LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord hallingdølen

Omfattande satsing på idrettsarrangement

Hallingdølen satsa stort på Liatoppen skiskyttarfestival i fjor. Dei gav ein omfattande pakke til publikum, bidrog til at arrangementet blei endå betre, og dei fekk med lokalt næringsliv. Det resulterte i delt pris i LLAs Årets digitale satsing.

Halingdølen har ikkje bere levert eit redaksjonelt arbeid som i seg sjølv er svært solid. Dei har også tenkt heilskapleg kommersielt, skreiv juryen mellom anna om bidraget.

Satsinga til Hallingdølen var ekstra omfattande fordi det var del av eit større, to-årig prosjekt. Målet med prosjektet er å finne ut om TV-produksjonar distribuert på dei digitale plattformene og gjort på oppdrag for arrangørar kan bli eit økonomisk bein å stå på. Hallingdølen har bygd opp ei tv-avdeling med to tilsette i prosjektperioden. Prosjektet er støtta av Innvovasjon Norge. I tillegg har dei fått nokre hundre tusen kroner i EU-midlar.

Redaktør Bjarne Tormodsgard har ikkje sett rekneskapen for prosjektet endå.

– Prosjektet skal evaluerast på styremøtet i juni. Men det ligg an til endringar i opplegget. Det er kostnads- og ressurskrevjande, fortel han.

I samband med Liatoppen skiskyttarfestival leverte Hallingdølen:

  • Arenaproduksjon til storskjerm og livestream distribuert på eigen nettside og nettsidene til 15 andre norske aviser.
  • Eigne sendingar i innskytingspausene før rennstart og i pause i rennet distribuert på eiga nettside og nettsidene til 15 andre norske aviser. Med gjester, intervju og reportasjer frå «studio» på Liatoppen.
  • Tilsaman 13 tima med nett-TV sendingar.
  • Film til premieshow. Innhaldet spegla festivalen frå rigging til løparane var i mål, med hovudvekt på laurdagens arrangement.
  • Fotoprosjekt. Prosjektet vart gjennomført med fotografering av alle løparar rett etter start og produksjon av presentasjonar til premieshow. Alle deltakarane fekk utdelt bilete av seg sjølve.
  • MobilAPPen innehald også ei parkeringsbillettløysing som gjorde det mogeleg å betale parkeringsavgift på førehand og berre syne fram billetten på mobil eller nettbrett ved ankomst Liatoppen.

Følgde asylbarn i tre månader

Torunn Akersveen Lied i Hallingdølen vann LLAs journalistpris for den sterke reportasjeserien om 12 år gamle Paywand Dashtnewerd som levde seks år på asylvent.

Torunn Akersveen Lied følgde Paywand og familien hennar i meir enn 60 timar i løpet av tre månader.

Torunn brukte ein litterær stil. Ho har sett og høyrt det som blir sagt og gjort i reportasjen. Enkelte scener er rekonstruert ved hjelp av samtale med dei involverte og fotografi. Der ho fortel om ein person sine tankar og kjensler, er kjelda alltid den aktuelle personen.

Torunn var med familien til Oslo då dei hadde intervju med Utlendingsnemnda. Ho hadde avtalt med familien at kontakten deira i Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS) skulle ringje henne før han ringde familien med beskjeden om avslag eller opphald. Beskjeden kom allereie på toget heim frå Oslo. Torunn var tilstades og fekk fotografert familien i den avgjerande augneblinken.

Fotografane Patricia Kühfuss og Aleksander Andersen var også med i arbeidet.

Les heile reportasjen i pdf-vedlegget. I den vedlagte metoderapporten kan du lesa meir om korleis journalisten jobba med saka.

Fem prisvinnande reportasjar

Bildeserie med 22 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen tok heile fem prisar i avisdesign-konkurransen til Society for News Design Scandinavia (SNDS). Saman med VG var dei mestvinnande norske avis i årets konkurranse.

Hallingdølen sine prisar:

  • Featuresaka «Kongar for fall», medalje.
  • Lokalsidene «Heilag torsdag», heiderleg omtale.
  • Reportasjeserien «Mikkels overmann» og «Råsterk 50-åring», heiderleg omtale.
  • Featuresaka «Siste reis», heiderleg omtale for visuell kommunikasjon.
  • Magasinsaka «Velstående enke søker bemidlet mann for mulig ekteskap. Come prepared to stay forever.», heiderleg omtale.

Hallingdølen er ei lokalavis til inspirasjon på mange måtar. Bla gjennom vinnarsidene øvst i saka, og hent inspirasjon til både reportasjeidear, tema, layout og foto.

Lagar betalt innhald for hus- og hyttebyggjarar

Vurderer du å prøve ut innhaldsmarknadsføring? Hallingdølen og Kvinnheringen deler sine erfaringar.

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kvinnheringen har gått i gang med betalt innhald. Sist med ei dobbeltside for Bygger’n, med historia om eit par som fekk hjelp til å teikne og byggje draumehuset sitt.

Annonsekonsulent Merete Lillesand skreiv og fotograferte sjølv.
– Det er mykje meir arbeid enn med ein vanleg annonse. Så det er ikkje sikkert at det svarer seg på kort sikt. Men på lang sikt er det ein måte å byggja kunderelasjonar. Og det er knallkjekt å skape noko litt anna, seier ho.

Ho meiner at annonsar som også kan vere godt lesestoff er med på å gjere magasinet meir attraktivt.
– Mange annonsørar, spesielt i byggjebransjen, ønskjer å fortelje om prosjekta sine. Det er ikkje alltid så lett i vanlege produktannonser. Me vil ikkje la det gå inflasjon i denne typen annonsering. Me vil berre bruke det på dei det eigner seg for. Dei dei som sel eit omdøme, som kan vise fram ei teneste, som har fagkunnskap og kompetanse. Det kan til dømes vere hagetips frå gartnaren eller gode råd frå dei som sel briller, seier ho.

Då Merete Lillesand skulle intervjue dei som hadde flytta inn i draumehuset, hadde ho på førehand diskutert med Bygger’n kva dei ville få fram i annonsen.
– Slik kunne eg lett stilla dei rette og leiande spørsmåla i intervjuet. For dette er jo leiande. Det er mykje skryt. Ein journalist ville aldri ha skrive det slik i ein vanleg artikkel, seier ho.

Hallingdølen har mellom anna selt sponsa innhald til eigedomsmeklarar og hytteutbyggjarar. Det har dei god erfaring med, fortel marknadssjef Rolf Sveinhaug.

– Me har måtta pushe dei litt for å prøve det, men dei som har blitt med på det har vore veldig godt nøgde. Eg trur dei kjem til å halda fram med å annonsera på denne måten. Dei føler at dette gir dei meir enn ei vanleg profilannonse, og at det verkar meir seriøst, seier han.

Hallingdølen har valt å la eit eksternt byrå lage sakene. Dette betalar annonsørane 6500 kroner per side for – i tillegg til vanleg annonsepris.

Hallingdølen har berre hatt denne typen annonsar i magasina. Dei vil halda fram med å selja sponsa innhald, først og fremst til store aktørar som vil annonsera i magasina.
– Me føler dette passar best i magasina våre. Det vert nok aldri veldig mykje av dette, til det er marknaden for liten. Me har snakka om å prøva med bilforhandlarar, som til dømes har nye modellar å visa fram. Dette vert annleis enn ein redaksjonell omtale. Annonsørane får skreddersy innhaldet og har kontroll over kva som kjem på trykk, seier Rolf Sveinhaug.

Både Kvinnheringen og Hallingdølen har vore opptekne av å merka det betalte innhaldet tydeleg, og ikkje blanda inn dei redaksjonelt tilsette i produksjonen.

Er du usikker på dei etiske grensene? PFU har behandla fleire saker om kommersielt innhald dei siste åra. Dei har slått fast at innhaldsmarknadsføring ikkje er problematisk. Problemet oppstår når det blir vanskeleg å skilje annonsane frå redaksjonelt innhald. Når dei behandler slike saker, stiller dei spørsmål om korvidt omtalene er tilstrekkeleg merka og/eller har ein utsjånad som i tilstrekkeleg grad skil dei frå det redaksjonelle stoffet. Dei ser altså både på layout, og på kva tekst som blir brukt i merkinga av stoffet. Dei har mellom anna slått fast at det er betre å kalla noko for «annonse», «reklame» eller «sponsa innhald» enn «shopping» eller «reisetips».

Vær varsom-plakaten blei i fjor oppdatert for å ta hensyn til dei nye formene for marknadsføring. No heiter det mellom anna:

2.7 Journalistisk omtale av produkter, tjenester, merkenavn og kommersielle interesser, også mediets egne, skal være journalistisk motivert og ikke fremstå som reklame. Oppretthold et klart skille mellom markedsaktiviteter og redaksjonelt arbeid. Gi aldri tilsagn om journalistiske motytelser for reklame. Unngå ukritisk videreformidling av PR-stoff.

2.8 Skjult reklame er uforenlig med god presseskikk. Kommersielle interesser skal ikke ha innflytelse på journalistisk virksomhet, innhold eller presentasjon. Hvis redaksjonelt stoff er sponset, eller et program har produktplasseringer, skal dette være åpenbart for publikum. Sponsing skal alltid være tydelig merket. Sponsing eller produktplassering i nyhets- og aktualitetsjournalistikk eller journalistikk rettet mot barn, er uforenlig med god presseskikk.

Direkte utgifter til journalistisk virksomhet skal som hovedregel betales av redaksjonen selv. Ved unntak skal publikum gjøres tydelig oppmerksom på hva som er finansiert av utenforstående interesser.

2.9 Redaksjonelle medarbeidere må ikke motta pålegg om oppdrag fra andre enn den redaksjonelle ledelsen.

Fortalde historia om hallingen som stansa Jesse James

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene

I påskemagasinet kunne Hallingdølen fortelja historia om Asle Oscar Sorbel – eller Sørbøl, utvandrarson frå Gol, som i 1876 var med på å stansa Jesse James og den frykta James-Younger-gjengen hans etter den største menneskejakta i amerikansk historie. Ei fantastisk historie frå ville vesten, fortald med stor detaljrikdom og historiske fakta. Likefullt ei sann historie, basert på rike historiske kjelder.

Journalist Magnus Lindahl byrja å jobba med historia etter at han i Aftenposten sitt historiemagasin las om eit register der ein kan finna dei fleste nordmenn som var med i den amerikanske borgarkrigen. Deretter byrja han å googla borgarkrigen og hallingar.

– Det finst fantastiske kjelder på internett. Internett var heilt avgjerande for denne saka. Slik kunne eg også få tak i slektningane til Asle Oscar Sorbel , seier han.

Historia om Asle Oscar Sorbel har ikkje vore kjent her heime, men då Magnus Lindahl byrja å grava, fann han kjapt ut at det er ei stor sak i Minnesota, der dei mellom anna har ein stor festival til minne om hendinga. Difor var det lett å sjekka opplysningane i amerikanske kjelder.

Magnus Lindahl har jobba med historia om Asle Oscar Sorbel i over eit halvt år.
– Eg har lese bøker og dokument på fritida. Det er det mest omfattande arbeidet eg har gjort sidan eg byrja å jobba i Hallingdølen. Det har vore inspirerande å jobba med, spesielt fordi eg veit at her ryddar vi plass når vi har ei god historie, seier han.

Grafikar Jarle E. Stanes har i tillegg jobba mykje med presentasjonen av saka, noko som gjer lesaropplevinga endå betre.

– Når historisk stoff er presentert på ein fengande måte, fenger det lesarane – også dei yngre. Det er denne typen stoff eg får mest positive tilbakemeldingar på, seier Magnus Lindahl.

Han har mastergrad i historie. I dei tre åra han har jobba i Hallingdølen, har han jobba systematisk med å finna historiske vinklingar på stoffet. Han meiner lokalavisene kan bli flinkare til å bruka skriftlege kilder til det historiske stoffet.

– Eg brukar bygdebøker og lokalhistoriske skrift systematisk. Det enklaste er å ta krigshistoria, der er det mange gode saker. Det er framleis behov for å skriva om krigen, for folk har gløymt det, eller aldri fått høve til å lesa det. I fjor opna til dømes landssvikararkivet for innsyn, der kan det liggja lokale saker, seier han.

Bildearkiva til historielaga eller Arkivverket er også ein fin stad å leita etter stoff. I arkivverket sitt fotoarkiv ligg mellom anna bileta av bergensarar på påskeferie på Finse i 1911, også dei publisert i Hallingdølen sitt påskemagasin. Du kan lesa heile påskemagasinet her.

Det historiske stoffet kan til dømes aktualiserast på relevante datoar eller i jubileumsår. I år er det 70 år sidan traktoren gråtassen kom til Noreg. Når traktorane kjem ut på jorda i mai, planlegg Magnus å finna nokre lokale bønder med gråtassar.

Sju prisar til Hallingdølen

Bildeserie med 39 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen får heile sju prisar i den 17. European Newspaper Award. Dei prisvinnande reportasjene er ikkje berre flotte å sjå på, men også interessante å lesa. Her er det altså mogleg å henta svært mykje inspirasjon! Alle sakene ligg vedlagt som pdf.

Hallingdølen får prisar i desse kategoriane:

  • Cover/coverstory: Historia om godt vaksne machomenn.
  • Fotoreportasje: Fototuren til Dovregubbens hall.
  • Nyheitssider – andre verdskrig: Intervju med sju kvinner og menn om korleis dei minnest 8. mai 1945.
  • Lokalsider: To prisar, ein for reportasjen frå Nord-Dakota, der ein oljebrønn sørgjer for pengar i kommunekassa i Ål, og ein for reportasjen om lammet Ulla si siste reis på slakteriet.
  • Magasin: To prisar, ein for jubileumsmagasinet og ein for vintermagasinet.

Kvinnheringen vart kåra til Europas beste lokalavis.

Hvordan behandles de eldste?

Fanaposten forteller den sterke historien om en mann uten pårørende som ligger for døden på et aldershjem. De ansatte ser til han så ofte de kan, men ingen ber for den døende. Det er ikke lov å be for ham med mindre det står presisert i mappen hans. Dette får en besøkende på aldershjemmet til å reagere. Hun skriver et brev til kommunen:

■ Hvilke retningslinjer gjelder for slike situasjoner, hvem har sagt at en ikke har lov å be for et døende menneske?
■ Hvor kommer disse reglene fra?
■ Hvem har tatt denne avgjørelsen på vegne av oss alle?
Hun mener avslutningen av livet må avklares bedre idet en person kommer på en institusjon.

Hvilket sykehjem man havner på, avgjør hvordan behandlingen i livets sluttfase blir. Pasientombud Rune Skjælaaen savner en felles norm, skriver Fanaposten.

Hele saken er basert på to brev hentet fra postlistene til Bergen kommune, et brev fra en pårørende og et svar fra etatssjefen. Journalist Terje Bringsvor Nilsen avtalte med brevskriveren at de skulle presentere saken som en feature-artikkel.

Hallingdølen har også intervjuet en pårørende, som mener at de eldre blir passive og sløve når de kommer på aldershjem. Den pårørende har laget en facebookgruppe, «Aktivitørene tilbake til alders- og sykehjemmene». Uten aktivitører blir det lite frisk luft og stimuli på de eldre, mener den pårørende.

Samtidig er det snakk om å spare enda mer på tilbudet til de eldre i budsjettet.

Valoppsummering på nett-tv

I går ettermiddag hadde Hallingdølen siste valsending for denne gong. Ei 45 minutt lang oppsummering av valet i Hallingdal og Nore og Uvdal som vart sendt på direkten. Sjå sendinga her.

Alt i alt produserte Hallingdølen åtte nett-TV-sendingar på 25-30 min i forkant av valet. Ei om kvar kommune samt fylkeskommunen. Vidare hadde dei direkte sending på valnatta på godt ein time. Og til sist ei oppsummeringssending dagen etter valet.

Alt vart gjort av eigne krefter i Hallingdølen. To av typografane hadde ansvar for sminke, den yngste og den eldste av journalistane var høvesvis programleiar og utspørjar. It-sjefen var lydansvarleg. Ein annan av grafikarane hadde ansvar for å køyre grafikken under sending. Adm.dir var «innpiskar» på valnatta. I tillegg har dei to tilsette som var knytt til nett-TV prosjektet, med ansvar for produksjonane.

– Sendingane har også gitt oss mykje interessant stoff til papirutgåva. Utsegn og saker me har kunna fylgje opp, seier redaktør Bjarne Tormodsgard, som fortel at det er krevjande å sende på direkten.

No er han stolt over at dei kom i mål med det ambisiøse prosjektet.

– Det har vore både lærerikt og krevjande. Kanskje litt over grensa på kva ei lita avis kan makte ved sida av å gje ut vanleg avis og haustmagasin på same tid. Lærdomen tek me med oss til neste val.

Sjå også denne saka om prosjektet til Hallingdølen.

Ny arena for lokalpolitikarane

Hallingdølen har gått i gang med valsendingar. Målet er å nå nye publikum, og auka interessa og valdeltakinga. Publikum seier dei likar å sjå lokalpolitikarane på tv, og politikarane synest det er kjekt å få ein ny arena.

- Dei lokale politikarane når ikkje opp på NRK og TV2, så dette er heilt nytt for dei, seier redaktør Bjarne Tormodsgard.

Hallingdølen er med i eit EU-prosjekt som har gjeve dei tilgang på avansert utstyr frå det spanske selskapet Brainstorm. Selskapet ynskjer å testa ut studioløysingar og grafikk for mindre aktørar. Hallingdølen har tre datastyrte kamera og virtuelt stydio. Men mykje av det Hallingdølen gjer, kan også gjerast med enklare utstyr. Ein treng ikkje meir enn ein mobiltelefon for å laga video-enquete eller intervju med ordførarkandidatar.

Hallingdølen tar det heile nokre steg vidare. Dei har direktesendingar frå eige tv-studio, med partiduell, valanalyse og intervju. Dei har eigne sendingar for kvar kommune og fylkestinget. Valnatta skal dei avslutta med valsending etter midnatt. Alle sendingane vert liggjande på nett så folk kan sjå dei i ettertid.

Hallingdølen har fått opplæring i det tekniske, men ikkje i det redaksjonelle. Bjarne Tormodsgard fortel at det er mykje nytt å tenkja på som journalist på direktesendt tv.

- Torunn Akersveen Lid har aldri før prøvd seg på tv. No er ho programleiar. Sjølv er eg plutseleg valkommentator på tv. Det er nybrottsarbeid for oss, og det er kjempemoro, seier Tormodsgard.

Same dag som dei har tv-sending, har Hallingdølen også valanalyse og fakta frå same kommune på papir, sjå vedlegg.

Priser for avisdesign

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene

Kvinnheringen får medalje for notisframsida si i Scandinavian news design 2015. Hallingdølen får heiderleg omtale i kategorien Local pages for Blinksot i villmarka og i kategorien Magazines for Adolf Hitler likvid for Bejar.

Vi gratulerer!

I tillegg har desse norske avisene vunne prisar: VG (10), Dagens Næringsliv (3), Bergens Tidende (1), Morgenbladet (1), Vårt Land (1). Her kan du sjå lista over alle årets vinnarar.

I pressemeldinga frå SNDS fortel jurymedlem Mattias Bergmann at kvar einaste detalj vart diskutert av juryen.

Lesarane vil ha nynorsk - og er delte i synet på kommunesamanslåing

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen fekk svært gode tilbakemeldingar frå lesarane i ei lesarundersøking nyleg. Avisa står sterkt i alle kommunane, og lesarane er så tilfredse at Opinion og Amedia som står bak undersøkinga knapt trudde på statistikkane.

I undersøkinga fekk lesarane mellom anna seia si meining om at Hallingdølen kjem ut på nynorsk. 54 prosent var positive, medan berre sju prosent var negative. Nynorsken er under press i Hallingdal, særleg i skulen. Leiar Marit Tennø i Noregs Mållag seier til Hallingdølen at ho trur den positive haldninga til nynorsk i Hallingdølen handlar om vanar. Hallingdølen har vore på nynorsk sidan 1970-talet.

Ei spørjeundersøking kan dekkje fleire tema. Dei som deltok i undersøkinga til Hallingdølen blei også spurde om kva dei meiner om kommunesamanslåing. Svara viste at hallingane er delt i synet på kommunesamanslåing. 43 prosent ønskjer dagens kommunestruktur, 23 prosent ønskjer to kommunar og 18 prosent ønskjer ein storkommune.

Flåværingane er mest negative, i likskap med ordføraren i Flå, medan golingane er mest positive. Gol-ordføraren er også positiv til kommunereforma. NIBR-rapporten Lokale folkeavstemmingar om kommunesammenslåing (2004) viste at anbefalingar frå ordførarar og rådmenn kan ha stor betydning for kva innbyggjarane meiner.

Det er også naturleg at golingane er positive fordi det er sannsynleg at Gol kan få kommuneadministrasjonen, påpeiker Frank Aarebrot, som kommenterer tala i ei sak i Hallingdølen. Han fortel at Hallingdal er i samsvar med resten av landet i synet på kommunesamanslåing.

Prisdryss til Hallingdølen

Bildeserie med 21 bilder — bla ved å trykke på pilene

Gratulerer til Hallingdølen som fekk heile ti prisar i årets European Newspaper Award! Sjå vinnarsidene i bildeserien over. Under kan du lesa kva kategoriar sidene vart premierte i.

Kategori: Cover and coverstory
- Kjeringkjaften
Omslag: Foto: Nils-Erik Bjørholt, redigering: Olav J. Bøthun, grafiker: Jarle Stanes
Innsider: Foto: Nils-Erik Bjørholt, tekst: Ida Hundvebakka, redigering: Olav J. Bøthun, grafiker: Audun Berdal

Kategori: Sectional front pages
- Feriemagasinet 2014, Fjellet cowboys
Omslag og innsider: Foto og tekst: Line Sandvik, redigering: Olav J. Bøthun, grafiker: Jarle Stanes

- Påskemagasinet 2014, Rein glede
Omslag: Foto: Line Sandvik, redigering: Embrik Luksengard, grafiker: Jarle Stanes
Innsider: Foto og tekst: Line Sandvik, redigerg: Embrik Luksengard, grafiker: Lisbeth Løken

Kategori: Local Pages
- Geiterygghytta
Tekst: Torunn Akersveen Lied, Foto: Privat og arkiv, redigering: Olav J. Bøthun, grafiker: Vetle Foss Morken

- Ullgriser
Tekst og foto: Line Sandvik, redigering: Embrik Luksengard, grafiker: Jarle Stanes

Kategori: Photography pages
- Snøfoto
Tekst: Line Sandvik, tegning/foto: Jenny Stratton, redigering: Olav J. Bøthun, grafiker: Jarle Stanes

- Foto: Villrein
Foto: NINA, tekst: Thorbjørn Gunhildgard, redigering: Embrik Luksengard, grafiker: Jarle Stanes

Kategori: Fotoreportasje
- Blinkskot i villmarka
Tekst: Arne Ole Lindahl, Foto: Thomas Mørch, redigering: Embrik Luksengard, grafiker: Jarle Stanes

Kategori: Visualisering
- Helseekspressen
Tekst: Torunn Akersveen Lied, grafikk og ide: Olav J. Bøthun og Eirik Dalseide, redigering: Olav J. Bøthun, grafiker: Eirik Dalseide

Kategori: Visual storytelling
- Nils Slåtto
Tekst: Magnus Lindahl, foto: privat, redigering: Olav J. Bøthun, grafiker: Jarle Stanes

Lagar de tv?

Fleire aviser prøver seg no fram med eigne tv-sendingar frå lokale arrangement. Under årets Landskappleik i folkemusikk på Geilo sparka Hallingdølen i gang sitt web-tv-prosjekt. Dei hadde totalt fire sendingar på fire dagar, kvar på 30-40 minutt med fast sendestart klokka 12 og under vignetten Kappleiksdugurd. (Dugurd er det same som lunsj.)

- Ei slik satsing er sjølvsagt i meste laget for ei lita lokalavis, men me kom mål. Å sende direkte med innslag frå tre forskjellige stader i ei og same sending, er også teknisk sett svært krevjande. Litt rusk her og der, men alt i alt er eg godt fornøgd. Både med innhaldet og det tekniske. Dessutan har me hausta mykje nyttig lærdom, fortel Bjarne Tormodsgard.

Erlend Hagen er prosjektansvarleg for nett-tv i Hallingdølen. Han hadde med seg eit team på til saman 12 medarbeidarar under Landskappleiken. Hallingdølen samarbeidde med John Storhaug og Hallgrim Ødegård i Filmprodusentane. Storhaug fungerte som producer medan Ødegård var biletansvarleg og kameramann. Sigrun Høgetveit Berg leia sendingane frå studio i amfiet i Geilo sentrum.

Under sendingane var det gjester i studio som prata og spelte, mellom andre Arne Moslåtten og Odd Nordstoga. Det var også direkterapportar frå sentrum og arenaene, utekjøkken, og turistsjefen i Hol hadde faste innslag som vart kalla «tøk & tempu» der han testa ulike dansesteg.

Opptak av sendingane ligg ute på Hallingdølen sine nettsider.

Designprisar til Hallingdølen og Kvinnheringen

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen får heiderleg omtale for “overall design” i The Scandinavian News Design-konkurransen. I denne klassen er det gjort ei heilskapsvurdering av heile avisa.

– At me nådde opp i denne klassen, er i realiteten ei stor rose til alle tilsette i Hallingdølen, seier redaktør Bjarne Tormodsgard til LLA-weben.

Hallingdølen fekk dessutan både medalje og heiderleg omtale i kategorien “localpages”. Medalje for Foto: Villreinen, og heiderleg omtale for På line over Kjeringkjaften.

Kvinnheringen fekk heiderleg omtale for Kvallitetten i skulen-framsida si i kategorien “frontpages”, ein kategori med tøff konkurranse.

Det vert totalt delt ut 69 prisar fordelt på 11 kategoriar i den skandinaviske designkonkurransen.

Gratulerer!

Fekk journalistprisen for tung jobb

Det er femten år sidan fem ungdommar omkom då bilen dei sat i vart påkøyrd av eit godstog på Gol. Ulykka fekk mykje merksemd den gong. I fjor sette journalist Bernt Ivar Bergum i Hallingdølen ulukka på dagsorden igjen. Han ville finne ut korleis det hadde gått etter ulukka. Det vart ein tung jobb. Han jobba tidleg og seint i vel to månader for å få alle dei involverte i tale. Resultatet vart ein grundig og verdig reportasje om livet etterpå.

Store ulykker skaper mykje medieoppstuss. Så blir det gjerne stille. Men sorga lever vidare. Bernt Ivar Bergum bestemte seg for å finne ut korleis det hadde gått med pårørande, venner og andre femten år etter den store bilulykka på Gol 19. september 1998, der fem unge menneske omkom. Gjennom klokt arbeid med kjeldene har han greidd å lage ein unik reportasje om korleis sorga lever vidare. Han har makta det kunststykket å få alle pårørande i tale, i tillegg til venner og andre involverte. Til saman gir dette eit mektig inntrykk, trass den nøkterne tonen reportasjen er halden i. Juryen trur slike reportasjar kan føre til at folk blir meir opne om sorg og traumer.

Sjå heile reportasjen her.

Reidun Kjelling Nybø, Asgeir Olden og Solveig Steien var i juryen for journalistprisen 2013 som LLA delte ut på landsmøtet i Bergen i helga.

Klare for ekstrem utfordring

Hundekøyraren Ralph Johannessen skal delta i verdas lengste sledehundløp i Alaska, Iditarod. Hallingdølen har ein flott presentasjon av kvar av dei 16 spreke hundane, av Ralph og av løpet.

Her finn de deltakarlista til Iditarod. Om de ikkje har lokale deltakarar i Iditarod, har de kan hende deltakarar i Finnmarksløpet, som startar 8. mars. Sjå deltakarlista til Finnmarksløpet her.

Sjå heile den seks sider lange reportasjen i vedlegga.

Når ein stol blir tom

Når ein stol blir tom fordi eit barn må forlate landet, får ikkje medelevane høve til å seie hadet. Då kjem heimsendinga som lyn frå klar himmel, ofte midt på natta. Korleis påverkar dette dei elevane som sit att? Journalist Ida Hundvebakke skriv om dette over seks sider i Hallingdølen.

Hundvebakke har snakka med fjerdeklasse på Torpo skule i Ål. Då dei starta i førsteklasse, var dei fem elevar frå Torpo, og sju frå asylmottaket. Fem av mottakselevane går ikkje lenger i klassen, og fleire born har kome og gått. Dei som har kome til skulen har vore der kanskje eit par veker, to månader, eller eit halvår. Kva skjer eigentleg med ein skule og ein klasse når vener stadig forsvinn?

Leiar for Kirkens Familievernkontor i Hallingdal, Liv A. Solberg, seier ho aldri har høyrd om forsking på dei som vert igjen:
– Me veit at tap som kjem når ein er ubudd er verre enn tap som ein er førebudd på. Ein veit at alle tap, enten det er av ein ven, ein nabo eller eit dyr er ei kjensleoppleving som påverkar barn.
Veldig mange skular har asylborn blant elevane. Berre i Ål har ein tre skular. Solberg er usikker på om det i framtida vil kome meir forskning på dei som blir att:
– Mykje avheng av media, og kor mykje fokus dei vil ha på det. Eg syns difor det er flott å fokusere på dette, og at skulen går ut og deler sine erfaringar, seier ho.

Når ein retur ikkje er frivillig, kan ein elev brått vere vekke frå ein dag til ein annan.
Rektor Per Egil Kolsrud ved Torpo skule fortel at skulen ofte får eit hint i forkant, men kan ikkje snakke om det til elevane eller dei føresette. Elevane veit det ikkje sjølv.
Leiar for FAU ved skulen, Anita Øvreengen, saknar eit forvarsel:
– Me er klar over at det kan vere problematisk, men me som foreldre skulle ønske at me kunne blitt varsla av skulen om det er ein elev som skal sendast ut av landet. Då kan me førebu ungane på det som kan møte dei, for det er forskjell å få beskjed om at ein kamerat ikkje kjem til å vere i klassen lenger heime av mamma og pappa, i staden for å bli møtt av ein tom stol når ein kjem til skulen, seier ho.

Journalist Ida Hundvebakke fortel at ideen til saka kom til etter at ho besøkte ein skule med mange asylborn rett etter skulestart.
– Eg forstod raskt at fleire born kom til å forsvinne frå klassen i løpet av kort tid. Dermed oppstod spørsmålet «Kva skjer med dei som blir att, og som opplever dette stadig vekk?». Eg tenkjer at dette er eit spørsmål som angår veldig mange, då det finst ein del mottaksskular rundt om i landet. Eg har sjølv gått på ein slik skule, og om du spør meg i dag om eg hugsar namnet på dei mottakselevane som plutseleg forsvann, av ulike grunnar, er eg ikkje sikker på om eg kan gje deg dei på ståande fot, seier ho.
Hundvebakke har ikkje fått reaksjonar på saka etter at ho stod på trykk, men ho fekk eindel reaksjonar medan saka var under produksjon.
– Alle var positive, og mange meinte det var ei viktig sak eg tok opp. Eg fekk også inntrykk av at det generelt er skrive lite om dette temaet over heile landet, med tanke på at det finst lite forsking eller andre artiklar på dette. Skulen var svært imøtekommande då eg kontakta dei med idéen min, og eg møtte mykje velvilje derfrå.

Denne saka stod på trykk i Hallingdølen den 30. november 2013. Les heile saka som pdf-vedlegg.

Se også ISF rapporten 2011 nr 1 Medfølgende barn på asylmottak

Hallingdølen årets lokalavis i Europa

Tidlegare i år blei Hallingdølen kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser (LLA). Jubelen stod naturleg nok i taket på LLAs landsmøte i Svolvær. No kan Hallingdølen og lesarane deira nok ein gong feira seg sjølve – etter at European Newspaper Award har offentleggjort årets vinnarar.

(skjermdump henta frå Hallingdølen si nettside)

Les meir om prisen på Hallingdølen sine eigne nettsider.

Også Hordaland og Fanaposten kan henta heim diplomar i den europeiske design-konkurransen: Fanaposten for spesialside og Hordaland for førsteside, seksjonsside, fotoreportasje og innovasjon blant lokalavisene.

Les mer…

Hundespann med hallingar

Ein lokal hundekøyrar frå Dagali, Ralph Johannessen, debuterer i Iditarod i 2014. Verdas lengste hundeløp for sledehundar. Avisa Hallingdølen presenterer dette på ein framifrå måte.

Les mer…

Gull til Hallingdølen for bladbunad

Det var fredag 11. oktober at Scandinavian News Design gjekk av stabelen i København. Hallingdølen vart her heidra med til saman seks prisar, og vart den mestvinnande norske avisa.

Bildeserie med 15 bilder — bla ved å trykke på pilene

Det var grafikar Jarle Stanes og redaktør Bjarne Tormodsgard som tok i mot vedlasset med prisar i København fredag kveld.
Hallingdølen har vunne prisar i konkurransen også tidlegare år, men dette er første gongen Tormodsgard kan ta med seg gull heim. Det fekk avisa for fotoreportasjen «Vinter i Vassfaret», som stod på trykk i fjorårets vintermagasin.

– Det er første gong me vinn gull, og me har her konkurrert med dei store nordiske avisene, seier Tormodsgard, og ramsar opp mellom anna VG, Stavanger Aftenblad og danske Politiken som andre gullvinnarar. Heile seks prisar gjekk til Hallingdølen. Det var berre Politiken og svenske Dagens Nyheter som fekk fleire, med sju kvar.

Hallingdølen fekk også sølv, for historia «Tutta frå Hovde skal heim». Denne stod på trykk i ei av dei vanlege avisene. Dei fire andre prisane var Award of Excellence-prisar.

Fire av prisane gjekk til saker som har stått på trykk i den vanlege avisa. Dette er gledeleg for redaktøren, som fortel at dei har prøvd å ta kunnskapen frå magasina inn i vanleg avis.
– Eg synest det er moro at me vinn prisar for både magasinsaker og saker som står i vanleg avis. Tidlegare har me mest vunne prisar for magasinsaker, det er difor gledeleg at me no også begynner å få prisar på vanlege avissaker, seier Tormodsgard.
Kjekt er det og at det er mange ulike journalistar som er bidragsytarar på vinnarsakene.
– Det er ikkje berre éin gjengangar, og det er kjekt. Fleire grafikarar er og inne i biletet. Dette er ei vitamininnsprøyting for heile huset, seier han.

Sjå alle sakene som pdf-vedlegg.

Kven abonnerer på lokalavisa?

Hallingdølen har undersøkt kven av stortingsrepresentantane frå Buskerud som abonnerer på lokalavisene i eige fylke. Oppslaget fekk fleire av politikarane til å sjå raudt.

Les mer…

Beste norske i designkonkurranse

Bildeserie med 15 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen vinn på ny prisar for sin flotte design. Denne gongen er det Scandinavian News Design som sørgjer for prisdryss. I konkurranse mot dei beste avisene i Skandinavia stikk Hallingdølen av med heile seks prisar – meir enn nokon av dei andre norske deltakarane.

Redaktør Bjarne Tormodsgard og resten av staben er overvelda over å få seks prisar. Han trur også at lesarane er stolte.

– Dette blir registrert. «Mi avis» vinn, lesarane får også eigarskap til prisane, og dei får stadfesta at avisa deira ikkje er så verst.

Hallingdølen får medalje i kategoriane magasin og lokalsider, medan dei får heidersdiplom for framsider, lokalsider, visuell kommunikasjon og magasin. Kva valør medaljane har får dei ikkje vite før prisutdelinga i oktober.

Hallingdølen gjer det ofte sterkt i designkonkurransar. Tormodsgard trur det betalar seg å investera i typografi.

– Medan mange andre svekkjer den grafiske kompetansen, har vi styrka han. Gjennomsnittsalderen på typografane våre er rundt 30 år. Det er flinke, unge folk som kjem med nye impulsar, og som har skapt eit miljø for å tenkje på presentasjonen. Dei legg sjela si å gjera ting ordentlig, til tross for at vi også har tidspress og avgrensa mengder med materiale, skryt han.

Bla gjennom vinnarbidraga over, eller last ned pdf-ar under. Dette er kategoriane dei ulike bidraga høyrer heime i:
Lokalsider: Norges lengste hengebru
Lokalsider: Tutta frå Hovde skal heim
Magasin: Vinter i Vassfaret
Framside: Gåta er uløyst
Magasin: Kva skjedde med Jacob Tugendreich
Visuell kommunikasjon: Pioner over Nordpolen

Kva betyr «sykkel»? Svar: Skrevarøkk

Hallingdølen har språkquiz i påskemagasinet sitt: I høve språkåret kan du her teste deg sjølv i bokmål. Prøv å finn ut kva desse artige bokmålsorda betyr.

Ikkje så lett, om ein ikkje har god kjennskap til ord og uttrykk i Flå. Veit du for eksempel kva «plattfot» betyr? Fotubrætt, gøngejødd’n eller bjødnaføtt?

Spenning før Finnmarksløpet

I forkant av Finnmarksløpet laga Hallingdølen avisreportasje og video med vinnarane av tre av dei fire siste Finnmarksløpa; Ralph Johannesen og sambuar Inger Marie Haaland. Sambuarparet held til på Fagerheim på Hardangervidda kor dei har finpussa formen fram mot årets løp.

Inger Marie Haaland var einaste halling i 1000-kilometersklassen, og kom til slutt på tredje plass i løpet.

Sjå videoen her.

Tøff togreportasje

Mange lét seg fascinere av modelljernbaner. Hallingdølen har laga reportasje om ein entusiast som har brukt fleire hundre tusen kroner og mange år på bygge opp si eiga bane på loftet heime. Sjå videoen på hallingdolen.no, les avisreportasjen som er vedlagt, og la deg inspirere!

Nært på i tekst og bilete

Under «Nært på» i Hallingdølen sitt innbydande vintermagasin kan vi lese om kreftsjukepleiaren som sjølv fekk kreft. Eit interessant møte med ein sterk person. Saka er presentert over seks sider, og eit nærbilete av brystlomma og navneskiltet til sjukepleiaren pryder første dobbeltsida.

Å gjenfortelle året som gikk

Bildeserie med 17 bilder — bla ved å trykke på pilene

Nok et år er på hell og skal oppsummeres i avisspaltene. Det er mange måter å gjøre dette på. En sammenhengende fortelling om året som gikk, notiser om de viktigste sakene eller oppramsing måned for måned. Redaktørens betraktninger, oppsummering av sportsåret eller årets beste leserbilder. Noen få store bilder, eller mange små.

Eller kanskje dere velger en alternativ løsning, som Dalane Tidende som ved nyttår 2011 ba fire personer fra hver av Dalane-kommunene oppsummere året og fortelle hva de forventet av det kommende året.

Årsskiftet kan også være en fin anledning til å følge opp årets viktigste saker.

Det er lov å være kreativ, og det ene er ikke mer riktig enn det andre.

Ta en titt på de vedlagte eksemplene fra Hordaland, Hallingdølen, Dalane Tidende, Bygdanytt og Sortlandsavisa. Send oss gjerne flere eksempler!

Fire priser til Hallingdølen

Bildeserie med 11 bilder — bla ved å trykke på pilene

Hallingdølen kan skryte av å være blant Europas beste på typografi. De fikk typografi-pris i avisdesignkonkurransen European Newspaper Award. Sju aviser fikk priser for typografi, av disse var det to norske: Hallingdølen og Aftenposten.

– Denne prisen setter vi veldig høyt, sier Hallingdølen-redaktør Bjarne Tormodsgard.

Hallingdølen fikk to priser for «visual storytelling», for en reportasje om en flystyrt under andre verdenskrig, og for en reportasje om en israelsk soldat som ble borte i Hallingdal i 1974. Hallingdølen fikk også pris i kategorien «photo-report», for en reportasje om den pensjonerte pressefotografen Rolf M. Aagaard og bildene han har tatt av utsikten fra hytta. Bildene viser lyset og himmelen over Geilo og Hallingskarvet. Reportasjen har fått tittelen «Skyer på guds himmel», etter en Tor Jonsson-artikkel som førte til boikott av Hallingdølen i 1946.

Snart er det jul igjen ...

Og no er det på tide å planlegge julestoffet.

Synste Møre skal lage julenummer, og har innsett at dei treng hjelp til å lage framsida. Dei utfordrar alle som likar å forme til å sende inn forslag.

Hallingdølen inviterer born til å teikne julekortet som dei skal sende ut til kontaktar og samarbeidspartnarar.

Er det framleis vanskeleg å tenkje jul? Søk på stikkordet jul her i idébanken, eller ta ein titt på idéheftet som vi sende ut for ein dryg månad sidan. Der hadde vi med nokre gode eksempel på julestoff frå tidlegare år.

Ni minutt med Hellbillies

Hallingdølen meistrar videoformatet godt. No slår dei til med ein over ni minutt lang video om Hellbillies, som har 20-års jubileum og feirar med plate nummer 13 og konsert i Oslo Spektrum. Videoen inneheld både intervju og musikalske smakebitar.

Her kan du sjå videoen og lese artikkelen om Hellbillies.