LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord hordaland

Turen då Benjamin vart tatt av snøskred

«Benjamin var alltid positiv. Irriterande positiv innimellom!»

Hordaland fortel historia om siste turen med Benjamin, turen då han vart tatt av eit skred og drepen. Kameratane som var med på turen gjev eit ærleg og godt bilete av vennen som sette så stor pris på turane og opplevingane. Eit godt ettermæle, og ein fin måte å få fortalt kva som skjedde.

Les historia i vedlegget.

Avisdesign som imponerte i 2015

Bildeserie med 14 bilder — bla ved å trykke på pilene

Bla gjennom finalebidragene i «Årets lokalavisside» fra 2015.

  • Vestnytt: Går bananas i fjøra med våtdrakt og hjelm
  • Askøyværingen: Forside om hørselshemmede
  • Strandbuen: Et langt liv i Herrens tjeneste
  • Nordre: Et glimt av døden
  • Hordaland: Vossingar i verda
  • Kvinnheringen: Det kvite gullet

Det kvite gullet frå Kvinnheringen ble stemt frem som vinner av prisen «Årets lokalavisside» under LLAs landsmøte lørdag 16. april 2016.

Hva skjer i 2016?

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Det er mange ulike måter å se inn i spåkula og fortelle hva som kan komme til å skje i året som kommer. Her presenterer vi tre ulike alternativer.

  • Gjesdalbuen forteller om høydepunktene som de vet kommer.
  • Hordaland har fått barn til å spå hvilke kjendiser som kommer og andre store nyheter i 2016.
  • Tysvær Bygdeblad har fått politikere til å reflektere om det politiske 2016.

Avslører "hemmelege" parkeringsplassar

Parkeringsavgifta kan vera til irritasjon om ein nett skal stoppa for eit lite ærend når ein kjører gjennom Vossevangen. Mange fryktar at avgiftsparkeringa er med på å skapa butikkdød i sentrum – ikkje minst sidan Amfi-senteret har gratis parkering.

Det mange ikkje har vore klar over, er at det finst over 300 parkeringsplassar på Vangen som er gratis etter klokka 11 på laurdagar. Hordaland viser lesarane kvar dei finst.

Premiesider frå Hordaland

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene

I natt vart det kunngjort kven som vinn prisar i den årlege designkonkurransen European Newspaper Award. Hordaland får pris for førstesidene med vikingen og harleyane, og for fotoserien om utstoppa dyr. Vi gratulerer!

Interessant temastoff for born

Hordaland er gode på å finna saker som er viktige for born til “Badnateigen”. For eksempel:

Attgrodde og forsøpla leikeplassar med få og nedslitne leikestativ. Heilt forferdeleg, meiner borna om standarden på fleire av dei lokale leikeplassane.

Kva forventningar har ein til å få ein liten bror eller ei søster, og korleis er det eigentleg?

Sjå også denne saka frå i fjor,. der to femteklassingar intervjua ordføraren

Badnateigen om lus var mellom dei nominerte til LLA-prisen for årets lokalavisside i fjor. Her er det barna som er målgruppa og det vises, skreiv juryen den gongen.

Tema: dyra våre

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kven er eigentleg desse folka som fyller stovene med utstoppa jakttrofé, småfuglar eller kjæledyr? Ingerid Jordal og Vidar Herre i Hordaland drog på jakt etter utstoppa dyr, og kom attende med fascinerande historier om heilt spesielle kjæledyr, spektakulære jaktmarker og uvanlege funn i nærmiljøet.

Resultatet blei ein reportasje utanom det vanlege. Sjå dei flotte bileta og les om menneska og dyra deira i vedlegget.

Sportsreportasje: Kampsport

Veging kvar morgon og etter kvart måltid, og garasjetrening med harde slag og spark til mjuk musikk. Det er kvardagen for ei som skal bli klar til sesongstart i kickboksing og taekwondo.

Sjå Hordaland sin sportsreportasje om Christine Hagatun i vedlegget.

Her finner du terminliste for kickboksing.

Her finner du terminliste for taekwondo, jujitsu og karate.

Dei verdifulle supporterane

Uavhengig av divisjon eller nivå kan ein finna spente og engasjerte fedrar, bestemødrer eller kjærastar på sidelinja. Snu kameralinsa mot publikum neste gong du er på ein kamp. Kan hende finn du ein heil gjeng med ivrige supporterar.

Ørjan Brattetveit og Vidar Herre i Hordaland var på sesongens siste kamp i den lokale TeBe-serien for 7-arfotball. Der fann dei supportergjengen Snabbane, med heimestrikka panneband og ein lokal pølsefabrikk som sponsor. Etter kvar kamp deler Snabbane ut ein pølsesnabb til ein av spelarane. Undervegs i kampen bruker dei stemmebanda for å halda stemninga og pågangsmotet oppe.

Les den underhaldande saka i vedlegget.

Sommarspalte: rollebyte

I sommar får vossingar prøve seg på yrke dei ikkje kan. Hordaland klarer å finna fellestrekk mellom ganske så ulike yrke, og utfordrar folk til å byta roller. Frisørsaks og grasklippar byter hender, og bakaren sin deig vert byta ut med møre skuldre. Campingkokken byter plass med hotellvertinna, og asfaltleggjaren får prøva å leggja andletsmaske.

Sommarspalta til Hordaland er krydra med quiz, ein attraksjon og badetemperaturar.

Sjå nokre av oppslaga i pdf-vedlegget.

Snu deg mot publikum

Bildeserie med 6 bilder — bla ved å trykke på pilene

Skal du dekka eit sportsarrangement? Snu deg og sjå på publikum! Kan hende finn du gode historier og bilete på sidelinja, langs løypa eller på tribunen.

Då Sara Finne i Hordaland dekte Bergen-Voss fann ho ein fargerik heiagjeng som “twerka” for syklistane, og to brør som heia entusiastisk på kvar einaste syklist, moped og buss som passerte medan dei venta på far sin. Artig sak og flotte bilete!

Da Tor Hjelset i Varingen for noen år siden skulle dekke fotballskolen for andre år på rad, valgte han ut en av de unge instruktørene som han fulgte i flere dager. Les mer her.

Vil du ta gode sportsfoto? Riktig opplæring og godt utstyr er nøkkelen til suksess. Les Per Egil Larsen sine tips her.

Årets lokalavisfoto: godt bygget opp

Bildeserie med 31 bilder — bla ved å trykke på pilene

Her kan du bla gjennom de 12 bildene som kom til finalen i LLAs fotokonkurranse.

Den som gikk av med seieren i konkurransen var Kristian Westgård i Eidsvoll Ullensaker Blad. Han fikk prisen for bildet av kreft- og slagrammede Damian Moen.

Årets lokalavisfoto av den kreft- og slagrammede 38-åringen er intimt og trist, men fotografen har tatt bildet på en verdig måte. Fotografiet har en fin balanse og er veldig godt bygget opp. Jo mer juryen ser og snakker om bildet, desto bedre liker vi det, skriver juryen.

Bildet og reportasjen om Damian Moen ble trykket på julaften. Du kan lese reportasjen her.

Hordaland fekk to heiderlege omtalar i fotokonkurransen. Ingerid Jordal fekk heiderlig omtale for sitt festivalbilete fra Bygdalarm.

Juryen skriv: Festivabiletet til avisa Hordaland er frå ein klassisk fotojobb, men her ser vi korleis det kan gjerast på ein god måte. Biletet er ikkje oppstilt, det har eit fint og naturleg lys og mange spennande detaljar. Juryen bruker god tid på biletet.

Vidar Herre fekk heiderleg omtale for biletet av flaumen på fotballbana.

Frå juryuttalen: Flaumbiletet til Hordaland er frå ein nokså kjend situasjon, men her ser vi flaum på ein ny og visuelt overraskande måte – og med humoristiske element. Biletet er truverdig og flott.

Vårmagasin om kjærleik

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene

Når sola byrjar å varma igjen, kan ein lett bli litt yr. Kva er då finare enn å prata med folk om kjærleiken? Det gjorde Hordaland i vårmagasinet i år. Dei fann folk i alle aldrar, frå 10 til 90, og intervjua dei om kjærleik. Dei fekk både fine, alvorlege, djupe og morosame svar.

Raude hjarte bind bileta saman. Dei er plassert i trea, i snøen, på kjøkkenbordet og i hendene til gutane i klassen til ti år gamle Helene.

Tekst: Lisa Maria Breistein Sølvberg
Foto: Vidar Herre

- Det var generelt overraskande greit å få folk til å stilla opp og prata om kjærleiken, fortel Lisa Maria.

- Nokre var sjølvsagt skeptiske, og lurte på kor fokuset ville ligga. Då det var vinkla på det personlege, men ikkje private, var folk hovudsakeleg svært positive til prosjektet. Eg opplevde alt frå 10-åringen til 90-åringen som frittalende – i tillegg til svært reflekterte. Kjærleiken vert gjerne sett på som noko stort og vanskeleg å prata om – i tillegg til at yngre generasjonar gjerne har ein ironisk distanse til emnet – men dei som vart intervjua motbeviste svært mykje av dette. Dei gjorde kjærleiken verkelegheitsnær og begripelig, samtidig som dei mange aspekta ved den vart drøfta og respektert. Om ein skal dømma kjærleikens kår ut frå informantane sine synspunkt og openheita deira, då går den ei svært god framtid i møte.

Vårmagasinet vart premiert i innovasjon og konsept-kategorien i European Newspaper Award 2014.

Frå vår til sommar: Hordaland fekk også pris for biletserien av slappe folk under Veko. Kategori: “Photography cut”.

Flaum frå droneperspektiv

Det heftige regnet denne veka førte til at mellom anna Vangsvatnet på Voss gjekk over sine breidder og herja med nærmiljøet. Det dokumenterte 13 år gamle Jakob frå droneperspektiv med gopro-kamera. Videoen vart publisert på Hordaland. Videoen vart populær, og Facebook-lenken vart flittig delt.

Les meir

Voss sin Clark Kent

Det er vel ikkje fyrste gong me skriv om ekstremsportmiljøet på Voss. Men det gjer ingenting når journalist Sara Finne og fotograf Ingerid Jordal tek oss med på ein liten teikneserietur.

Duellar i sommarspaltene

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hordaland har nye duellar i kvar avis i sommar. To personar møtest til duell, og vert utfordra med spørsmål om kvarandre og om eit tema som dei bør kjenna til.

Noverande og tidlegare lensmann kappa om å fakka ein banditt. To forlova fallskjermhopparar bles ballongar om kapp. To konkurrerande frisørar fekk i oppgåve å styla kvarandre. To banksjefar sat på krakken og mjølka kuer om kapp. Ordførar og rådmann fekk ein pause frå oppgåva med å halda kommunebudsjettet i balanse, og forsøkte i staden å halda balansen på slak line. Bilbutikk-eigarar kappkøyrde med olabil. Damelaget sin kaptein og trenar møttest til fotballduell med ølbriller på.

På laurdag vert det sjølvsagt straffekonk mellom Tyskland og Argentina – representert ved ein sauerkraut-etande tyskar kledd opp til oktoberfest, og ei argentinsk kvinne i tangokjole og stilletthælar.

Det har ikkje vore vanskeleg å få folk til å stilla til duell. Dei fleste veit kva det handlar om når dei får spørsmål.

Revolverintervju med ordføraren

Hordaland sine sider for born heiter Badnateigen. Dei skal vera med born, for born på borna sine premisser. Sist var det borna som intervjua ordføraren.

Ordføraren måtte svara på ei rekke alvorlege og vanskelege spørsmål då to godt førebudde femteklassingar kom for å intervjua han:

- Vert det fleire skulenedleggingar?
- Får me nytt, stort basseng på Voss?
- Skal Noreg slutta å pumpa olje opp frå havbotnen, og heller spara for dei som kjem seinare?

Elin Madsen sat på sidelinja og tok notater. Ho fekk lite etterarbeid med intervjuet, som stort sett kunne skrivast slik det vart gjennomført.

- Me brukar ofte femteklassingar. Dei er så store at dei forstår mykje, men framleis stolte av at dei er born, seier Madsen.

Ingerid Jordal har teke biletet.

Skriv de for born? Kjøp nokre utgåver av Aftenposten Junior og sjå korleis dei gjer det. Før dei starta opp, spurte dei born kva dei ville ha. Dei ville ha nyheitssaker om dei same temaa som vaksne er opptekne av, forklart på ein enkel måte og i ei fargerik og fin innpakking. I tillegg ville dei ha morosamt småstoff. Og så ville dei lesa papiravis. Nettet hadde dei gjerne avgrensa med tid til, og den tida ville dei bruka på andre ting.

Dei lettleste avisene Utrop og Klar Tale kan òg vera til inspirasjon. Dei har til dømes korte, enkle og presise oppsummeringar av tekstane og uthveing og forklaring av vanskelege ord.

Vi ere en nation vi med noko attåt

Kor mange nasjonar er det i din kommune? Sjekk Statistisk sentralbyrå. Me vart overraska over både talet på innvandrarar og nasjonar. Det vert definitivt ikkje ei Frp-flaggborg på Voss i år…

Les om dei nye vossingane i vedlegg.

Vil ikkje verta del av storkommune

- Vert me del av ein storkommune vert me redusert til nokre kryp. Då vil me verta nokre små maur i ei stor tua. Me vil mista makta vår og ikkje lengre ha noko å seia, seier ein modøling til Hordaland.

Den vesle kraftkommunen Modalen er ikkje interessert i å vera med på ei kommunesamanslåing. I ein seks siders reportasje i Hordaland får lesarane vita korleis Modalen utvikla seg frå ein fattig, veglaus fråflyttingskommune til ein velståande kommune med nøgde innbyggjarar. Innbyggjarar får sjølv setja ord på kvifor dei trivst i Modalen og ikkje ønskjer seg noko større.

Alle dei 428 kommunane i landet er ulike. Kva gjer dykkar kommunar sereigne? Har dei høge eller låge inntekter? Gode eller dårlege kommunale tenester? Vil ei kommunesamanslåing gjera at dei kan gje innbyggjarane betre tilbod, eller risikerer dei å mista lokale tilbod som fungerer godt?

I KOSTRA-databasen kan de finna tala og samanlikna dei med andre kommunar sine tal. Men korleis det eigentleg er å vera innbyggar i kommunen og brukar av kommunale tenester, det kan innbyggjarane sjølv svara best på.

Stilte spørsmål om sikkerheten

Også små aviser kan gå tungt inn i store saker. Det er journalist Anne Buckle i Solabladet sine saker om LNG-anlegget i Risavika et godt eksempel på. Da Skangass ville utvide LNG-anlegget med et bunkringsanlegg til Fjord Lines nye gassdrevne ferger, begynte hun å stille spørsmål rundt sikkerheten. Sikkerheten i området har også tidligere vært tema for debatt. Det ble laget en konsekvensutredning for den nye delen av området, noe som ikke har vært gjort for resten av området.

Resultatet ble en lang rekke artikler og kommentarer om hvordan og hvorfor LNG-anlegget havnet i Risavika. Artiklene viser at det er stor uklarhet rundt hvem som har ansvaret for hva i Risavika. I artikkelserien har hun blant annet intervjuet forskere, rådgivere i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, politikere, brannvesen og representanter for Fjord Line og Skangass. Se et utvalg av artiklene i vedlegget.

Anne Buckle fikk hederlig omtale for artikkelserien under utdelingen av LLAs journalistpris i helga.

Juryens kommentar:

Det er imponerende av en liten avis å gi seg i kast med en grundig dekning av et så stort tema som LNG-anlegget i Risavika og komplekse problemstillinger i forskrifter og reguleringsplaner. Gjennom iherdig innsats har avisa vist at saksbehandlingen kan ha vært tvilsom, men mest av alt, hva anlegget representerer av fare for omgivelsene.
Anne Buckle er blitt møtt med uforstand og motstand fra mange hold og fra svært ressurssterke miljøer. Det har hun ristet av seg, og vist både et mot og en utholdenhet som kan stå som et forbilde for andre.

Lisa Maria Breistein Sølvberg og Vidar Herre i Hordaland fikk også hederlig omtale. Det fikk de for magasinet Liv & død som de laget i forbindelse med 50-årsjubileet til Voss sjukehus.

Juryens kommentar til “Liv & død”:

Institusjonsjubileum avføder sjelden god journalistikk. Desto meir gledeleg når det først skjer. Lisa Maria Breistein Sølvberg og Vidar Herre gir oss eit levande bilete av alt som skjer innanfor veggane på Voss sjukehus i løpet av nokre korte døgn. Dekninga er allsidig, og spenner frå behandlarar til pårørande, frå pasientar til ambulansesjåførar, frå liv til død. Alt er gjort med respekt, men dei har likevel kome nær. Tekstane er gode, bileta er treffande og samspelet flott.

Fremja hemmelege saker

Vaksdalsordføraren fremja hemmelege saker på formannskapsmøtet. Det får han krass kritikk for i Hordaland.

– Det er berre formannskapet sjølv som kan lukka møtet sitt. Det er heilt meiningslaust å senda ut innkalling på førehand der ein bruker nemningar som “orienteringar i lukka møte”, seier Gunnar Bodahl-Johansen til avisa.

Han poengterer at heile vitsen med ei innkalling og ein agenda, er å fortelja både møtedeltakarar og ålmenta kva som skal handsamast.

– Å opplysa om kva saka gjeld på førehand, vil vera mogeleg – utan å røpa opplysingar som er underlagde teieplikt, slår han fast.

Nisse ved reisas slutt

Grebbe Hangur er død. I tredve år har han lege og snorka på Gjøsteinshjørna, men vetlejolafta tok Grebbe Hangur sitt siste andedrag. No skal han leggjast på kjøl etter å ha lege på lit de parade i melsdagane. Men grautfar set si von til moderne vitskap, og vonar å få liv i han til neste jol, om ikkje vaken akkurat.

Godt aor!

Til LLA-familien.
Frao oss pao Voss

Tekstreklame?

Årets namn

Årets namn er ein fin måte å oppsummera året på. På Voss får heimabrygg og skiskyting hard konkurranse frå ei cupcakedame på Dale i år.

Rundt og rundt og rundt

“Voss har ikkje berre fått êi ny rundkøyring det siste året, men heile fire. Tida er inne til å friska opp kunnskapane om korleis me køyrer i rundkøyringar”, skriv Hordaland. Ei informativ sak om køyrereglane i rundkøyring vart til usedvanleg spenstig bladbunad.

Les mer…

Hallingdølen årets lokalavis i Europa

Tidlegare i år blei Hallingdølen kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser (LLA). Jubelen stod naturleg nok i taket på LLAs landsmøte i Svolvær. No kan Hallingdølen og lesarane deira nok ein gong feira seg sjølve – etter at European Newspaper Award har offentleggjort årets vinnarar.

(skjermdump henta frå Hallingdølen si nettside)

Les meir om prisen på Hallingdølen sine eigne nettsider.

Også Hordaland og Fanaposten kan henta heim diplomar i den europeiske design-konkurransen: Fanaposten for spesialside og Hordaland for førsteside, seksjonsside, fotoreportasje og innovasjon blant lokalavisene.

Les mer…

Deltok på kurs i Brussel

Journalist Ørjan Brattetveit i avisa Hordaland deltok nyleg på EØS-kurs i Brussel i regi av STUP. – Det er fint å få meir kunnskap på dette området, seier Brattetveit.

EØS, EU, EFTA, ESA … Det er lett å gå seg vill i jungelen av forkortningar. Journalist Ørjan Brattetveit tenkte det ville vera nyttig å melda seg på eit kurs som kunne gi han ei betre oversikt over kva som føregår i Brussel, og korleis det påverkar Noreg og Voss.
– Det er mykje landbruk og turisme på Voss. Eg er sikker på at eg vil finna ein del interessante nyhende ved å følgja betre med på kva som skjer i EU. Det dukkar opp relevante saker med jamne mellomrom, som til dømes ostetoll-saka. Eg vil og bruka kunnskapane til å laga analyse- og bakgrunnsstoff til lokale saker, fortel han.
Han har no meldt seg på ulike nyhendebrev for å følgja med på kva som skjer. Kurset anbefaler han til alle.
– Å gå på kurs er bra. Det er ikkje berre det faglege, men også det sosiale som er viktig. Du lærer mykje nyttig, samstundes som du er sosial og vert kjent med andre journalistar rundt om i landet. Det set eg stor pris på, seier han.

Her finn du spørsmål og svar på mykje av det du måtte lura på – om Noreg sitt forhold til EØS, EU og Schengen Og her kan du også melda deg på nyhendebrev og få siste nytt om Noreg og samarbeidet med EU.
Meld deg og på nyhendebrev frå EFTA (øvst på sida)
Andre nyttig linkar

Det gylne snitt

I sist Newton tok dei for seg det gylne snitt i biletkunsten, arkitekturen – og fotografiet. Og ikkje minst at unnatak frå regelen er lov, men då kan det vera lurt å vita kva det gylne snitt er. Sjå programmet på tv.nrksuper.no/serie/newton
I neste program skal dei ta for seg kamera som fangar meir enn kva auga klarar å oppfatta.

Siste skrik frå Amerika

Foto på laurdag