LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord ryfylke

Ryfylke feirar 90-årsjubileum med avis og fest

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Ryfylke har 90-årsjubileum, og ga difor ut eit eige jubileumsbilag. Her får ein bli betre kjent med avisa og dei som jobbar der. Ein får vita korleis det var i Ryfylke den gong avisa vart stifta. Ein får sjå utvalde framsider, bilete og notisar frå den 90 år lange historien. Dei trykker også første utgåve av Ryfylke inne i jubileumsavisa.

Du kan sjå heile jubileumsavisa i vedlegget.

Laurdag vart jubileet feira både i og utanfor avishuset. Inne var det mellom anna laga til eit mimrerom stuvfullt av gamle avispermar. I den grafiske avdelinga kunne born få laga førstesider med bilde av seg sjølve på. Ute var det konkurranse i avishalding, inspirert av Farmen sine tvekampar. Dei hadde jubileumskake, quiz, gjettekonkurransar, hoppeslott og ansiktsmaling.

Ryfylke har også fått trubaduren Nils Kristen Herheim til å laga jubileumssong til avisa. Her kan du sjå video og høyra songen.

BUDET
Det fantes ein hær, ja ein heile arme`
Av heilt unge jenter og guttar.
Som gjorde si plikt å mære enn det
På gamle og tungtrødde syklar.

Oppdraget var å få budskapet fram
Te folk som gjekk heima å venta.
For dagen var kje`omme nei han var kje`forbi
Før Ryfylke i kassen var henta.

Ref.

Med avvisveskå stappfull av nypressa bla`
Om nytt i frå Sauda i artiklar som sa.
At nåken var skuffa mens andre var gla`
Annonser som viste ka du burde ha.

Når snøen låg tung og bakken var lang
Å rutå var langt i fra øve.
Då hadde du mest lyst te å gå ner og sei opp
Moralen blei satt på ein prøve.

Det fantes ein hær, ja ein heile arme`
Av heilt unge jenter og guttar.
Men kor e`di blitt av og kim var det di var
Di var mange, di var Dagny`s disiplar.

Då du hadde gjort di plikt og var blitt stor
Gjekk rutå di i arv te ein søster eller bror.

Ref.

Ungdomstida før og nå

Er eigentleg forskjellane på det ungdommane er opptatt av nå store samanlikna med for nokre tiår sidan?

To skuleelevar som jobba for Ryfylke lurte på dette. For å finna svaret stilte dei like spørsmål til folk frå ulike generasjonar: Kva interesser har ungdommane, og kva interesser hadde dei vaksne då dei var ungdommar? Kva framtidsplanar har ungdommane, og kva framtidsplanar hadde dei vaksne for nokre tiår sidan?

Svaret fekk lesarane over ei dobbeltside i avisa.

17. mai på nett og i avis

Me i Strandbuen er godt nøgde med korleis me fekk til å dekka 17. mai-feiringa i våre tre kommunar dette året. Me følte dekninga blei brei både i avisa og på nettet.

På dagen på 17. mai la me ut bilete i biletgalleri etter kvart, måndag la me ut videoreportasje på nett, før me brukte sju sider på festen i avisa på onsdagen.

Me hadde også ein Instagram-konkurranse der folk kunne tagga bileta sine; desse bileta kom opp på nettsida etter kvart, pluss at me brukte to sider i avisa til å presentera eit utval av dei.

Elin Moen Karlsen, journalist og fotograf
Roar Larsen, fotograf
Linda Tungland og Ona Søyland tok seg av den visuelle presentasjonen i avisa
Linda Tungland administrerte Insta-konkurransen

Biletgalleri
Videoreportasje

Finn sårbarheita i din kommune

Forskarar ved NTNU i Trondheim har kartlagt samtlege kommunar i landet og utvikla eit sårbarheitskart som viser kva område som er mest utsett for naturulukker som flaum, ras og skred. Kartet inkluderer både fysisk og sosial sårbarheit.

Ryfylke har funne ut at Sauda ligg midt på treet jamført med andre kommunar.

Eit felles samfunnsansvar

“Det har blitt sagt minst hundre gonger før; skal vi bevare lokale tilbod må vi bruke dei. Det er sjølvsagt. Det kan likevel virke som om vi ikkje tenker over kor viktige brikker vi sjølv er i det store spelet (…) Er det ikkje då på tide å for alvor vedgår at vi har store utfordringar, og heller slå oss saman og finne gode løysingar som kan tene fellesskapet i staden for å krangle om kva som er rett og galt?”
Utdrag frå leiaren i Ryfylke, 1. juni

Les mer…

Damenes Aften

Sauda Handelsforening arrangerte en fredag i november Damenes Aften. Dette i godt samarbeid med oss i Ryfylke. Damenes aften er en eksklusiv damekveld med kveldsåpne butikker.
Markedsføringen av dette starter tirsdagen med en fellesannonse, 1/2 side som deles mellom alle deltakere.

Les mer…

Laber rekruttering til politikken

“I gjennomsnitt er aldersgruppa mellom 18 til 30 representert med åtte prosent i norske kommunestyre. Tenker ein på at dette er ei gruppe som utgjer over 20 prosent av den norske befolking er det grunn å bli bekymra”, skriv avisa Ryfylke på leiarplass. Avisa har laga sak på at snittalderen i kommunestyret er 50 år. – “Tidene har endra seg. Før sloss folk om verva, iallfall i Arbeidarpartiet. Nominasjonsmøta har vore relativt rolege i dette århundret”, seier lokallagsleiar Arne G. Pleym til avisa. Les leiaren på ryfylke.net og saka som vedlegg.