LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord vaksdalposten

Manglande møteoffentlegheit? Klag til Sivilombodsmannen

Offentlegprinsippet er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp. Grunnlova (§ 100) slår fast at alle har rett til innsyn i kommunen sine dokument og i folkevalde organ sine møte.

Offentleglova utdjuper retten til dokumentinnsyn, medan kommunelova utdjuper møteoffentlegheita.

I fjor hadde dei folkevalde i formannskapet i Vaksdal eit felles gruppemøte før det ordinære formannskapsmøtet. Tema skal ha vore budsjettet, men møtet var verken kunngjort eller protokollført. Det vart heller ikkje fatta noko vedtak om lukking av dørene.

Redaktørane i Vaksdal Posten og Hordaland sende inn ein felles klage til Sivilombodsmannen. Kommunen får kritikk av Sivilombodsmannen. Møtet skulle ha vore ope, og ei eventuell lukking av møtet skulle ha skjedd etter reglane i kommunelova.

Dersom eit folkevald organ vedtek å lukke eit møte, skal du be om ein lovheimel i kommunelova (§ 31). Møte i folkevalde organ skal lukkast ved lovbestemt teieplikt og under saker som gjeld ein tilsett sine tenestlege tilhøve. Ein kan også velje å lukke møte av omsyn til personvern og når det vil kome fram opplysningar som kunne ha vore unntatt offentleg innsyn etter offentleglova.

Sjå kommunelova § 31 om møteoffentlegheit og § 32 om innkalling og saksliste.

Sjå også andre døme på saker knytt til kommunelova på presse.no.

Førehandsomtale med ein morosam vri

Esben Hesjedal i Vaksdalposten skulle laga førehandsomtale av Johnny Logan-konserten som skulle vera i samfunnsssalen på Vaksdal. Han kunne han ha gjort det på den enkle og tradisjonelle måten, og fortald ei historie som dei fleste kjenner frå før. I staden la han hovudet på hoggestabben og gjenga si eiga oppleving av å snakka med stjerna. Resultatet vart ein herleg sjølvironisk og annleis presentasjon av artisten.

– Førehandsomtalar kan lett opplevast som eit pliktløp, men av og til kan det fungera å ta sjansen på å gjera noko litt annleis, seier Hesjedal, som har fått mange positive tilbakemeldingar på intervjuet.

Flott jubileumsavis frå VaksdalPosten

VaksdalPosten fyller 25 år, og markerte dette med ei flott jubileumsavis på torsdag. Vi gratulerer, og sluttar oss til konklusjonen i redaktørens helsing på side 2: «…det er ikkje så verst å vera liten heller, så lenge ein opplever at ein er viktig for lesarane».

Les heile avisa som vedlegg.

Folket sine hjartesaker

VaksdalPosten har spurt folk i valåret 2011 kva dei vil at dei lokale politikarane skal prioritera i neste kommunestyreperiode.

Les mer…

Kven møtte mest og minst i politikken?

Kven av politikarane møtte mest og minst i 2009? Journalist Magne Solhaug i VaksdalPosten har sett på møteprotokollen 2009 frå formannskap og kommunestyre i Vaksdal og Modalen.