LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord grenda

Ekstra merksemd til faste annonsørar

I Grenda vert ein av annonsørane på tenestetorget løfta fram med bilde og bildetekst. Dei betaler ingenting ekstra for bildepresentasjonen, som går på rundgang mellom annonsørane. Grenda har tatt dei fleste bilda, men også fått tilsendt bilde frå nokre av annonsørane.

– Det har vore god tilbakemelding frå annonsørane på dette, og som lesar er det alltid kjekt å sjå ansikta bak logoen og firmaet, forklarer Maylin Kristiansen i Grenda.

Henta fram historisk stoff frå arkivet

Har de historisk stoff som igjen er aktuelt, anten på grunn av eit jubileum eller på grunn av ny utvikling? Kvifor ikkje hente det gamle stoffet fram frå arkivet og publisere det i ei ny drakt?

For 75 år sidan vart Rosendal råka av ein flaum som valda enorm skade. Grenda laga ein større artikkel om flaumen i papiravisa for fem år sidan. Dei gjorde ein stor jobb med å rekonstruera det som hende i november 1940. Historia er framleis den same, og Grenda valde å publisera teksten på nytt førre veke, denne gongen på nett.

Grenda vitja naboane

Grenda har dei siste månadene besøkt dei nabokommunane som ein kan sjå som aktuelle kandidatar for samanslåing med Kvinnherad. Dei har i alt snakka med sju ordførarar.

Grenda gjekk i gang med reportasjeserien sjølv om det i Kvinnherad verka å vera ei utbreidd oppfatning at kommunen ikkje treng slå seg saman med andre. Fleire av nabokommunane ynskjer å dra med seg Kvinnherad.

Artiklane tok for seg ein kommune om gangen, og ga både ein presentasjon av kommunane og eit innblikk i kor langt dei var komne i diskusjonane om kommunesamanslåing, korleis vegen såg ut vidare, og kva alternative løysingar dei såg for seg.

Med departementet sitt verktøy Ny kommune og Bergens Tidende sin Kommunebygger kan du raskt samanlikna kommunane med kvarandre. Om du vil grava deg djupare ned i tala finn du mykje i Kostra.

Sjanse til fotoreportasje: Russen er her

Bildeserie med 2 bilder — bla ved å trykke på pilene

Nokon av russen gjer ugagn, men andre er berre livlege og fargerike. Eit høve til å få morosame bilete av lokale ungdommar?

Mariann Sagvaag i Bømlo-nytt tok eit augneblinksbilete under russedåpen. Mari Mehl i Grenda har vore med jentene i bilen Titsnok då dei skulle styla russebilen sin.

Korleis skildrar de russetida? Kommenter og del gjerne!

Ein dag med ambulansen

Mari Mehl i Grenda var med på ei ambulansevakt frå 8 til 16. Det vart det ein spanande reportasje av.

– Eg kunne risikert det ikkje skjedde noko. Men det gjorde det jo, seier Maria.

Ho hadde knapt rukke å parkera om morgonen før første utrykning. Ei nervepirrande oppleving, fortel ho.

Etter kvart vart det rolegare, og ho fekk tid til å prata med ambulansearbeidarane om kvardagen deira.

– Det var veldig spanande å intervjua dei om arbeidsdagen og korleis dei handterer krisesituasjonar, fortel Maria, som fekk ideen etter å ha intervjua ambulansearbeidarane på yrkesmessa i haust.

– Dei var velviljuge og sa ja med ein gong eg spurde. Det viktigaste var å skjerma pasienten og ikkje bryta teieplikta.

Under 30 år-kampanje

Avisa Grenda freistar “unge voksne” med spesialpris på heilårsabonnement.
– Annonsen har fungert. Det er ikkje slik at dei renner ned dørene for å få tilbodet, men me har fått nokre. Og me kjem til å køyra på den i tida framover, fortel redaktør Håvard Sætrevik.

Les mer…

Kva skjer medan vi søv?

Hugsar du Grenda sin fotoreportasje Eitt døger i Kvinnherad? Reportasjen vart så vellukka at Grenda har repetert suksessen.

Siste reportasjen fekk ein ny vri, denne gongen har journalistane vore ute om natta. I reportasjen Nattskiftet skildrar dei kvardagslivet i dei små timane. Med korte saker og mange bilete viser dei over ni sider korleis natta ser ut hjå lakseprodusenten, i syklubben, på aluminiumsverket, på sjukeheimen og på bensinstasjonen. Vi får også sjå budbilsjåførar som skal levere aviser, og ein bussjåfør, ein bakar og ein bonde som er tidleg i gong med arbeidsdagen.

Portrett av ein kvardag

Torsdag 22. november. Ein dag til forveksling lik mange andre hustrige haustdagar. Like fullt ein merkedag for Grenda sine lesarar. Avisa har prøvd å ta temperaturen på kvardagslivet i vår langstrakte kommune. Frå tidleg morgonstund til seine kvelden har fotografiapparata vore i sving. I eit ærleg forsøk på å visa både mangfald og kvinnherske spesialitetar.

Heile staben i Grenda – bortsett frå han eine som måtte i kommunestyremøte – la alt anna til side og drog ut for å ta bilete av kvardagen. Dei laga ein ti sider lang fotoreportasje om alt som skjer i Kvinnherad på ein heilt vanleg kvardag.

– Vi hadde nokre avtaler på førehand, men veldig mykje er ting vi har oppsøkt eller snubla over på vegen, fortel redaktør Håvard Sætrevik.

Avisa har fått fine tilbakemeldingar, og Sætrevik håper dei får fleire høve til å lage fotoreportasjar der alle bidrar.

Skyt innertiar med feil hand

Håvard Sætrevik i Grenda har intervjua skyttaren Jostein Mehl. Mehl var råka av slag i mai 2009, men har vore gjennom hard trening og er no i stand til å skyta att. Med feil hand og auga, men likevel plukkar han inn mellom 40 og 50 poeng i femskotsseriane.

Mange kjenner nokon som er råka av slag, og veit at det kan vera ei tøff utfordring å klara enkle aktiviteter for dei som har vore så hardt råka som Mehl. Samtidig opplever nok mange å miste tidlegare hobbyar og omgangskrins når dei opplever liknande. Difor er det fint å lesa eit slikt håpefullt portrett om ein som er tilbake i favorittmiljøet sitt.

Hjarta mitt bankar for heile Kvinnherad

Vi likar eigenannonsen til Grenda.

Les mer…

Facebooksida som vart folkets nye møteplass

“– Eg, og mange med meg, er av dei som har sakna dei gode gamle møteplassane, der ein kan koma saman med andre, vera litt sosial og slå av ein god prat. Før var det møteplassar overalt. I vår tid er der altfor få av dei,” seier Steinar Nilsen (57). Grenda fortel historia om Steinar som tok pc-en i eigne hender og laga ein møteplass på Facebook. God historie, flott bladbunad.

Les mer…

– Derfor flytta vi til Kvinnherad

Nyleg omtalte Grenda ein rapport frå Telemarksforsking som oppsiktsvekkjande konkluderte med at kultur ikkje har betyding for kvifor folk busett seg rundt om i norske kommunar. Det gjorde avisa nysgjerrig på kva som faktisk får folk til å flytta til Kvinnherad; folk som ikkje er frå kommunen i utgangspunktet, og ikkje har partnar som er frå kommunen. I tillegg ville avisa gjerne finne ut kva som har gjort at dei har blitt buande. God og interessant sak laga av journalist Elisabeth Berg Hass

Les mer…

Ei god sak om ungdom og yrkesutdanning

Grenda sin sommarvikar er også redaktør i Stud Vest. Eit godt samarbeid mellom vikar Gro og journliast Elisabeth Berg Hass resulterte i ei god sak om unge og yrkesval.

Saka “Få vil bli fagarbeidarar” set blant anna fokus på det faktum at heile ni av dei elleve som
nyleg gjekk ut av helsearbeidarfaget ved Kvinnherad vidaregåande har vald å ikkje vera lærling til
hausten. Det er svært godt kjeldebruk i saka, som du må ta deg tid til å lesa som vedlegg.

Slik kan kommunevalget 2007/2011 gi deg nye abonnenter

Grenda vi lokke til seg nye abonnenter ved å vise hvilke saker de lagde ved forrige lokalvalg.

Les mer…

Mange tause politikarar

I haust telde Grenda kor ofte politikarane tok ordet på eitt formannskapsmøte. No har vi gjort same øvinga i kommunestyret, men over tre møte for å få betre talmateriale.

Les mer…

Se hva avisene skriver om det kommende lokalvalget

Det vises godt i lokalavisene at vi nå er inne i et valgår. Vi har samlet inn et knippe valgsaker fra Grenda, Grannar, Klæbuposten, Tysvær Bygdeblad, Bø Blad, Birkenes Avisa og Suldalsposten.

Les og se mer

30 markedsideer på veg til deg

Vårt første idéhefte i 2011 er i dag sendt i posten til våre 110 medlemsaviser. Sammen med 30 markedsideer hentet fra lokalavisene, finner du også tips til stoff som kan få unge lesere “avhengige” av papiravisa, pluss mye mer.

Les mer

UKAS BILDE: Pingla på tur.

Ein anonym Grenda-lesar har i beste “Fabelaktige Amelie”-stil sendt pingvinen Pingla på tur rundt i verda. Med ujamne mellomrom får Grenda tilsendt reisebrev frå den vesle Pingvinen. Sist frå San Francisco:

Kva vert sagt frå leiarplass om neste års val?

" Når partiprogramma vert sendte ut, er dei å rekna som ein kontrakt mellom deg som veljar og partiet du gjev di stemme til. Dette er å sjå på som ein kontrakt mellom redaktøren i Grenda og deg som lesar. Så får oppteljinga visa kven som er flinkast til å halda lovnader; lokalpolitikarane eller lokalpressa". Slik avsluttar redaktør Håvard Sætrevik i Grenda sin kommentar om komunnevalet 2011, der han lovar lesarane ei god valkampdekning. Mange aviser har dei siste vekene skrive kommentarar og leiarar der tema er det komande lokalvalet.