LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord suldalsposten

Byr på seg sjølv

Damene i Suldalsposten har gått til filmen og bjudar på. Fin måte å profilere abonnementskampanjen på.

På tur med barnehagen

Journalist Toyni Tobekk i Suldalsposten vart med barnehagen på tur, og let borna ta bilete. Borna er nysgjerrige, dei oppdagar mykje spennande og dei har eit fargerikt syn på verda. Til saman gjev borna sine bilete, Tobekk sin tekst og Siri Førland sin layout os eit godt bilete av dette.

Korleis lokka nabokommunane?

Det er vel dei færraste kommunane som har eit lett reformarbeid føre seg. I Suldal har politikarane bestemt seg for å vurdera tre ulike alternativ, men alternativa visar seg å verta vanskelege å få til når naboane av ulike årsaker ikkje vil vera med på leiken.

I saka om jakta på brura gir Esther Moe i Suldalsposten ei god oppsummering av den innfløkte stoda.

Suldal har innfunne seg med at dei må finna eigna partnarar for framtida og gi det eit forsøk, men så langt er det lite kyrkjeklokker som kimer i det fjerne.

Dei korte sitata frå formannskapsmøtet gjev ein ekstra inngang til saka, og er i seg sjølv eit godt bilete på utfordringane med kommunereforma.

Blei med på førebuingane til konfirmanten

Dagen før sin eigen konfirmasjonsdag har nok dei fleste både litt nervar, ein del forventningar og nokre praktiske førebuingar å handtera.

Helgevakt Mikkel Wigestrand (16) i Suldalsposten vart med konfirmant Gunnar Skålheim på dei siste førebuingane før den store dagen. Bordplassering, serviettbretting og fotball med gjestane sto på plakaten, men det vart også tid til å snakka om kva det betyr å konfirmera seg i kyrkja.

Ei avis med personlegdom og breidde

Vi gratulerer Suldalsposten, som i helga vart kåra til Årets lokalavis på LLA sitt landsmøte i Bergen. Dei sju kvinnene som lagar Suldalsposten vart mellom anna heidra for å laga ei avis med personlegdom, breidde og godt språk. Tom Hetland i Stavanger Aftenblad, Anne Jacobsen i Amedia og Svein Olav Langåker i framtida.no var i juryen.

Her er heile grunngjevinga til juryen:

Årets vinnar er ei avis med personlegdom. Ho tar vare på historie, identitet og tradisjonar – det beste frå lokalavistradisjonen – samtidig som ho peikar framover og plasserer seg godt i det nye mediebildet. Suldalsposten løftar fram enkeltmenneske og har ei breidde i både kjeldeval, tematikk og retorikk som har gledd juryen. Avisa tar vare på samfunnsoppdraget sitt på ein god måte, og viser veg for lokalbefolkninga gjennom både vanskelege og hyggelege saker. Ho har ein rein og tydeleg bladbunad, og avisa er ei lita perle på kommunikasjon. Gjennom gode retoriske grep, glitrande skribentar og vakkert språk skil ho seg ut som ei avis som på førebiletleg vis ikkje berre er berar av det journalistiske handverket, men også den skriftlege kulturarven.

I vedlegget kan du sjå nokre sider frå ei av utgåvene som juryen vurderte.

Våganavisa og Askøyværingen fekk hederleg omtale i kåringa.

Askøyværingen fekk mellom anna skryt for journalistikk av høg kvalitet, dyktige skribentar og ei variert og interessant nyhendedekning.

Våganavisa vart av juryen skildra som aktuell og framoverlent, med sterke band til lesarane.

Praksisplass i lokalavis

Mushtag Ahmed Yusuf (20) er flyktning frå Somalia. Dei to siste månadene har ho hatt praksisplass i Suldalsposten for å lære seg betre norsk og å bli betre kjent med lokalsamfunnet.

Mushtag Ahmed Yusuf og ansvarleg red/dagleg leiar Astrid Espeland i Suldalsposten (foto: Marta Brit Lunde/Suldalsposten).

Les mer…

Sak med mange språklege godbitar

“– Eg blir treven av å ha det travelt.
Dagen før slo Nils Torleiv Sørestad gras til halv to på natta, berre avbroten av behovet for å skru.
– Då må ein gjera seg ferdig dagen etter.
For:
– Ein blir lat av å ikkje gjera noko òg.”

Hanna Maria van Zijp Nilsen i Suldalsposten leverte i sommar ei god sak om “slåttekaren” Nils Toralv Sørestad. Det er god billedlegging, ryddig bladbunad og svært godt skrive. Bør lesast!

Les mer…

Får de ein minister på besøk?

Då landbruksminister Trygve S. Vedum vitja Suldal, gav Suldalsposten unge bønder høve til å stille spørsmål til ministeren. Resultatet vart ei rekkje relevante spørsmål, som ministeren svarte på. Spørsmåla og svara vart presentert på trykk i samband med nyheitssaka om ministerbesøket.

Se hva avisene skriver om det kommende lokalvalget

Det vises godt i lokalavisene at vi nå er inne i et valgår. Vi har samlet inn et knippe valgsaker fra Grenda, Grannar, Klæbuposten, Tysvær Bygdeblad, Bø Blad, Birkenes Avisa og Suldalsposten.

Les og se mer

Spørjerunde om nominasjonsarbeidet

Journalist Esther Moe i Suldalsposten har tatt ein runde til partia i Suldal og stilt styreleiarane følgjande spørsmål i samband med neste års kommuneval: 1. Kor ligg partiet ditt i nominasjonsløypa? 2. Kva er det viktigaste for ditt parti når lista skal lagast? 3. Kva gjer partiet for å rekruttera ungdom til politisk innsats? 4. Er toppkandidaten frå sist aktuell? God sak, godt presentert.