førebyggjande arbeid blant barn og unge. Barnevernet i Kvinnherad har heller ikkje ei vaktordning, men likevel blir dei tilsette kalla ut på jobb til alle døgnets tider. Det meiner også politiet er bekymringsverdig.

I ei oppfølgingssak utfordrar Kvinnheringen politikarar om utfordringane med kapasiteten i barnevernet.

Kvinnheringen har skrive lite om barnevernet opp gjennom åra, fortel Mona Grønningen.

– Sist var i 2013, då Fylkesmannen fann avvik hos barnevernet i Kvinnherad når det galdt saksbehandlingstid. Vi hadde nokre saker tilbake i 2003, som galdt ei sak der mor blei fråteken barn, men der kommunen tapte saka i Sunnhordland Tingrett. Eg trur årsaka til at vi har skrive så lite om barnevernet er fordi dei tilsette er vanskelege å intervjua. Dei kan ikkje kommentera einskildsaker på grunn av teieplikt, og er i tillegg redde for å uttala seg til media på grunn av store medieoppslag. Denne gongen var vi heldige fordi ho som var barnevernsleiar skulle slutta, og derfor turde å uttala seg og kunne fortelja om erfaringar frå jobben etter fleire år i stillinga.

Morsomme, frekke eller pinlige?

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Russekort kan være morsomme, litt på kanten, eller bare flaue. Bortsett fra russen selv er det kanskje flest barn som leser russekort, men hvorfor ikke vise de fram til flere? Se hvordan Solabladet og Kvinnheringen gjorde det.

Solabladet fikk tilsendt russekortene til 2016-russen og kjente og kjære Sola-folk. Kvinnheringen gravde også fram russekortene til noen av de ansatte.

Avisdesign som imponerte i 2015

Bildeserie med 14 bilder — bla ved å trykke på pilene

Bla gjennom finalebidragene i «Årets lokalavisside» fra 2015.

  • Vestnytt: Går bananas i fjøra med våtdrakt og hjelm
  • Askøyværingen: Forside om hørselshemmede
  • Strandbuen: Et langt liv i Herrens tjeneste
  • Nordre: Et glimt av døden
  • Hordaland: Vossingar i verda
  • Kvinnheringen: Det kvite gullet

Det kvite gullet frå Kvinnheringen ble stemt frem som vinner av prisen «Årets lokalavisside» under LLAs landsmøte lørdag 16. april 2016.

Lagar betalt innhald for hus- og hyttebyggjarar

Vurderer du å prøve ut innhaldsmarknadsføring? Hallingdølen og Kvinnheringen deler sine erfaringar.

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kvinnheringen har gått i gang med betalt innhald. Sist med ei dobbeltside for Bygger’n, med historia om eit par som fekk hjelp til å teikne og byggje draumehuset sitt.

Annonsekonsulent Merete Lillesand skreiv og fotograferte sjølv.
– Det er mykje meir arbeid enn med ein vanleg annonse. Så det er ikkje sikkert at det svarer seg på kort sikt. Men på lang sikt er det ein måte å byggja kunderelasjonar. Og det er knallkjekt å skape noko litt anna, seier ho.

Ho meiner at annonsar som også kan vere godt lesestoff er med på å gjere magasinet meir attraktivt.
– Mange annonsørar, spesielt i byggjebransjen, ønskjer å fortelje om prosjekta sine. Det er ikkje alltid så lett i vanlege produktannonser. Me vil ikkje la det gå inflasjon i denne typen annonsering. Me vil berre bruke det på dei det eigner seg for. Dei dei som sel eit omdøme, som kan vise fram ei teneste, som har fagkunnskap og kompetanse. Det kan til dømes vere hagetips frå gartnaren eller gode råd frå dei som sel briller, seier ho.

Då Merete Lillesand skulle intervjue dei som hadde flytta inn i draumehuset, hadde ho på førehand diskutert med Bygger’n kva dei ville få fram i annonsen.
– Slik kunne eg lett stilla dei rette og leiande spørsmåla i intervjuet. For dette er jo leiande. Det er mykje skryt. Ein journalist ville aldri ha skrive det slik i ein vanleg artikkel, seier ho.

Hallingdølen har mellom anna selt sponsa innhald til eigedomsmeklarar og hytteutbyggjarar. Det har dei god erfaring med, fortel marknadssjef Rolf Sveinhaug.

– Me har måtta pushe dei litt for å prøve det, men dei som har blitt med på det har vore veldig godt nøgde. Eg trur dei kjem til å halda fram med å annonsera på denne måten. Dei føler at dette gir dei meir enn ei vanleg profilannonse, og at det verkar meir seriøst, seier han.

Hallingdølen har valt å la eit eksternt byrå lage sakene. Dette betalar annonsørane 6500 kroner per side for – i tillegg til vanleg annonsepris.

Hallingdølen har berre hatt denne typen annonsar i magasina. Dei vil halda fram med å selja sponsa innhald, først og fremst til store aktørar som vil annonsera i magasina.
– Me føler dette passar best i magasina våre. Det vert nok aldri veldig mykje av dette, til det er marknaden for liten. Me har snakka om å prøva med bilforhandlarar, som til dømes har nye modellar å visa fram. Dette vert annleis enn ein redaksjonell omtale. Annonsørane får skreddersy innhaldet og har kontroll over kva som kjem på trykk, seier Rolf Sveinhaug.

Både Kvinnheringen og Hallingdølen har vore opptekne av å merka det betalte innhaldet tydeleg, og ikkje blanda inn dei redaksjonelt tilsette i produksjonen.

Er du usikker på dei etiske grensene? PFU har behandla fleire saker om kommersielt innhald dei siste åra. Dei har slått fast at innhaldsmarknadsføring ikkje er problematisk. Problemet oppstår når det blir vanskeleg å skilje annonsane frå redaksjonelt innhald. Når dei behandler slike saker, stiller dei spørsmål om korvidt omtalene er tilstrekkeleg merka og/eller har ein utsjånad som i tilstrekkeleg grad skil dei frå det redaksjonelle stoffet. Dei ser altså både på layout, og på kva tekst som blir brukt i merkinga av stoffet. Dei har mellom anna slått fast at det er betre å kalla noko for «annonse», «reklame» eller «sponsa innhald» enn «shopping» eller «reisetips».

Vær varsom-plakaten blei i fjor oppdatert for å ta hensyn til dei nye formene for marknadsføring. No heiter det mellom anna:

2.7 Journalistisk omtale av produkter, tjenester, merkenavn og kommersielle interesser, også mediets egne, skal være journalistisk motivert og ikke fremstå som reklame. Oppretthold et klart skille mellom markedsaktiviteter og redaksjonelt arbeid. Gi aldri tilsagn om journalistiske motytelser for reklame. Unngå ukritisk videreformidling av PR-stoff.

2.8 Skjult reklame er uforenlig med god presseskikk. Kommersielle interesser skal ikke ha innflytelse på journalistisk virksomhet, innhold eller presentasjon. Hvis redaksjonelt stoff er sponset, eller et program har produktplasseringer, skal dette være åpenbart for publikum. Sponsing skal alltid være tydelig merket. Sponsing eller produktplassering i nyhets- og aktualitetsjournalistikk eller journalistikk rettet mot barn, er uforenlig med god presseskikk.

Direkte utgifter til journalistisk virksomhet skal som hovedregel betales av redaksjonen selv. Ved unntak skal publikum gjøres tydelig oppmerksom på hva som er finansiert av utenforstående interesser.

2.9 Redaksjonelle medarbeidere må ikke motta pålegg om oppdrag fra andre enn den redaksjonelle ledelsen.

Ta kunsten ut!

Bildeserie med 2 bilder — bla ved å trykke på pilene

Då Jonn Karl Sætre i Kvinnheringen skulle fotografera den ustemte pianokunsten til Hans Sande, ville han ha dei ut i eit harmonisk miljø. Det var kunstnaren heilt med på. Sjekk det flotte resultatet.

skit på framsida

Kvinnheringen har fått eit eigarskifte som førebels ser skitbra ut. I same avis som dei kommenterte eigarskiftet i, skulle dei visa fram skit på rasteplassen på Stripo. Dermed låg det an til ei kreativ framside der alle sakene fekk ein felles tekst:

Skiløparane gjekk skitraskt i Fjellhaugen søndag. Det viser seg at spesialrådgivar Kjell Odd Nygård slett ikkje skit i Åkra, men kulturskulen, Vaksenopplæringa, samt rus- og psykiatritenesta, er skitleie av kaoskontoret på Husnes. På rasteplassen på Stripo har fleire funne det for godt å skita i all folkeskikk, og Kvinnheringen har elles vore gjennom noko som ser ut til å vera eit skitbra eigarskifte.

- Det var nok rasteplass-skiten som fekk Tomas til å starta ball- og skitkasting. Så laga Tomas og eg eit knippe titlar, men så ville grafikar Vidar Håland heller ha ein tekst, så då laga eg den ut frå titlane me forkasta, fortel Jonn Karl Sætre.

Kvinnheringen Europas finaste lokalavis

Bildeserie med 6 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kvinnheringen er kåra til Europas beste lokalavis i design- og konseptkonkurransen European Newspaper Award. Vi gratulerer!

Juryen skriv:

Kvinnheringen has a very clear magazine layout with large photos and a lot of white space. The newspaper seems straightforward. It relies entirely on the power of images and the visual clarity of the layout. That convinced the jury.

– Her er det 14 uavhengige dommarar som gjev stemmene sine. Det er uvanleg. Difor heng denne prisen så høgt. Kvinnheringen har ein like stor stab som den som jobbar i kantina til Bergens Tidende, men viser kreativitet på eit svært høgt nivå. De vågar å gjera ting som er utanfor komfortsona. Dette er ein lagsiger med eit minimum av ressursar, seier jurymedlem Walter Jensen (BT) til Kvinnheringen.

Les Kvinnheringen si sak om sigeren her.

Vinnarane i dei andre kategoriane:
Regionsaviser: Ara, Barcelona, Spania.
Landsdekkjande aviser: De Morgan, Brussel, Belgia.
Vekemagasin: Expresso, Lisboa, Portugal.

Fleire andre LLA-aviser får diplom (awards of excellence) i konkurransen: Fanaposten, Hallingdølen, Hordaland og Sunnhordland.

Her kan de sjå lista over alle vinnarane i konkurransen.

Sjå fleire idear frå Kvinnheringen.

Demokrati for dummies

Kva er eigentleg grunnen til at vi går til røysteurnene? Kvinnheringen har fått Frank Aarebrot til å gje svar for dummies på spørsmål som: Kva tyder demokrati – og kva er motstykka? Korleis er forholdet mellom politikarane og administrasjonen – kven bestemmer, eigentleg? Kvifor får ikkje det største partiet ordføraren? Og kor mykje kan vi eigentleg forventa at politikarane skal få til av alt dei lovar?

Ordførarkandidatane si avis

Onsdag var alt innhaldet i Kvinnheringen laga av ordførarkandidatane. Kvinnheringen inviterte dei til å vera journalistar i ei veke. Politikarane fekk styra alt, frå planlegging til utforming av førstesida.

Redaktør Tomas Bruvik føler ikkje han har gitt ut ei propagandaavis, men ser at fleire av politikarane har valt seg nokre hjartesaker. Her er saker om kulturlivet i kommunen, rusomsorg, lærlingordninga og folketalsutviklinga. Dei har også tenkt på at avisa skal ha alt frå nyhende til sport, og innhald frå heile kommunen.

Tomas Bruvik er nøgd med resultatet, men synest det er mange lange saker og mykje feature.

- Det er mange som ikkje har rokke å lesa heile avisa, seier han.

Sjølv om redaksjonen sette ut ei heil avis, vart det ikkje mykje ekstra fritid. Ordførarkandidatane hadde redaksjonsmøte i avislokala, men dukka ofte opp med ulike spørsmål resten av veka.

- Sakene gjekk ofte fleire gongar fram og tilbake med ulike rettingar, seier Bruvik, som gjerne kan tenkja seg å gjera noko liknande igjen med andre aktørar.

Sjå heile avisa i vedlegget.

Priser for avisdesign

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kvinnheringen får medalje for notisframsida si i Scandinavian news design 2015. Hallingdølen får heiderleg omtale i kategorien Local pages for Blinksot i villmarka og i kategorien Magazines for Adolf Hitler likvid for Bejar.

Vi gratulerer!

I tillegg har desse norske avisene vunne prisar: VG (10), Dagens Næringsliv (3), Bergens Tidende (1), Morgenbladet (1), Vårt Land (1). Her kan du sjå lista over alle årets vinnarar.

I pressemeldinga frå SNDS fortel jurymedlem Mattias Bergmann at kvar einaste detalj vart diskutert av juryen.

Ei avis til ære for mor

Fredag var heile Kvinnheringen ein hyllest til mødrer. I anledning morsdag presenterte Kvinnheringen sterke historier, interessante fakta og varme tekstar om mørdrer og morsdag.

Dei har mellom anna vore med på babytreff, intervjua ein jordmorassistent (og mor hennar), møtt mødrer som jobbar saman med sine eigne born, møtt åleinemor og rullestolbrukar Camilla Stensletten, og intervjua ein av sonene til Inga Rusten, som var mor til 14. Dei fortel også historia om Åse Farestveit som har fått adoptera tre born sjølv om ho er einsleg.

Kvinnheringen har fått tilsendt mange morsdagkort, nokre av dei kom på trykk i papiravisa, og alle vart presenterte på nett. Annonsene var også vinkla på morsdag.

– Det var utruleg kjekt å jobba med morsdagsavisa. Faktisk noko av det aller kjekkaste eg har jobba med i denne bransjen nokon tid, fortel journalist Elisabeth Berg Hass.

Kvinnheringen byrja å jobba med avisa ein månad før deadline. Slik vart det god tid til å flikka og ordna.

Viser det internasjonale miljøet

Kvinnheringen starta i haust om med serien Internasjonale Kvinnherad. Kommunen har innbyggjarar frå over 100 nasjonar i kommunen. Kvar måndag presenterer avisa ein person med bakgrunn frå eit anna land.

- Det har vore ei svært positiv erfaring for oss. Vi kjem i kontakt med nye menneske og våre lesarar får eit innblikk i korleis dei som kjem frå andre land opplever det å koma hit. Vi har til no presentert 12 personar frå Asia, Afrika, Europa og Amerika, fortel redaktør Tomas Bruvik.

Kvinnheringen har god kontakt med vaksenopplæringa. Der får dei tips om personar som kan vera interessante å intervjua.

Ein fin måte å presentera og få kontakt med personar som ikkje er så synlege i avisspaltene, og samtidig gje dei eit forhold til lokalavisa. Kan hende blir det meir naturleg å nytta dei som kjelder også i andre saker etter ein slik serie?

Sydd saman med nål og tråd

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kvinnheringen vitja Husnes Konfeksjon på Sunde, vart tekst, bilete og layout sydd saman med nål og tråd. Grepa dei gjorde med den seks sider lange reportasjen som sto på trykk i februar, gjev dei pris i kategorien fotoreportasje i European Newspaper Award.

Kvinnheringen får også pris for førstesida på notisavisa, dei får pris i kategorien lokalavissider for reportasjen om årets russebilar, og dei får fotoserie-pris for portrettet av «Bollo» Egil Opsanger.

Vi gratulerer!

Korleis blir kabalen?

Bildeserie med 2 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kvinnheringen byrjer å få oversikt over ordførarkandidatane. Dei har ein kreativ vri på avsløringa. Sjå den artige løysinga i vedlegget!

Ei avis av notisar

Notisen er sagt å vera det aller viktigaste i ei avis. Kort, lettlesen og helst velformulert. I notisen finn du dei små og artige nyhenda, og det er den vesle rakkaren som blir flittigast lesen. Kvinnheringen er ikkje alltid god nok på notisfronten – det gjer vi noko med i dagens avis. Kos deg med 210 notisar!

Ideen dukka opp rundt lunsjbordet til Kvinnheringen. Ikkje fordi dei hadde så mange notisar på lager, snarare tvert imot.

- Det går igjen på stort sett alle avisevalueringar eg har vore med på, at vi er for dårlege på å skriva notisar. Difor fann vi ut at vi skulle gjera eit stunt, så vi kunne ha godt samvit i ein dag, i det minste, seier redaktør Tomas Bruvik.

Litt arbeid var det å fylla ei heil avis med notisar. Dei har brukt ein god del faktanotisar som kunne skrivast på førehand, men avisa er også fylt med aktuelle nyhende i notisform. Mykje av stoffet kunne vore presentert som større saker, men denne dagen skulle alt vera kort og godt.

Fordi stuntet var planlagt i god tid, kunne også marknadsavdelinga selgja ideen inn til annonsørane. Fleire annonsørar tente på ideen og nytta høvet til å annonsera for eitt enkelt tilbod på ei elles tom heilside.

Les heile notisavisa her.

Akrobatisk festivalfoto

Kvinnheringen allierte seg med den dyktige lokale hobbyfotografen Lars Martin Teigen (30) under Festidalen. Han er glad i å fotografera på festivalar, og sette pris på oppgåva. Og Kvinnheringen fekk mykje materiale til både papiravisa og bildeseriar på nett. Dessutan fekk dei eit kult og annleis bilde å fylla framsida med på måndag.

- Med ein slik “frilansar” på laget, var det ei glede for meg å velja bilde til framsida – ikkje ofte ein ser eit så originalt festivalbilde, fortel redaksjonssjef Jonn Karl Sætre.

Støvlane til akrobaten på framsida fortel elles sitt om kva vêr Festidalen var velsigna med.

Flott reportasje om russebilane

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

I mai presenterte Kvinnheringen alle russebilane i Kvinnherad, med tøffe og fargerike bilete og litt historie og fakta om kvar russebil. Alt pakka inn i ein kreativ og gjennomført bladbunad. Flotte minne for russen, og kjekt å lesa for oss andre. Bla i bileta over eller sjå pdf-ane under vedlegg, og hent inspirasjon til framtidige reportasjar!

Tekst og foto: Mona Grønningen. Utforming: Vidar Håland.

Designprisar til Hallingdølen og Kvinnheringen

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen får heiderleg omtale for “overall design” i The Scandinavian News Design-konkurransen. I denne klassen er det gjort ei heilskapsvurdering av heile avisa.

– At me nådde opp i denne klassen, er i realiteten ei stor rose til alle tilsette i Hallingdølen, seier redaktør Bjarne Tormodsgard til LLA-weben.

Hallingdølen fekk dessutan både medalje og heiderleg omtale i kategorien “localpages”. Medalje for Foto: Villreinen, og heiderleg omtale for På line over Kjeringkjaften.

Kvinnheringen fekk heiderleg omtale for Kvallitetten i skulen-framsida si i kategorien “frontpages”, ein kategori med tøff konkurranse.

Det vert totalt delt ut 69 prisar fordelt på 11 kategoriar i den skandinaviske designkonkurransen.

Gratulerer!

Årets lokalavisfoto: Følelsesladet og intimt

Anne Jo Lexander i Askøyværingen vann prisen for Årets lokalavisfoto 2013. Bildet hennes viser to jenter som er klare til å gå på scenen i en ballettforestilling. Juryen beskriver bildet slik:

Årets lokalavisfoto er et følelseladet og intimt portrett hvor leserne trekkes rett inn i premierenervene til ungdommene. Vi blir en del av den spente situasjonen. Bra bruk av lys og gjennomtenkt komposisjon bidrar til å forsterke denne følelsen.

Vegar Herstrøm i Hammerfestingen fikk hederlig omtale for sitt bilde av en overingeniør hos Havforskingsinstituttet si sjøpattedyrgruppe. Bildet er tatt på telletokt.

Juryens kommentar: Vegar Herstrøm byr på et komplekst bilde som utfordrer rammene for hvordan et pressefotografi skal se ut. Fotografen leker med strukturene – og det er godt gjennomført.

Aasmund Taarn Sande i Kvinnheringen fikk hederlig omtale for sitt portrettbilde, som juryen beskriver slik: Vi ser eit klassisk portrett og godt handverk. Heile historia til den portretterte mannen ligg i dei tydelege detaljane. Også lyssettinga framhevar karakteren til vedkomande.

I vedlegget kan du se de 12 bildene som kom til finalerunden i konkurransen. Der får du også se hvordan de tre premierte bildene var presentert på trykk.

Jonas Bendiksen, Jon Petter Evensen og Sveinung Ystad var i juryen for Årets lokalavisfoto.

Kva er det gode livet?

«Det gode livet» kan vera så mangt. For nokon kan det vera livet med dyra, for andre blomane eller naturen. Eller kanskje noko heilt anna?

Med denne inngangen har Kvinnheringen kome tett på mange interessante og ulike menneske som deler sine opplevingar av det gode livet i Kvinnherad. Eit vellukka magasin med flotte tekstar, bilete og layout! Les heile magasinet her.

Kjærleikens ferjereiser

Er ikkje stordabuen glad i oss kvinnheringar lenger? Er dei seiiiiige i snuen i Langenuen?
Kan det vera så vanskeleg å finna kortaste vegen mellom A og B? Kva veit eigentleg stordabuen om oss? Kvinnheringen har tatt motet til seg, reist til Stord og snakka med høg og låg på øya i vest.
Bakgrunnen for denne reportasjen er usemje om kvar framtidas ferjesamband skal vera. Kvinnherad ynskjer kortaste ferjeveg til Stord, medan Stord har andre prioriteringar. Ei god og solid sak frå Kvinnheringen du må lesa.

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene
Les mer…

Ti sider med tatoverte Kvinnheringar

Tatoveringar er ei «ekstrem» form for kroppskunst som dei fleste ber på heile livet – dei kan ikkje fjernast utan vidare. Kvifor er det då så mange av oss som tar steget og lèt oss merka for livet? Over ni sider i dagens avis kan du sjå bilde av tatoverte kvinnheringar og lesa kvifor dei har valt å bruka huda si som lerret. Dette skriv Kvinnheringen på framsida si fredag 22. november. Avisa har intervjua fem personar i ulike aldrar som har valt å la seg merka for livet. Ingen av dei angra, og fleire av dei brukar ordet “hekta”. Ein innovativ og modig reportasje.


“I følgje Tatoveringsguiden.com har arkeologar funne mumiar frå 200 f.Kr. med tatoveringar. Vidare meiner ein at japanske tatoveringar har eksistert i fleire tusenvis av år. I dag har mange av oss tatoveringar på kroppen. «Kroppsdekorering speglar vår tid – fri, mangfaldig og under stadig endring. Tatovering er ikkje lenger (berre) sjøfolk, punk og opprør – det er (også) mote, estetikk og kunst. Som legar må vi læra oss å betrakta tatoveringar som meir enn risiko – åtferd og sosial stigmatisering”, skriv Petter Gjersvik, redaktør i Tidsskrift for Den norske legeforening, i artikkelen «Med kroppen som lerret»".
Det er journalist Mona Grønningen som fekk ideen til denne saka.
– Eg har jobba med reportasjen over fleire månader, innimellom dei daglege nyhendesakene, og det var godt å endeleg få han på trykk. Vi fekk ganske god respons då vi jakta på tatoverte kvinnheringar, og vi kunne heilt sikkert hatt med mange fleire, men måtte til slutt setja ein strek. Målet var ikkje å visa klisjeen; kontrastfylte svart/kvitt-bilete i røff layout som folk har sett før, men heller å få det ned på lokalavisnivå: Tatoveringar er blitt ganske så folkeleg, seier Grønningen.

Avisa bad kvinnheringar senda inn bilde av sine tatoveringar. Dette er berre ein brøkdel av dei mange motiva og variantane som finst på huda til personar frå og i kommunen:

Kreditering:
Idé: Mona Grønningen.
Tekst og foto: Mona Grønningen.
Framsidefoto: Jonn Karl Sætre.
Layout: Vidar Håland.

Ukas bilete: Livet på skuggesida

“Egil fyller lommene med Petterøes, stormlighter og to boksar øl. Resten av ølet set han inn på badet og låser døra.
– Så har eg til i natt, seier han.
– Kvifor låser du badedøra?
– Du veit aldri, seier han underfundig og tuslar ut ytterdøra. Stumpar sneipen grundig i grusen og svingar seg så elegant inn i bilen at vi lurer på om han er edru.
– Du gløymde å låsa ytterdøra, Egil.
– Det gjer ingen ting. Badet er låst.”

Bildeserie med 2 bilder — bla ved å trykke på pilene
Les meir

Journalist tok med grafikar på konsertjobb

“Trommeslagar Rune Solheim (37) frå Husnes har vore den rytmiske motoren i Kaizers Orchestra heilt sidan starten i 2001. Laurdag vart den siste planlagde konserten gjennomført i Stavanger.” Kvinnheringen sin fotograf/journalist Jonn Karl Sætre tok med seg grafisk formgjevar Vidar Håland på konserten. Nytenking, god planlegging og godt samarbeid i redaksjonen har gitt fantastiske resultat.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene
Les meir

Gode tips til temanummer

I Kvinnheringen sitt temanummer Motar og trendar har journalist Mona Grønningen intervjua kvinner frå fleire ulike land om klede og mote. God idé, ryddig presentasjon av saka, fine bilete.

Bildeserie med 2 bilder — bla ved å trykke på pilene

Slik dekka Kvinnheringen valet

Oversikt over kva folk røysta i dei ulike bygdene, intervju med førstegongsveljarar, kommentarar frå grasrota og lokale politikarar. Ein fin balanse i dekninga.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Innvandring bergar folkeveksten i Kvinnherad

Saka “Litt polsk” i Kvinnheringen den 28. juni gir lesarane ei oversikt over kor mange utanlandske statsborgarar som bur i kommunen. “Utan innvandrarane hadde Kvinnherad hatt solid tilbakegang i folketalet. Av 13.305 innbyggjarar, har 703 utanlandsk statsborgarskap. 176 av desse er frå Polen.”

Les saka

Reinhald på anbod

Kvinnheringen er flinke til å rydda førstesida og presentera hovudsaka på uventa vis. Dette er saka om at dei kommunale reinhaldstenestene skal konkurranseutsetjast.

Informativt om småkraftverk

Kvinnheringen har laga denne informative saka om småkraftverk. Dei har klipt frå NVE sin informasjon om konsesjonssøkjarane i Kvinnherad, slik at folk som ferdast i områda skal kunna få eit inntrykk av naturinngrepa som er planlagde. Kartet gir god oversikt.