LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord møre

Mmm... Gled oss!

Det er lov å ombestemme seg. Eller som Møre skriv, etter e-post frå ein abonnent:

Dette går ikkje lenger;
me saknar å få avisa i postkassa vår!
Vil gjerne abonnere igjen!
Trudde me greidde oss med å lese avisa på jobb,
men tida i matpausen vert altfor knapp til det.
Saknar å subbe opptil postkassa laurdags føremiddagane,
(i morgonkåpe og crocs), for å hente avisa. Lese attåt kaffifrukosten.

Erfaringar med Avtalegiro?

Er det nokon av avisene som brukar avtalegiro til innkreving av bladpengane, og kva erfaringar har de evt.?
Her de også då delt opp bladpengane til f. eks. 4 forfall i året for å få ned beløpa pr. krav?

Falsk brannstigeselgar

Vi har fått henvending frå ein eldre mann (MLG, 0495 Oslo) som var lettar fortvila pga. at vi har sendt han faktura på ei rekke annonser som gjeld brannstigar.
Oppføringa av tlf. nr. på gulesider.no stemmer med namnet som vi har fått oppgitt, men han har ikkje hatt nr. på mange år påstår han.
Han har fått faktura frå fleire aviser i området her seier han.

Vi har prøvd å ringe til han som skal selje stigane (nr. i annonsen) fleire gongar utan å få svar.
Etter ein del googling osv. utan å finne ut noko lurt, ringde vi til han frå ein privat mobil, utan at det svarte.
Etter nokre timar ringde han faktisk tilbake, og det var ikkje den personen som vi har snakka med tidlegare. Fekk ikkje noko fornuftig svar, men skal følgje opp saka.

LLA har fått tilsendt fleire opplysningar, då eg ikkje vil legge dei ut i eit ope forum.

Frokostmøte med Senter-/Handelsforrening

Vi brukar å ha møte med butikkar o.l. om morgonen før opningtid (kl. 9.30/10 i Volda).
Vi serverar frokost kl. 8 og får presentere idear, planar og får tilbakespel på desse og det blir oftast ein fin dialog.
Ved å starte tidleg på dagen får vi eit effektivt møte, der stortsett alle faktisk må vere ein plass etter ei stund, så det blir lite usakleg prat. Møter på ettermiddag/kveld blir ofte forstyrra med telefonar, og dei fleste har også då flusst opp med planar.

Alle vert også fornøgde når dei får servert frokost! Restane tek vi til lønsj.