LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord sunnmøringen

Noen ganger blir en avisleser bergtatt

Fredag bladde jeg i mange lokalaviser (jeg er heldig som får lese aviser i arbeidstiden), som vanlig det var mye bra, men ikke så mye som fanget min interesse. Helt til jeg fikk denne forsiden i foran meg – ikke vet jeg hvorfor jeg ble bergtatt, men noe var det. Fin sak, nydelig forsidebilde.

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

– Teikn sommaren

Sunnmøringen vier go’sida til flotte og fargerike teikningar av kjøttmeiser som born i Ringstad barnehage har teikna. No håper dei lesarane vil ta dei på ordet og senda inn fleire teikningar av våren og sommaren.

Heider til Sunnmøringen-journalist

Journalist Sindre Omenås i Sunnmøringen har fått heiderleg omtale av Møre og Romsdal Journalistlag for den grundige gjennomgangen av «Eventyret Strandafjellet». Artiklane har tidlegare vore omtala her i idébanken.

Les meir

God oppsummering av viktig lokalsak

Stranda kommune er gjeldstynga, og vil no innføre eigedomsskatt og selje kommunale eigedommar. Blant årsakene til den store gjelda er dei store investeringane kommunen har gjort på Strandafjellet, eit skianlegg som det no ligg an til at dei sel med tap.

Satsinga på Strandafjellet har fått mykje merksemd. Sunnmøringen samlar no trådane og presenterer gjennom fleire aviser ein grundig gjennomgang av historia om Strandafjellet. Dei baserer seg på tidlegare intervju med Sunnmøringen, sakspapir og politiske vedtak. Slik får lesarane ei god oppsummering av kva som har skjedd, og eit godt grunnlag for å ta stilling til korleis saka har vore handtert.

– Vi følger utviklinga dagleg, men vil også lage ei liknande framstilling av salsprosessen på eit seinare tidspunkt, fortel journalist Sindre Omenås.

Kva skjer med plasten folk sorterer?

“Husstandar i Stranda kommune måtte i fjor leggje seg til vanen med å kjeldesortere plast. Ettersom det blir henta i same renovasjonsbilsompapp og papir, blir det då blanda og brent? Bli med Eva Karin Fossheim på jobb og sjå kvar plasten endar opp”, skriv Sunnmøringen God sak laga av journalist Maria Nerhus.

Budsjettet frå A til Å

Då budsjettet for Stranda kommune var oppe til diskusjon i kommunestyret, presenterte Sunnmøringen og journalist Sindre Omenås ein alfabetisk oversikt over nokre av hovudtema. Ny og frisk vri på tung materie.

Sjå saka som vedlegg

Sunnmøringen kårer Strandas finaste utsikt

Fram til jul vil Sunnmøringen presentere bilete frå innsendte utsikter i Stranda kommune: “Det gjer vi for å vise fram kva kommunen har å by på når det gjeld moglege naturopplevingar, også innandørs. Om nokon blir frista til å flytte heimatt, eller bli ny innbyggjar i kommunen, eller bare kjenner stoltheit over kommunen ein kjem frå, er det kjempebra”, skriv avisa.

Les mer…

Førstegongsveljarar: Unge og utanlandske statsborgarar

Sunnmøringen har intervjua fire førstegongsveljarar, to ungdommar og to utanlandske statsborgarar. Journalist Sindre Omenås har fått tre av dei (den fjerde hadde alt bestemt seg) til å ta ein veljartest på nettet.

Les mer…

Grav i arkivet etter tomme løfter

“Sunnmøringen vil fram mot valet trekkje fram ulike tema vi meiner er viktige for innbyggjarane i Stranda kommune. I dag startar vi med ungdom.”

Sindre Omenås i Sunnmøringen har gravd i arkivet og tørka støvet av viktige ungdomsprosjekt det til nå ikkje ikkje har blitt noko av: etablering av ny ungdomsklubb og skaterampe: "I åtte år har ungdom på Stranda venta på ein plass å stå på rullebrett. Lovnadene frå politikarane har så langt berre vore fagre løfter. – Vi bad om ein plass, og meinte kjellaren i Kaihuset var perfekt. I staden valde kommunen å bruke det til lagringsplass for rullestolar, seier Sebastian Næss
Les saka som vedlegg

Lar toppkandidatane bestemma stad for intervju

Difor vert det mange turar ut i naturen for Sunnmøringens journalist Sindre Omenås, sist sett på ein fjelltopp saman med SVs ordførarkandidat.

Les mer…

Korleis er alkoholpraksisen i kommunen?

“Det er stor forskjell på alkoholpraksisen i Stranda kommune. Kommunetilsette får ikkje alkohol i det heile, medan det vankar ofte øl, vin og sprit når styret i Strandafjellet KF er samla.” Sindre Omenås i Sunnmøringen har sett på økonomien og rekneskapa til dei to kommunale føretaka i Stranda.

Les mer…

Vinn ein snikkar

Sunnmøringen er i gang med tidenes vervekampanje: “Vervar du ein abonnent blir du med i trekninga av ein snikkar!”. Avisa trekker også ut ein vinnar blant nye abonnentar, som får same snikkarpremie.

Les mer…