LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord bøblad

Soga om eit ekteskap

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Ordførar Olav Kasland har mange gonger brukt ekteskapsmetaforen om kommunesamanslåinga. No har Bø forlova seg med Sauherad, og Bø blad fortel soga om dei to kommunane og korleis dei fann kvarandre.

Driv folkeopplysning før meiningsmåling

Bø blad har dekka kommunereforma grundig. Før folkeavstemminga 10. april la dei ut pdf-ar av alle sakene dei hadde skrive om kommunesamanslåing på nettsidene www.boblad.no, slik at folk skulle kunne lese seg opp om ønskjeleg. Dei hadde skrive 125 avissider om temaet dei siste par åra.

– Det opplyste me om både på FB og i papiravisa – ei slags public service til folket for å gjere dei opplyste, forklarer redaktør Hilde Eika Nesje.

I avisa før folkeavstemminga hadde dei 10 sider om kommunesamanslåing med ulike vinklingar. Blant anna brukte dei ei meiningsmåling for det den var verdt og såg på ulike variablar ved å lage saker om dei (unge, eldre, kjønn osv). I tillegg intervjua dei ein tvilar, ei ja-kvinne og ein nei-mann.

Bø er nå inne i runde to når det gjeld kommunesamanslåing. Då dei hadde folkeavstemming var det berre 40 prosent oppmøte. Denne gongen blir det opinionsundersøking på grunn av den låge valdeltakinga i april. Spørsmålet no er om ein skal slå saman Bø og Sauherad. I siste avis hadde Bø blad enquete med 20 tilfeldige bøheringar. Dei fleste ser ei slik samanslåing som uproblematisk. Det same var signalet på eit folkemøte om saka. Men er me nå så sikre, spør Hilde Eika Nesje på leiarplass.

I same avis hadde Bø blad intervju med professor og tidlegare rådmann Bjarne Jensen. Han meiner kommunesamanslåing er positivt for byar og til skade for distriktskommunane. Han fortel at folketalsutviklinga og utviklinga i talet på arbeidsplassar har vore svakare i kommunar som har slått seg saman enn andre kommunar i tilsvarande kommunegruppe. Han meiner det kan dokumenterast med tal frå tidlegare samanslåingar. Bjarne Jensen er ein av redaktørane og forfattar av boka «Folkestyre eller elitestyre? Kommunereform i perspektiv». Han baserer ikkje uttala si bare på kommuneleiingar, men går inn og ser på andre vinklar – blant anna distrikstprofilen som er viktig i denne samanheng.

Presenterer hundre listekandidatar

Bø blad klarer å presentere dei 12 øvste kandidatane på alle partilistene før valet. I enquete-form får dei nærare hundre kandidatane spørsmål om hjartesaka si, og om kvifor folk bør stemme på dei.

- Vi presser dei til å koma med ei lokal hjartesak. Det holder ikkje at dei berre svarar “helse”, seier redaktør Hilde Eika Nesje.

I vedlegget kan du også lese saka om MDG som kan kome på vippen i Bø. Det viste ei meiningsmåling som Bø Blad fekk gjennomført tidlegare i sommar. Meiningsmålinga gav stoff til fleire saker, i tillegg til at ho fekk fart i debatten.

- Folk synest det er interessant med meiningsmålingar. No går dei og ventar på neste måling, seier Eika Nesje, som planlegg ei ny meiningsmåling før valet.

LLAs samarbeidspartnar Norfakta Markedsanalyse gir gode prisar på meiningsmålingar til LLA-avisene.

Hvilken kommune ønsker innbyggerne?

Slik presenterer Bø Blad resultata av ei meiningsmåling dei har fått gjort om kommunesamanslåing. I tillegg til å undersøka kva kommunestrukturar som er mest ønska, har dei kartlagt kven som meiner kva. Dei har undersøkt skilnader mellom kjønna, mellom ulike aldersgrupper, og mellom ulike veljargrupper. Dei har også spurt kvar kommunehuset bør liggja.

Både kommunesamanslåing og valet er interessante tema for ei meiningsmåling. Sjå også korleis Grannar presenterte resultata av si meiningsmåling.

Oppmodar andre til å bli politikarar

Det er ikkje for seint å koma på vallister i Bø. Fleire politikarar gjev seg etter denne perioden, og det er behov for nye folk. Men er det noko å trakte etter å vere folkevalt?

Bø blad har gjort ei spørjeundersøking mellom dagens folkevalte. Dei fleste anbefaler andre å prøve seg i politikken, til tross for stramme budsjett og vanskeleg økonomi.

Tok tak i parkeringsukultur

I Bø i Telemark sliter man med ukultur hva parkering av biler angår. Problemstillingen er nok kjent også i andre bygder i Norge. Bø Blad har en pågående serie om ukulturen under tittelen “Bilens mekka”. Serien har gitt resultater. Redaktør Hilde Eika Nesje skriver:

«Bø er ein liten kommune, med eit tett og kompakt sentrum. Sjølv om bygda er eit stort handels- og skulesentrum i Midt-Telemark er det ikkje lange avstandar å bevege seg på. Maks 10-15 minuttars gange dei fleste stader. Parkeringsplassane ligg òg tett, nesten ein til kvar butikk og det blir gjerne rabalder om ein snakkar om å lage fleire rundkøyringar fordi da vil ein miste parkeringsplassar. Til tross for eit lett tilgjengeleg sentrum er det bilen som råder, fotgjengarar slit og parkeringskulturen er slett. Ein køyrer gjerne mellom to butikkar som ligg 50 meter frå kvarandre. Dette har blitt eit politisk tema i bygda dei siste åra ettersom ein ønskjer å fortette sentrum for å hindre butikkdød og tomme lokale. Bø blad ville i samband med dette sette fokus på irriterande parkeringskultur som skaper hinder for andre og trafikkfarlege situasjonar. Dette blir gjort i samarbeid med lesarane som kan sende inn bilete til spalta – redaksjonen har knapt tatt eit bilete sjølv etter at me lanserte den. Bilens Mekka har blitt ein snakkis, folk blir faktisk meir bevisste og spøker ofte med si eiga parkering, men me har òg hatt eit par-tre sinte bilistar som meiner at me heng ut folk (sjølv om me alltid sladdar skilta). Dei fleste reaksjonane er likevel positive, folk humrar av dette.
Me har hatt redaksjonelle artiklar der me intervjuar butikkeigarar, politi m.m. om ukulturen. Politiet seier det ikkje kan gjere noko, men at det handlar om folkeskikk. Bø blad har fått fleire eksempel på at folk endrar åtferd pga spalta (Pizzabilen parkerer nå t.d. alltid lovleg og ikkje på fortauet).»

Ny vri på ordførarpraten

Då Hilde Eika Nesje i Bø blad skulle lage nyttårsprat med ordføraren, brukte ho heile alfabetet i førebuinga.

– Det var ein annleis vri på eit slikt intervju som ofte blir litt keisamt og «politikartørt». Eg valde sjølv stikkorda på kvar bokstav, og det var viktig at både faste og meir opne innfallsvinklar skulle kome ut av det, fortel ho.

Resultatet vart eit annleis intervju. Mange av svara handla om politikken, men nokre vart også meir personlege. Hilda var spesielt spent på kva ordføraren ville seie til stikkordet «zumba».

– Vanskeleg bokstav og valet fall på zumba fordi treningsforma har blitt så populær her. Eg ante ikkje kva det ville gje meg og om ordføraren i det heile hadde noko å seie til det – så viste det seg at dette var det einaste oppdraget han som ordførar hadde takka nei til! Flaks og nytt!

Skriv om elevråda

“Elevråda på skulane er kanskje den første staden der elevar formelt får lov til å vere med
og bestemme over kvardagen sin. Bø blad har snakka med dei som sit i desse råda.
"
Avisa har rydda førstesida til elevrådsaka, skrive leiar og laga fire siders reportasje.

Les mer…

Hvordan gikk det med ungdommen i budsjettet?

I rådmannens budsjettforslag vil Storfjord kommune kutte i helsetilbud for unge, kulturstillinger og utsette kunstgressbane. Det lagde Framtid i Nord sak på.

Les mer…

Bø Blad med jubileumsavis

Torsdag 1. desember presenterte Bø blad noe avisa har gledet seg til lenge: Et jubileumsbilag på 52 sider med glanset omslag – altså noe å ta vare på. Du kan lese hele avisa.

Les mer…

Nye politikarar skriv om livet i kommunestyret

«Ordførar», starta eg, for det har eg nett lært at vi skal seie når vi snakkar i kommunestyret; med respekt. Det snørar seg litt saman i halsen. Merkeleg, det er jo ikkje det same å snakke i kommunestyret som å snakke i andre fora eg har delteke i. Kvifor? Er det menneska eller har eg ei overdriven respekt for det politiske fora? Eg les og eg les. Omsetter skriftleg nynorsk til morsmålsdialekta mi på direkten. Knoting. Var det nokon som stønna?"

Les mer…

Ukas bilde: Fullmåne i vinterland

Onsdag 19. Januar var det fullmåne. Journalist Øystein Akselberg i Bø blad tok med seg sitt Nikon D90 ut i skiløypa.

Les og sjå meir

Se hva avisene skriver om det kommende lokalvalget

Det vises godt i lokalavisene at vi nå er inne i et valgår. Vi har samlet inn et knippe valgsaker fra Grenda, Grannar, Klæbuposten, Tysvær Bygdeblad, Bø Blad, Birkenes Avisa og Suldalsposten.

Les og se mer

Godt intervju med de to yngste i kommunestyret

Bø Blad leverer et to siders intervju med de to yngste kommunestyrerepresentantene. Det er interessant å lese om deres erfaringer i politikken. Avisa har også en oversikt over aldersfordeling på valglister under kommunevalet i Bø 2007 (plassangitt).

Lesarane kårar unge talent, ungdomsrådet nominerer

Prisen “Unge talent i Bø” blir delt ut tre gonger i året (januar, mai og september) til talentfull ungdom mellom 16-25 år.

Les og se mer

Gode ungdomsportrett

Bø Blad har gjort suksess med sine ungdomsportrett:

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Historier frå 70+

Redaktør og dagleg leiar Hilde Eika Nesje i Bø blad meiner ein ikkje skal ta det som sjølvsagt at dei eldre lesarane alltid vil vera trufaste abonnentar . Etter å ha starta opp serien Ung i Bø er avisa no godt i gang med serien Historier frå 70 +. Med denne serien ynskjer avisa å setja fokus på kvardagshistorie og menneske i bygda som har levd nokre år. Serien er svært populær, og avisa får stadig inn nye tips til intervjuobjekt.

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene