LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord haramsnytt

Ta med elevar på skuleomvising!

Kven er vel betre kvalifiserte til å vurdera kvaliteten på den nye skulen, enn dei som skal bruka han? Då avisa Nordre (tidlegare Haramsnytt) var på omvising på nye Valle skule som skal opna til hausten, tok dei med seg fire elevar. Elevane visste kva dei skulle sjå etter, og konklusjonen var krystallklar: – Kulaste skulen ever!

Sjå saka som vedlegg.

Snart skal ungdommene velge skole

Søknadsfristene nærmer seg, og utdanningsvalg er nok tema i mange hjem de kommende ukene og månedene. Haramsnytt hadde tema skole og utdanning på tirsdag.

På vei ut av ungdomsskole og videregående står ungdommene overfor et vanskelig valg: Hva skal de nå ta seg til? Mange velger tradisjonelt, og jenter i kjeledress og gutter i sykepleieruniform er fremdeles ganske uvanlig. Haramsnytt har møtt tre personer som går mot strømmen.

Manglar fotgjengarane refleksar? Start ein bank!

I Haramsnytt sitt dekningsområde har Trafikksikringsfondet for øyane og Haramsøy skule starta ein refleksbank. Bankane, som er fylt med i alt 500 refleksar, er plassert ut på ni sentrale stader.

– Intensjonen er at det skal vere lettvindt for alle å få tak i ein refleks om dei har gløymt å ta med seg heimanfrå, seier Rolf Longva, styremedlem i TFØ. Låner du refleksen frå ein bank, kan du levere den attende i ein av dei andre bankane.

Kan refleksbanken vere ein idé for lokalaviser? Avislogoen kan lyse opp mørke vinterkveldar og bidra til eit tryggare lokalmiljø.

Laga undersøking om nynorsk i skulen

I temanummeret om skule og utdanning kunne Haramsnytt også presentere resultata av ei undersøking dei har gjort om bruk av nynorsk blant skuleelevar. Undersøkinga viser at mange elevar vel bort nynorsken på vidaregåande.

Les meir

Kreativ enquete

Haramsnytt har laga temasider om skule og utdanning. Der har dei blant anna spurt eit knippe ungdommar om kva dei skal bli. Tøft bilete og kreativ layout!

Kva er det med snusen?

Snus; fuktig tobakk som plasserast under leppa. På innhaldslista finn ein tusenvis av kjemiske stoff, 31 stoff som kan framkalle kreft og nikotin. Blir du freista? spør Ung-redaksjonen i Haramsnytt.

Medan røykarane blir stadig færre, held snusen seg standhaftig på plass under leppene på mange ungdomsskuleelevar. Ung-redaksjonen i Haramsnytt lurer på kvifor, og har intervjua to anonyme snusarar. Resultatet er ei god sak om eit tema som er aktuelt for mange unge. Oppslaget inneheld også noko fakta om snus, lokal statistikk og ein kommentar.

Hent fram annonsar frå avisarkivet

Det kan vera mykje historie i ein annonse. Når Haramsnytt leitar fram stoff frå avisarkivet til spalta på sistesida, tek dei også med gamle annonsar.

Les mer…

Maktmisbruk

Haramsnytt har hatt to undersøkjande saker med denne tematikken, og vurderer å avslutte med ein tredje.
– Først var det fokus på kva idretten gjer for å hindre maktmisbruk, så i lokalpolitikken. Til sist er planen å gå til kyrkja, seier Ole Reinlund redaktør/dagleg leiar i Haramsnytt. Les sakene og leiarane til dette emnet.

Les mer…

Knalltøft å vere fosterfamilie

Haramsnytt hadde ein artikkel på trykk som handla om Bufetat si kampanje for å få fleire til å melde seg som fosterforeldre. Med bakgrunn i det kontakta avisa fleire fosterfamiliar i kommunen for å få dei til å fortelje om si erfaring. Ein fosterfamilie valte å stille anonymt for å prøve å gje eit meir balansert bilete av korleis det er å vere fosterfamilie. Dei kjenner seg ikkje att i det biletet som ofte blir presentert om fosterfamiliar i media. Les saka til journalist Evy Skarvøy Lien.

Ukas bilete: Stormen Dagmar

Dette billetet pryda førstesida til Haramsnytt den 30. desember. Fotograf er journalist Hjørdis Kristine Skaar.

Den nye kvardagen på hybelen

Ungdomsredaksjonen i Haramsnytt har teke eit djupdukk ned i hybellivet til skuleelevar. Tre flotte saker, og eit godt tips til andre ung-redaksjonar.

Les mer…

Kva vil politikarane bruka 20 millionar kroner på?

“To politikarar i Haram og Sandøy, ein i posisjon og ein i opposisjon, har fått 20 millionar kroner frå ein fiktiv rik velgjerer til å putte inn i det kommunale budsjettet. Her ser du korleis dei ville ha disponert pengane”.

Les mer…

Undersøking av praktisk politikk

“Eg hadde eit ønskje om å vise leserane våre korleis politikarane jobbar, kven og kva parti som er mest aktiv i den praktiske politikken, kven som får mest gjennomslag i kommunestyret, og korleis den politiske prosessen fungerer”, fortel journalist Willy Haram i Haramsnytt.

Les mer…

Partia sine politiske avtalar

Les saka til journalist Willy Haram i Haramsnytt om politiske avtalar som blir inngått i kommunestyret, og konsekvensane av desse.

Les mer…

Partia sine politiske avtalar

“Etter valet skal Høgre, ved ordførarkandidat Bjørn Sandnes, ha tatt initiativ til ein politisk avtale for å sikre fleirtal i viktige saker (…) Opposisjonen i Haram, har lenge høyrt snakk om at det finnes ein slik avtale, utan å fått det offisielt bekrefta. Vebjørn Krogsæter (Sp) er ein av desse. Han har hatt ei oppleving av at saker er avgjort før dei kjem opp i kommunestyret. – Det er eit tap for debatten i kommunestyre dersom sakene er avklart utan at dei argumenta som kjem fram blir vektlagt, seier Krogsæter.” Les saka til journalist Willy Haram i Haramsnytt om politiske avtalar som blir inngått i kommunestyret, og konsekvensane av desse: