LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord grannar

Kommunestyret sine møte skal vere tilgjengelege

8. januar var medlemmene i formannskapet i Etne kalla inn via e-post frå ordføraren til eit møte som verken var kunngjort eller hadde ei offentleg tilgjengeleg saksliste.

Sakene på sakslista hadde i høgste grad offentleg interesse: Oppnemning av representantar til arbeidsgruppene som skal vurdera sparetiltak i kommunen og diskusjon om arbeidet vidare med kommunereforma.

Rådmannen i Etne meinte at kommunen ikkje hadde gjort noko ulovleg. Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening var ueinig.

– Dersom medlemmene i eit folkevalt organ møtest og diskuterer spørsmål som det ligg til dei å diskutera, så er det saksbehandling, og dermed eit møte i lovens forstand. Dette finst det klar praksis på, blant anna frå Sivilombudsmannen, sa han til Grannar.

Kort tid etter hadde også formannskapet i ein annan Grannar-kommune, Vindafjord, eit møte som ikkje var gjort offentleg kjent. Dei var samla for å gje rådmannen klarsignal til å rive Revehallen utan ordinær sakshandsaming. Bygget var skada under stormen ”Nina”, og rådmannen ønskte ei rask avklaring. Sjølv om formannskapet ikkje skulle fatte eit formelt vedtak på møtet, gjeld likevel reglene om offentlege møte.

Sjå sakene til Grannar i vedlegget.

Relevante paragrafar i Kommuneloven:
§ 31.1: “Enhver har rett til å overvære møtene i folkevalgte organer.”
§32.3: “Saklisten til møtet og andre dokumenter som ikke er unntatt fra offentlighet, skal være tilgjengelig for allmennheten. Møte som skal holdes for åpne dører, skal gjøres kjent på hensiktsmessig måte.”

Lukking av møte
Dersom eit offentleg møte vert lukka, skal kommunestyret/formannskapet vedta lukking. Avstemminga om lukking skal skje i eit ope møte. Dersom dei lukker møtet, må dei ha lovheimel.

Dørene skal verte lukka når:
- Det er lovbestemt teieplikt i saka som skal handsamast.
- Saka angår ein arbeidstakar sine tenestlege tilhøve.

Dørene kan verte lukka når:
- Omsynet til personvernet krev det.
- Omsynet til tungtvegande offentlege interesser tilseier det, og det vil kome fram opplysingar som kunne ha vore unntatt offentleg innsyn om dei sto i eit dokument.

Dersom møtet går bak lukka dører, kan du likevel be om innsyn i dokumenta som følgde møtet. Du kan også spørje politikarane kva som skjedde på møtet. Dei kan ikkje påleggjast teieplikt ut over den lovpålagde teieplikta.

Lydopptak
Du skal få tillating til å gjere opptak av eller overføre lyd/bilde frå opne møte, om det ikkje forstyrrar møtet.

Sjekk også Presseforbundet sine sider om møteoffentlegheit.

Eksklusiv jule-cd til abonnentane

4. desember får Grannar sine abonnentar ei eksklusiv julegåve. Lokalavisa og det lokale lydstudioet ABC-studio har laga ein jule-cd med lokale artistar som ingen andre en abonnentane vil få fatt i. Slik vil Grannar gje noko tilbake til dei trufaste abonnentane sine. Samstundes håpar dei at fleire får lyst til å abonnere på Grannar. Fram til cd-en vert sendt ut, skal artistane presenterast i ein serie eigenannonsar.

Dagleg leiar Arve Skogen ser på cd-en som merkevarebygging for Grannar, og ei fin profilering av lokalt kulturliv. Saman med lydstudioet skal Grannar også arrangere konsert med artistane på plata.

Grannar og ABC-studio starta arbeidet med cd-en i september. Tida vart i knappaste laget for studioet som skulle få på plass innspelingane, og for Grannar som gjekk i gang med å skaffe sponsorar. Totalt har dei fått 12 sponsorar med på laget. –Vi skulle gjerne hatt ein ekstra månad til å få inn sponsorar, seier Arve Skogen. Grannar dekker sjølv kostnadene med distribusjonen.

Meiningsmålingar er godt lesestoff

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Eitt år før kommunevalet har Grannar køyrd partibarometer for kommunane sine, Etne og Vindafjord. Den politiske målinga ga grunnlag for interessante saker om korleis det politiske landskapet kan verta.

I tillegg til politisk måling, la Grannar inn spørsmål om kommunereform, eit tema som blir sentralt i komande valkamp. Saka bygde dei ut med å snakka med tilfeldige personar om temaet.

- Det direkte resultatet har blitt fire oppslag med doble sider. Me har også brukt førstesida godt til å marknadsføra oppslaga. Responsen har vore god, ikkje minst frå dei lokale partia som nå er i gang med nominasjonsproesess og valprogram, fortel redaktør Arne Frøkedal.

Grannar er godt nøgd med tabellane som Norfakta leverte. Norfakta tilbyr lokale politiske meiningsmålingar for LLAs medlemsaviser. Lokale meiningsmålingar er godt lesestoff og kan vera grunnlag for interessante analysar.

Utlandet før og no

I eit fint skråblikk i Grannar sitt sommarmagasin fortel journalist Grethe Hopland Ravn om kor kjipt ungane synest det er å berre reisa til Danmark på sommarferie. Ho mimrar attende til sin eigen fyrste utanlandstur, den gong combi-camp og svenske tiar-lappar var stor stas og fekk henne til å føle seg lukkeleg og rik. Kjekk lesning!

De kan sjå heile sommarmagasinet til Grannar her.

Inviter lesarane til å skriva påskekrim

I samband med at avisa Grannar er 40 år blir lesarane inviterte til å skriva påskekrimmen som alle i Grannar-distriktet skal kosa seg med i påsken 2013. Påskekrimmen er eit samarbeid med ein lokal sparebank. I skrivereglane står det mellom anna at både avisa og sparebanken må vera ein del av historien.

Les mer…

Som du spør får du svar

«Heime trur eg ikkje mamma og pappa har eit slikt ekteskap, men eg trur kanskje mamma har eit på skulen? Ho jobbar der.»

Kvar måndag presenterer Grannar alle klassane på folkeskulen i distriktet under vignetten «Klassen min». Kvar av klassane er på trykk rundt to gonger kvar på tida dei går frå 1.- 10. klasse. Journalistane stiller elevane spørsmål, som dei varierer litt etter kva aldersgruppe elevane tilhøyrer. – For eksempel spurde journalisten førsteklassingane i fjor om kva arbeidsoppgåver ordføraren hadde og fekk mange gode svar, fortel journalist Elin B. Øvrebø.

Førre veke fekk Grannar mykje skryt for «Klassen min», då journalist Grethe Hopland Ravn stilte spørsmål om kva eit ekteskap er for noko.

Nettaviser i nye drakter

Grannar si nettavis kom i dag i ny drakt. Målet har vore å gjere avisa lettare å lese på mobile einingar.

Svalbardposten si nye løysing inneber at det no kostar pengar å lese dei fleste sakene.

Sunnhordland endra også nyleg utsjånaden på nettavisa si.

Dei beste bileta i lokalavisnoreg

Dette biletet av Marius Knudsen og Mediehuset Sunnhordland vart kåra til Årets lokalavisfoto under LLA sitt landsmøte i helga. Sjå dei andre bileta som kom høgt opp i tevlinga.

Les mer…

Godt illustrert vegsak

“Statens vegvesen har forslaga klare for kor den nye europavegen mellom Etne og Haugesund skal gå, og sist veke fekk formannskapa i Vindafjord og Etne sjå traseen
teikna på kartet”
. Grannar presenterte traseen for lesarane sine på ein flott måte.

Få tak i "spåmenn" om 2012

Grannar har utfordra fire “spåmenn” til å sjå inn i det nye året: Lensmann Ingvar Gjærde, dagleg leiar Rolf R. Sjursen i Berge Sag Gruppen, sosiolog Lars Arnvid Steine og seniorøkonom Kjersti Haugland i DNB Market, alle med lokal tilknyting. Fin samansetning. God sak som vil bli lest.

Les mer…

Ukas bilde: Våt dåp langt inne i fjellet

Liv Astrid H. Hesjedal er fast helgemedarbeidar for Grannar. Førre helg fekk ho eit noko uvanleg oppdrag. Å dekke barnedåp langt inne i Bjønndalen. Det tok journalisten tre timar å gå til staden dåpen skulle finne stad. Og regnet auste ned.

Sjå heile saka som vedlegg

God oversikt over aldersfordelinga på vallistene

Grannar har gitt lesarane sine oversikt over aldersfordelinga på vallistene. Dette gjer dei ved bruk av god nyhetsgrafikk. Fokuset er yngste, og eldste på listene.

Les mer…

Se hva avisene skriver om det kommende lokalvalget

Det vises godt i lokalavisene at vi nå er inne i et valgår. Vi har samlet inn et knippe valgsaker fra Grenda, Grannar, Klæbuposten, Tysvær Bygdeblad, Bø Blad, Birkenes Avisa og Suldalsposten.

Les og se mer

Tips til næringslivsjournalistikk

Lokalaviser er selvsagt avhengig av annonseinntekter fra det lokale næringslivet. Derfor kan det være vanskelig å si nei når lokale butikker eller bedrifter ønsker omtale. Redaktør Arne Frøkedal i Grannar gir deg tips til god næringslivsjournalistikk.

Les mer…

Meir lokalstoff for ungdom og av ungdom

Elevar ved medielinja på Etne vidaregåande skule skal eit par gongar i månaden lage ungstoff til avisa Grannar, under vignetten “Ured”. Redaktør i Grannar, Arne Frøkedal seier avisa med dette vil setja større fokus på unge lesarar. – Me ynskjer å via meir plass til stoff som ungdommar er opptekne av. Me vil ha ein del valstoff med ungdommeleg profil, og eg håpar dette kan auka deltakinga blant dei unge veljarane til neste kommuneval, interessa for eige nærmiljø og lokalpolitikk hos unge lesarar, seier Frøkedal, som også håpar at unge vil engasjera seg med lesarinnlegg.