LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord vtb

Lokka til seg intervjuobjekt med gratis pennar

Vest-Telemark blad kjøpte sak om student-statistikk frå frilansar Yngve Johnsen, tok journalist Randi Berdal Hagen turen til Oslo for å møte studentar frå Vest-Telemark. Før ho drog, etterlyste ho dei på Facebook og lova VTB-penn til dei som møtte opp på Universitetsplassen på eit bestemt tidspunkt. Facebook-innlegget var effektivt, folk delte og tagga studentar dei kjente. Slik fekk ho samla eit knippe studentar midt i eksamenstida.

– Det varmar eit lokalavishjarte å sjå kor glade dei blei for VTB-pennane! seier Randi Berdal Hagen, og legg til: – Neste gong skal eg invitere dei ut på ein pils og ein prat etterpå, tenkte eg.

Vest-Telemark blad prøvar å bli flinkare til å bygge ut Yngve Johnsen-sakene dei bestiller.

– Det er liten tvil om at stoffet kjem meir til sin rett med lokale fjes på. Særleg viktig var det i student-saka – denne gruppa må me ha eit forhold til! Eller omvendt, då.

Avdekte ordføraren si rolleblanding

Vest-Telemark blad gjorde ein grundig jobb då dei i fjor haust avdekte korleis ordføraren i Fyresdal hadde blanda rollene som ordførar og alternativ behandlar. Han hadde gått direkte til tilsette med instruksjonar, gitt råd om å behandle kreftsår med bakepulver og tatt imot pasientar til behandling på ordførarkontoret. Saka starta med at kommunestyret kritiserte ordføraren for å ha utsett tilsette i kommunen for «utilbørleg press og framferd». Dette fekk VTB til å søke om innsyn i saksdokumenta og skrive saka Derfor fekk ordføraren refs.

Journalist Randi Berdal Hagen fekk saman med kollegaene Martin Årseth og Geir Ufs Telemark journalistlag sin journalistpris for saka. «Reportasjen fører ei brei kjeldeskildring som får fram ulike aspekt ved saka på nært og samstundes sakleg vis», skreiv juryen i grunngjevinga.

Randi Berdal Hagen fekk også heiderleg omtale for den fine reportasjen «Anne Grete Larsen – Eit friminutt frå sorga», som handlar om korleis Anne Grete Larsen bearbeida sorga med å gå turar. Larsen omtalar pilegrimsvandringa for etterlatne etter sjølvmord som «eit friminutt frå sorga». Saka sto på trykk før pilegrimsvandinga for etterlatne etter sjølvmord.

Juryen meiner: «Bidraget er innfølande utan å bli sentimentalt, og perspektivet blir utvida og nyansert ved at journalisten tek ein person til med i intervjuet, prostidiakon Eilev Erikstein.»

Testa lokale tilbod

For å sjå breida i kva Vest-Telemark har å by på, sende Vest-Telemark blad to bladfykar rundt til alle kommunane for å sjå på tilbod og attraksjonar.

Bladfykane nøgde seg ikkje med å sjå på attraksjonane, dei testa dei også. Eller, fyrst og fremst var det vikaren Martin Årseth frå Vestlandet, med kallenamnet “Strilen”, som vart utfordra av den meir lokalkjende “Knøsen”, Geir Ufs.

Artig måte å visa at det finst flust av aktivitetar innan rekkevidde!

Eidsvollmannen i teikneserie

I samband med grunnlovsjubileet engasjerte Vest-Telemark museum Tor Arne Hegna til å lage ein teikneserie om eidsvollmannen Talleiv Olavsson Huvestad. Vest-Telemark blad nytta teikneserien til å fortelje historia om den lokale eidsvollmannen i vekene før 17. mai.

Påsketips: Lag lokalt brettspel

Vest-Telemark blad har for tredje år laga sitt eige påskespel, inspirert av stigespelet. Spelet har eit humoristisk blikk på lokalsamfunnet. Spelebrikkene er ordførarkyllingar teikna av ein av journalistane.

Ein god idé som heilt sikkert er artig å gjennomføre, og som kan gje lesarane ein god latter!