LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord kommuneplan

Kva meiner gamal og ung om utviklinga?

Sotra Kystby er under utvikling med større kjøpesenter, parkeringsanlegg under bakken, offentlege plassar og gågate, kino og bustader.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Vestnytt har snakka med pensjonistar, barn og ungdom, butikkeigarar og direktør om kva dei synest. Det er delte meiningar om forvandlinga av området, men dei fleste har ei meining. Blir det fint med eit nytt og moderne sentrumsområde, eller forsvinn strileidentiteten frå øya? Sjå den sju sider lange reportasjen i vedlegga.

På nettsidene til Vestnytt kan du også sjå eit videointervju med to tolvåringar som er litt skeptiske, men som også gler seg litt. Ikkje minst gler dei seg til kinoen, sjølv om dei risikerer at kino blir kjedeleg når det blir så tilgjengeleg. Det er fint å få høyre nokre unge sine refleksjonar, som ikkje alltid er som forventa!

Vil skapa debatt om sentrumsplanen

Den nye sentrumsplanen for Våge ligg for tida ute til offentleg ettersyn. Avisa Tysnes er ikkje redde for å seia kva dei meiner om planen.

Skal Våge «stå på eigne bein» som kommunesentrum når ferja forsvinn, treng bygda meir hjelp enn områdeplanen til kommunen byr på, meiner Tysnes. Dei meiner det går an å strekkja seg lenger for å gjera Våge meir innbydande og spanande.

For å visa lesarane kva potensiale som finst, fekk avisa den lokale arkitektstudenten Ketil Rage til å koma med nokre alternative idear. Tysnes gir skissene god plass i avisa. I tillegg arrangerer dei utstilling og debatt.

Sjå saka og skissene i vedlegget.

"Han kom. Han såg. Han godkjende. Han forsvann."

Tittelen er henta frå avisa Tysnes. Saka handlar om fylkesmann i Bergen, Lars Sponheim som vitja Tysnes i samband med godkjenning av ny kommuneplan. Saka er svært godt skrive. Eit godt døme på at politiske saker aldri treng å vera kjedelege på trykk: “Tonen er hjarteleg, men reservert. Høghælte sko, smarte drakter og mørke dressar møter på kommunetilsette i allversjakkar.”

(Foto og tekst: Kjartan T. Melheim)

Kom i forkant av folkemøtet

I slutten av november skal Sykkylven ha folkemøte om framtidsplanen som kommunen skal utarbeide. Fram mot folkemøtet kjører Sykkylvsbladet serien “Med fokus på Sykkylven”. Avisa intervjuer blant andre ungdom, eldre, næringsliv og tilflyttarar, og skriv om tre ulike tema: bulyst, verdiskaping og regional utvikling. Avisa hentar og fram meiningar om Sykkylven frå det faste intervjuet “over kaffikoppen”.