LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord framtida

KOSTRA-samarbeid

I samband med kommunebudsjetta har det blitt henta inn KOSTRA-tal for kommunane til LLA sine pilotaviser Gjesdalbuen, OPP, Dølen og Søgne og Songdalen Budstikke. Å samanlikna seg med andre kommunar enn berre nabokommunane kan vera spennande, både for avis og lesar. Sjå oppslaget til Dølen.

Les mer…

Få tak i "spåmenn" om 2012

Grannar har utfordra fire “spåmenn” til å sjå inn i det nye året: Lensmann Ingvar Gjærde, dagleg leiar Rolf R. Sjursen i Berge Sag Gruppen, sosiolog Lars Arnvid Steine og seniorøkonom Kjersti Haugland i DNB Market, alle med lokal tilknyting. Fin samansetning. God sak som vil bli lest.

Les mer…

Sjekk ut nettstaden Framtida.no

I går vart nettstaden Framtida.no lansert. Dei som står bak nettstaden er ABC Startsida, Landslaget for lokalaviser, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Mot til å meina, Magasinett og Pirion. – Eitt av måla våre er å vera ein viktig arena for engasjementet til unge, og sjå nyhende frå ein ung synsvinkel. Eit anna mål er å auka valdeltakinga blant unge ved valet, og styrkja nynorsken, seier prosjektleiar for Framtida.no, Svein Olav B. Langåker. Det er lagt opp til stor grad av brukaraktivitet på Framtida.no, til dømes skrive- og fotokonkurransar, debattar, bloggar med meir. Fem lokalaviser, Dag og Tid, lnk.no og Magasinett leverer stoff frå starten. I tillegg er 15 unge og engasjerte kommentatorar frå heile landet knyta til Framtida.no. Prosjektet er støtta av Kulturdepartementet.