LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord sunnhordland

Gode tilbod til Pokémon-jakta

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Pokémon Go har fått folk til å vandre gatelangs i timevis på jakt etter Pokémon. Undervegs kan det vere godt med eit avbrekk i ein av butikkane eller kaféane ein passerer. Då Pokémon-feberen kom til landet i juli, gjekk Sunnhordland derfor ut med denne annonsekampanjen. Butikkane heiv seg på, med tilbod om PokePack-matpakker, mobillading og synstest for dei som har problem med å finne Pokémon. Sal og materiellhenting blei gjort av to seljarar på to dagar, og gjekk over all forventning, fortel komersiell leiar Kari Nøstbakken i Sunnhordland.

– Tilbakemeldingar frå kundar, lesarar, redaksjon og seljarar er at dette var gøy! Me har også fått tilbakemeldingar om at det var kjekt med endring i annonseformat, og ein fin måte å samle annonser på.

Vart med Dråpen i havet til Hellas

Bildeserie med 6 bilder — bla ved å trykke på pilene

Fotojournalist Marius Knutsen i Sunnhordland vart med frivillige frå Stord då dei reiste til Lesbos i Hellas. Dei frivillige, som reiste med organisasjonen Dråpen i havet, hadde med seg klede og pengar som dei hadde samla inn på Stord. Framme på Lesbos hadde dei vaktar der dei speida etter båtflyktningar på den farefulle sjøvegen frå Tyrkia.

– Det var utfordrande psykisk, då ein aldri kan vita kva ein kan møta på. Det var også veldig kaldt då me var der nede. Men mitt samarbeid med Dråpen i havet funka veldig bra, og eg fekk vera med på alt. I flyktningleiren i Moria tek politiet (visstnok) kamera ditt om dei ser du tar bilete, fortel Marius Knutsen.

Marius Knutsen fekk ikkje vera med på å ta imot båtar på dei fire dagane han var på Lesbos.

– Eg har endå ikkje klart å bestemma meg for om eg meiner eg var heldig eller uheldig som ikkje fekk vera med å ta imot båtar, seier han.

Då reisefølgjet frå Stord sat på flyet heim att, sette seks gummibåtar kursen mot Lesbos. Ein av dei kantra, og 27 personar, inkludert 11 born, mista livet.

Sjå reportasjen frå side 56 i magasinet Mitt Sunnhordland.

Må tåla vitsar om eiga avis frå karikaturteiknaren

Frå 9. mai blei Sunnhordland sine fem papiraviser i veka slegne saman til tre. Dei har lova fyldigare og meir gjennomarbeidde aviser, med minst like mykje lesestoff som før. I tillegg skal dei satsa meir på nettavisa.

Dette gjekk ikkje upåakta hen hjå humorspaltisten «Lars Tutlebø», som leverer ei heilside med Tåkeluren til Sunnhordland kvar veke. Sjå kommentaren hans i vedlegget «Taakeluren om Vikalappen».

Det er ein lokal tidlegare journalist og kjend karikaturteiknar som står bak pseudonymet «Lars Tutlebø». Han har hatt fast avtale om leveranse av Tåkeluren i fleire år.

– Han har frie tøylar, og av og til er han litt på kanten, og det har skjedd ved eit par høve at han har vore over kanten … Men stort sett går det bra, fortel redaktør Magne Kydland.

Dokumentar: Då legevakta tok feil

Rune Alsaker var død 19. januar for tre år sidan. Det meinte legevaktlegen. Men ein time seinare fann mora ut at sonen levde. Og det hadde han gjort heile tida.

Rune Alsaker vart erklært død etter eit hjarteinfarkt, og det tok fem timar før han kom på sjukehus og fekk behandling. Han har enno ikkje fått erstatning for det som skjedde. Han slit både fysisk og psykisk etter hendinga. Han føler seg svikta, både då og seinare, av legevakt, ambulansefolk, fylkeslege, pasientskadenemnd og politi.

Sunnhordland har dukka djupt ned i saka til Rune Alsaker. Journalist Geir Rommetveit var einaste journalisten familien gav innsikt i journalar og dokument. Rune Alsaker har friteke alle i helsestellet for teieplikta, difor brukar journalisten rapportar og dokument som Alsaker og advokaten hans har fått tilgang til.

Han fortel historia til Rune Alsaker med ei rekkje detaljar og dokumentasjon. Vi får mellom anna sjå avskrift av lydloggen til AMK-sentralen, tidslinje, utdrag frå politirapporten, frå sakkunnige-rapportar og kopi av utskrifta av hjartestartaren, som viser at Rune Alsaker var i live heile tida.

Geir Rommetveit har følgd tett på Rune, familien og saka sidan våren 2013. Då jobba han i Pandora Film, og planen hans var å laga TV-dokumentar. Han var i samtalar med NRK og TV2, men då han slutta i Pandora Film, vart det for dårleg oppfølging av TV-selskapa, fortel han. Difor vart historia i staden ein 20 siders reportasje i det nye magasinet til Sunnhordland, Mitt Sunnhordland, der journalistar, fotografar og grafikarar får rom til å boltra seg.

Les heile saka i magasinet Mitt Sunnhordland.

Populær konkurranse: Den finaste heimen

I fjor kåra Sunnhordland den finaste heimen i området. Det var ei gruppe på tvers av redaksjonen, webutviklar på huset, grafisk avdeling og annonseavdeling som jobba fram ideen. Annonseavdelinga var ikkje innblanda i utforminga av innhaldet, men samla inn sponsorar til premiar og selde inn interiørannonser til dei dagane som sakene kom på trykk.

Ideen utvikla seg til ein serie som fekk heiderleg omtale i LLAs pris «Årets digitale satsing».

Resultatet er ein elegant og godt presentert serie, der lesarane ikkje bere inviterte avisa heim – men konkurerte om det – og der lesarane kunne boltra seg i flotte bilete frå dei finaste heimane i distriktet, skreiv juryen om bidraget.

Våren 2015 etterlyste Sunnhordland aktuelle kandidatar via Facebook og eigenannonsering på papir og nett. Redaksjonen plukka ut ti hus i ulike stilarter og prisklasse. På hausten presenterte dei ein ny kandidat kvar måndag.

Grafisk avdeling utforma ein heilt ny layout for prosjektet, inkludert eigen logo. Det blei laga i ein heilt ny seksjon på sunnhordland.no, med same layout som på papir. I nettversjonen kunne lesarane bla seg gjennom fleire bilete enn dei fekk på papir. Det blei laga biletserie til kvart hus/kandidat. Sidan alle kandidatane var samla inn under samme seksjon, var det lettare å samanlikna kandidatane med tanke på at konkurransen gjekk for seg over tid.

Då alle kandidatane var presentert, var det mogleg å stemma. Lesarstemmene blei lagt saman med stemmene frå ein nøye utvalt jury, og vinnaren blei presentert i desember.

Konkurransen blei promotert i videoar som blei lagt ut på sunnhordland.no og på Facebook:

http://tv.sunnhordland.no/den-finaste-heimen
http://tv.sunnhordland.no/kven-er-din-favoritt

Responsen frå lesarane var god, med i snitt rundt 1000 klikk per sak (som var kun for abonnentar) digitalt. Digitalt var alle finaste heim-sakene blant dei meste leste på sunnhordland.no, som ein må logga inn på. Det kom inn rundt 1400 lesarstemmer i konkurransen – frå 1000 ulike brukarar. Av desse var det rundt 30 stemmer som kom inn frå papirsettelet i papiravisa.

I denne serien kom Sunnhordland inn i heimane til folk. No er avisa i gang med ein ny serie, der dei kjem inn i garasjane til folk. Her kan du sjå første episode i serien «Garasjen».

Festa kamera på røykdykkar

Når brannvesenet får anledning, hender det at dei brenn ned gamle hus for å øva på taktisk og teknisk sløkking. Då Stord brann og redning hadde ei slik øving på Hystad, fekk Sunnhordland sine lesarar koma så tett på som mogleg. Sunnhordland festa nemleg eit kamera på ein av røykdykkarane. Sjå videoen her.

Inspirerende fotofinalister

Bildeserie med 16 bilder — bla ved å trykke på pilene

Det ble sendt inn over 200 bilder, bildeserier på nett og videoinnslag til LLA-konkurransen «Årets lokalavisfoto 2015». Juryen valgte ut 12 finalister, som du kan bla gjennom i denne bildeserien.

Juryen besto av pressefotografene Sveinung Ystad, Katinka Hustad og Line Ørnes Søndergaard.

  • Årets vinner ble Anne Jo Lexander i Askøyværingen. Hun fikk prisen for en bildereportasje fra fotballbanen. Slik så den ut på nett, og her kan du se hvordan den så ut på trykk. Juryen sa dette om vinnerbidraget:
    «Arbeidet med bildereportasjen i Askøyværingens nettutgave er forbilledlig og serien er utenfor den klassiske fotballsaken. Fotojournalist Anne Jo Lexander bruker tid på å følge treningsglade ungdommer på en nær og engasjerende måte – og hun er med på leken! En strammere redigering ville ha løftet saken enda mer, men alt i alt faller juryen for mange gode enkeltbilder og for engasjementet bak bildeserien.»
  • Kari Anne Skoglund i Nye Troms fikk hederlig omtale for sitt bilde av en elg som hopper ut i veien foran bilen. Juryen uttalte:
    «Kari Anne Skoglunds bilde av elgen er et eksempel på et meget godt hverdagsbilde – som juryen gjerne skulle ha sett flere av i norske aviser. I Nye Troms får vi et uforutsigbart og spennende øyeblikksbilde. Det krever mer enn flaks å få et slikt bilde på en god måte!»
  • Marius Knutsen og Anders Totland i Sunnhordland fikk hederlig omtale for denne videoreportasjen. Juryen kommenterte:
    «Gjennom sin videoreportasje med ei mor som har mista eit barn, har Marius Knutsen og Anders Totland i Sunnhordland gått inn i noko vondt på ein alvorleg, skikkeleg og verdig måte. Lokalavisa lar mor snakke fritt utan spørsmål. Videoopptaka, også dronebileta, er svært gode – og brukt godt.»

For gode fototips, se denne saken fra idébanken.

Prisverdige saker frå Sunnhordland

Bildeserie med 11 bilder — bla ved å trykke på pilene

Sunnhordland får tre prisar i European Newspaper Award (ENA). Dei får fotoreportasje-pris for saka om sjølvmord, og pris for lokalsider for sakene om Mariann Vestbøstad Marthinsen og hundre år gamle Margit Engen.

ENA er ein design- og konseptkonkurranse, men også innhaldet i sakene til Sunnhordland er gjennomarbeidd og prisverdig. I saka om Mariann Vestbøstad Marthinsen har dei rekonstruert ulukka som tok frå henne eit bein då ho var lita jente. Historia om Margit er eit varmt og fint portrett av ein hundreåring. “Livet etter døden” set fokus på sjølvmord og dei tankane pårørande kan sitja att med. Denne har me skrive meir om i idébanken tidlegare.

Set kunsten på kartet

Kunstverk i offentlege rom kan vekke oss og provosere, men etter kvart gløymer me nesten kunstverka også. Sunnhordland har laga ein skulpturguide for Stord, der lesarane kan klikke seg rundt i kartet og sjå bilete av og lese om kvar einskild skulptur.

Sunnhordland har brukt verktøyet StoryMap til å fortelje historia. StoryMap er enkelt å bruke. Søk opp stadsnamn på kartet, legg inn bilete eller video og tekst, lag så mange sider du vil i historia og publiser. Prøv sjølv!

Kreativ presentasjon av kreativ gutt

Marius Knutsen i Sunnhordland hadde fredagsprat med ein usedvanlig aktiv 13-åring. Fridar har nettopp fått drøymestipendfor å utvikla seg som sjonglør. Han er begeistra for dyr, sirkus (av den dyrefrie typen), teater og fotball. Det viser att i bileta og den flotte presentasjonen av portrettet.

Årets lokalavisfoto: godt bygget opp

Bildeserie med 31 bilder — bla ved å trykke på pilene

Her kan du bla gjennom de 12 bildene som kom til finalen i LLAs fotokonkurranse.

Den som gikk av med seieren i konkurransen var Kristian Westgård i Eidsvoll Ullensaker Blad. Han fikk prisen for bildet av kreft- og slagrammede Damian Moen.

Årets lokalavisfoto av den kreft- og slagrammede 38-åringen er intimt og trist, men fotografen har tatt bildet på en verdig måte. Fotografiet har en fin balanse og er veldig godt bygget opp. Jo mer juryen ser og snakker om bildet, desto bedre liker vi det, skriver juryen.

Bildet og reportasjen om Damian Moen ble trykket på julaften. Du kan lese reportasjen her.

Hordaland fekk to heiderlege omtalar i fotokonkurransen. Ingerid Jordal fekk heiderlig omtale for sitt festivalbilete fra Bygdalarm.

Juryen skriv: Festivabiletet til avisa Hordaland er frå ein klassisk fotojobb, men her ser vi korleis det kan gjerast på ein god måte. Biletet er ikkje oppstilt, det har eit fint og naturleg lys og mange spennande detaljar. Juryen bruker god tid på biletet.

Vidar Herre fekk heiderleg omtale for biletet av flaumen på fotballbana.

Frå juryuttalen: Flaumbiletet til Hordaland er frå ein nokså kjend situasjon, men her ser vi flaum på ein ny og visuelt overraskande måte – og med humoristiske element. Biletet er truverdig og flott.

Greip fatt i fulle skulebussar

Her kan du sjå Sunnhordland si sak om overfylte skulebussar. Etter at Sunnhordland skreiv om problemet, vakna politikarane, og skuleelevane fekk fleire bussar. Saka fekk journalistprisen til LLA under landsmøtet i april. Saka har også fått heiderleg omtale under under Haugesund Journalistlag sin vinterkonferanse.

I juryen til LLAs journalistpris sat Reidun Kjelling Nybø, Elin Sofie Lorvik og Gard L. Michalsen. Dei skriv om saka:

Eit strålande døme på at lokalpressa grip fatt i eit lokalt problem som dei ansvarlege ikkje prioriterer, men der engasjementet som avisa bidrar til å skapa, til slutt fører til ei løysing. Redaksjonen fortener ros for bruken av levande bilete både frå eigen redaksjon og lesarar, for brei kjeldebruk, eit glimrande samspel mellom plattformer og for å ta born og ungdom på alvor.

Saka starta med at Sunnhordland fekk tips om svært overfylte skulebussar og trafikkfarlege forhold for elevane. Så fekk dei tilsendt ein video frå ein ungdomsskuleelev. Videoen dokumenterte problemet.

Journalist Vilde Hjertholm Lunde og fotograf Per Egil Larsen vart med på tur med skulebussen. Dei laga og fleire oppfølgingar med reaksjonar og kommentarar.

Saka skaka opp og engasjerte både lærarar, rektorar, foreldre, ordførar, politikarar, Trygg Trafikk og statssekretær Bård Hoksrud (Frp). Skyss, som organiserer skuletransporten, skulda på for lite pengar, og prøvde så godt dei kunne å bortforklara problemet. Saka vart teken opp av lokale politikarar i fylkeskommunale organ, og to veker seinare snudde Skyss. To nye bussar vart bestilt, og nokre veker seinare vart det sitjeplass til alle elevane.

Våre beste julebordhistorier

Julebordsesongen er godt i gang, med dei flauser og underhaldande historier det fører med seg. Sunnhordland markerte starten på julebordsesongen med gode tips og ville historier. Dei fekk lokale kjendisar til å fortelje om juleborda dei aldri gløymer, og tok livlege studiobilete av kjendisane.

Reportasjen er bygd ut med fakta om julebord, politiet sine julebordshistorier og julebordstips, ein julebordarrangør sine forventningar til sesongen, og ei lita åtvaring frå ein forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet.

I møte med nominasjonskomiteen

Anders Totland i Sunnhordland har vore med nokre av partia sine nominasjonskomitear på planleggjingsmøte. Ei fin og informativ sak der lesarane får eit innblikk i ein viktig del av den demokratiske prosessen.

Nominasjonskomiteane skal fylla vallistene og har dermed stor makt over kven som vert valde inn i kommunestyret. Kven som står på listene, kan også verka inn på kor mange stemmar partiet får. Det er derfor interessant å sjå korleis komiteane jobbar.

Roy Sverre Amundsen i nominasjonskomieteen til Arbeidarpartiet fortel til Sunnhordland at dei må tenkja på både kjønn, geografi, alder og nyrekruttering når dei set saman lista. Lista skal verta vedtatt av partiet sitt nominasjonsmøte, men ifølgje Aud Berit Alsaker Haynes har lista frå nominasjonskomiteen aldri blitt endra i nominasjonsmøtet til Ap.

Korleis jobbar nominasjonskomiteane i dykkar kommunar? Er det vanskeleg å få til ei god breidde på lista? Eller er det kanskje vanskeleg å få folk til å stå på lista i det heile?

Korleis går det med nyskaparane?

Mange lovande nyskaparar får offentleg stønad, til dømes frå kommunale og regionale næringsfond. Sunnhordland har i ein eigen artikkelserie sett nærare på ein del av dei som har fått stønad. Korleis går det med dei?

Dei har nytta høvet til å sjå forbi dei store lokomotiva i industrien, og funne fleire interessante småselskap og enkeltpersonar som ønskjer å skapa noko. Dei spør: Når det offentlege gjev pengar til private næringsdrivande, kva får det offentlege, eller i alle fall fellesskapet, igjen? Serien gjev og høve til temasaker om næringsutvikling og arbeidsliv, og tips til dei som vil starta for seg sjølv.

Dei aller minste

Sunnhordland fortel historia til dei aller minste i denne reportasjen. Fem prematurfødde born og foreldra deira har sterke historiar om frykt og frustrasjon, glede og takksemd. Nokre av desse borna hadde truleg vorte lagt til sides for å døy om dei hadde vore fødd halvanna veke tidlegare.

11 prosent av alle svangerskap som passerte veke 12 enda i 2012 før veke 37, og er rekna som prematurfødslar. Born som vert fødd før veke 37 får ein tøff start på livet, med smerter og umodne organ. Men mange veks opp til å verta sterke og friske, slik 18 år gamle Edith fødd i veke 27 er eit eksempel på i Sunnhordland sin reportasje.

Fotograf Per Egil Larsen, som sjølv er ein av fedrane i reportasjen, fortel at han valde å bruka svartkvite bilete for stemninga si skuld, samstundes som det redda ein del dårlege mobilbilete.

Journalist Anders Totland har skrive saka, medan Lena Herland Eide har stått for utforminga av sidene.

Korleis er ståa i barnehagane?

Dei siste tiåra har talet på barnehageborn mangedobla seg. Sunnhordland ser nærmare på kva dette har å seia for lokalsamfunna, og for dagens småbarnsfamiliar i Stord og Fitjar i ein ny reportasjeserie.

Korleis er barnehageøkonomien? Kor mange menn jobbar i dei lokale barnehagane? Korleis er kvardagen i barnehagen? Korleis feirar dei ulike barnehagane bursdagar, og korleis førebur dei borna på skulen? Og korleis er kvardagen hos dei familiane som ikkje har barnehageplass?

Mange interessante spørsmål som har vorte til ein omfattande artikkelserie. Serien starta med ein sjusiders helgereportasje og har blitt følgt opp med nye saker kvar dag og ei eiga samleside på nett.

På innsida av rusmiljøet

Mesteparten av jentene i dette miljøet vel å selja seg sjølv for å få råd til stoffet. Eg har valt å selja narkotika, dessverre.

Om eg hamnar på køyret igjen, kjem det ikkje til å gå bra.

Sitat som dette kjem ikkje av seg sjølv. Journalist Anders Totland og fotograf Per Egil Larsen i Sunnhordland brukte mykje tid på å få innpass i rusmiljøet.

– Det var spennande, men ikkje minst tidkrevjande, å jobba med desse sakene. Spesielt fordi verken eg eller fotografen hadde noko særleg kontaktnett i rusmiljøet frå før, og dette ikkje akkurat er det lettaste miljøet å få innpass i. I starten brukte me ein del tid på å oppsøka nokre av dei faste samlingsplassane, blant anna eit kommunalt aktivitetssenter og Kirkens Bymisjon, der rusmisbrukarane får eit arbeidstilbod. Der møtte me opp utan notatblokk og kamera, for å byggja tillit, og fekk etter kvart gjort avtalar med dei som kunne tenka seg å stilla til intervju. For å få tilgang til desse kjeldene, var det heile tida ein premiss at dei når som helst i prosessen kunne trekka seg. Det var det berre ein som gjorde, fortel Anders Totland.

Men det grundige arbeidet gav avkastning. Sunnhordland hadde i romjula ein åtte siders reportasje der dei gav ein grundig presentasjon av rusmiljøet på Stord. Dei presenterte dei ulike hjelpetilboda som finst, og ikkje minst fekk lesarane verta nærare kjent med nokre av dei som har vore ein del av det tyngste rusmiljøet i fleire år.

I dei neste vekene hadde Sunnhordland fleire oppfølgingsreportasjar, der politi, politikarar, foreldre og naboar vart intervjua om narkotikautfordringane på Stord. Også i desse sakene vart brukarane sine stemmer høyrd.

Linda Herland Eide står bak den grafiske utforminga av sidene.

Den siste reisa

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Medan tredjekvar nordmann vel kremasjon, kan me nesten telja på fingrane kor mange som gjer det same på Stord. Dei siste åra har talet vore ganske jamt. Ni av ti vel kistegravferd. Kva er det som gjer oss på bygda så tradisjonsbundne, når skikkane er i endring i meir tettbygde strok?

Eit interessant spørsmål som angår oss alle. Journalist Anders Totland i Sunnhordland besøker kyrkjegaden og krematoriet og stiller spørsmålet til tidlegare og noverande kyrkjeverje, den ansvarlege for krematoriet i Bergen og ei kvinne som har fått meldinga om at ho hadde kreft.

Reportasjen har fått ein verdig presentasjon med rein bladbunad og fredelege, svartkvite foto. Per Egil Larsen har tatt bileta, medan Mari-Anne Korsvik står for den grafiske utforminga.

Inviterte lesarane til å koma med innspel

Stord kommune skal bruka éin million kroner på å “fjonga Torget”, som journalist Anders Totland i Sunnhordland skriv. Kommunen har ikkje oppmoda innbyggjarane om å koma med innspel på kva dei ynskjer seg på Torget i sentrum. Men det gjorde avisa.

(skjermdump frå sunnhordland.no)


Redaktør Magne Kydland fortel at dei gjorde dette som ein liten prøve på nytt kommentarfelt til artiklar på nett som avisa vurderer å innføra. Slik ser det ut under artikkelen om Torget:

(skjermdump frå sunnhordland.no)

Sunnhordland fekk inn ti innspel, og alle var seriøse og konkrete.
– Nokre av desse kom med i ei oppfølgingssak på papir. Dette er noko me vil nytta meir i tida framover, seier Kydland.

Samarbeida med avisa om ynskjekonsert

Songlaget Stordabuen arrangerer ynskjekonsert i det lokale kulturhuset kvar haust. I år ville songlaget at publikum skulle bestemma songar, og kontakta difor lokalavisa. På Sunnhordland sine nettsider fekk lesarane høve til å senda inn si ynskjeliste og å røysta fram låtar.

Les mer…

Ukas bilete: Frå stemmelokala

Usedvanleg flott fotojournalistikk frå stemmelokala valkvelden, signert fotograf Per Egil Larsen i Sunnhordland. Flott og dristig kombinasjon av svart/kvit- og fargebilete. Desse bileta er Ukas bilete i LLA.

Bildeserie med 5 bilder — bla ved å trykke på pilene
Les mer…

Verdt å studere igjen

Reportasjen «Fryktar for livet» har vært omtalt i idébanken tidligere, men vi velger å løfte den fram på nytt etter at Sunnhordland fikk to priser og en hederlig omtale for denne reportasjen under LLAs landsmøte i Svolvær. Reportasjen sørget for at Sunnhordland stakk av med både fotopris, pris for årets avisside (stemt fram av publikum) og hederlig omtale i kategorien årets lokalavisjournalist.

Reportasjen skildrer livet til en familie fra Tsjetsjenia, som bor på Heiane asylmottak. Reportasjen gir godt innblikk i hvordan livet kan arte seg på asylmottak. Journalisten møtte familien flere ganger for å få tilliten som var nødvendig for å lage en slik reportasje.

Journalist: Anita Haugland
Fotograf: Per Egil Larsen

Medieomtale ga erstatning etter supporterskade

Sverre Litleskare (30) frå Stord måtte bytast ut etter stygg fotballtakling – på seg sjølv, heime i stova, skriv Anders Totland i Sunnhordland.

Historia om supportaren som slo skuldra si av ledd då fienden scora, er som skapt for bruk av humor og fotballmetaforar, godt hjulpen av Litleskare sitt verbale talent:

Kjensler er ikkje underlagt vår medvitne kontroll. Å hytta med neven og slå i bakken var ein umedviten reaksjon på den voldsame emosjonelle overlasta eg lei i denne situasjonen.

Forsikringsselskapet nekta først å betala erstatning, men etter medieomtalen snudde dei. Dermed
fekk den uheldige supporteren dekt legerekninga på 575 kroner.

Følgde handballstjerna ein heil dag

Inge Aas Eriksen (18) veit at han er god. Ikkje rart at veslesystra Nora (12) tykkjer han lever som ein konge.

Ingressen vitnar om at journalist Joar Hystad og Sunnhordland har kome tett på handballspelaren Inge Aas Eriksen. Det har dei klart ved å følgje han gjennom ein heil dag, frå frukost til etter sengetid. I staden for å fortelje oss at handballspelaren har hektiske kvardagar der treninga har høg prioritet, kan dei gjennom ein slik reportasje vise oss det.

Grundig serie om doping

I serien Den nye dopinggenerasjonen har Sunnhordland sett nærare på bruken av anabole verkemiddel blant unge. Bakgrunnen er ein ny rapport frå Utekontakten på Stord, som syner auke i bruken av anabole verkemiddel.

Artikkelserien i Sunnhordland gir eit grundig innblikk i problemet. Journalistane har intervjua både Utekontakten, politi, apotek, treningsinstruktørar, psykologar, ein ung mann som dopar seg – og idrettsstjerner som seier at dei ikkje ville vore stolte av ein kropp bygd opp av anabole steroid. Slik får dei fram både fakta om omfanget av dopingbruken, årsakene til at enkelte vel å dope seg, og farene ein utset seg for ved å dope seg.

Artikkelserien starta med politistatistikken, som handla om vald i Leirvik sentrum.

Sjå alle artiklane vedlagt.

Ukas foto: Frå garderoben

Skal du fotografere på ei juleframsyning i helga? La deg inspirere av Henrik Mundal Andreassen, fast frilansar i Sunnhordland, sine bilete frå generalprøven på «Scrooge – ei juleforteljing» i Stord kulturhus. Godt komponerte bilete med mykje energi, som skildrar det hektiske og spanande livet både bak og på scena.

Les meir

Fungerer annonsene? Fortel det!

Lesarane legg merke til annonsene i lokalavisa. Under tittelen «God respons» løfter Sunnhordland fram annonsørar som fortel om gode erfaringar med å annonsere i avisa.

LLA la forrige veke fram resultata frå ein annonsetest i lokalavisa Strandbuen, der Norfakta målte merksemda til ein helsides annonse fra Helgø Meny. Utan hjelp kunne over 30 prosent av lesarane hugse annonsen frå matvarebutikken. Av dei som fikk lest opp alternativ, hugsa heile 2/3 av utvalet den same annonsen.

Media som både lim og lupe

Det skader ikkje å ein gong i blant minne lesarane – og seg sjølv – på kva rolle media skal ha. Lokalavisa skal vere både lim og lupe i lokalsamfunnet. Journalist Anders Totland i Sunnhordland skriv:

Lokalavisa er der du les om kven som blir fødd, har bursdag, konfirmerer seg, giftar seg, finn den største løvetannen, arrangerer basar, og til slutt kven som døyr.

Samtidig som Bergens Tidende og til dels Haugesunds Avis reduserer dekkinga av Stord og Sunnhordland, har området fått ei lokalavis og ei nettside som ynskjer å vere lim. Dei vil spreia glede og positive saker. Den same funksjonen har sosiale medier også begynt å få.

Men media si rolle er også å vere lupe, og som Totland skriv:

Kven skal vera lupa i lokalsamfunnet når dei store mediehusa trekker seg ut, og nyvinningane i mediefaunaen berre er opptatt av å løfta fram det som er kjekt? Kven skal overvaka makta, anten det er den økonomiske eller politiske? Kven skal tala dei svake si sak, når ikkje alt berre er kjekt? For å seia det enkelt, men likevel litt pompøst: Kven skal vera ombodsmann for mannen i gata, om alt berre skal vera kos?

Fotoreportasje frå skraphaugen

Skraphaugen kan vere ei skattkiste for ein fotograf. Pensjonist, hobbyfotograf og frilansar i Sunnhordland Olav Bjørkum har vandra på skraphaugane og funne motiv ingen andre bryr seg om.

Det er ting, ting, ting, forvridde til det uattkjennelege. Og likevel er det eit slags liv, for alt har vore knytt til menneske, alt har vore nytt ein gong.

Bileta er presenterte i ein flott fotoreportasje, akkompagnert av fakta om dei enorme mengdene avfall nordmenn og sunnhordlendingar kvittar seg med.

Museumsdepot: Eg stod lenge og såg på dette. Det var noko kjent. Aha! Såg eg ikkje noko liknande på Museet for samtidskunst i Oslo i fjor? Ein skrikande protest mot vår opprivne tid, ei tid som mange stader i verda er farga av blod. Når magasinet på museet er fullt, er Eldøyane siste kvilestad for mangt ei kunstverk.