LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord fjordabladet

Hvordan presenterer dere kommunestyret?

Gauldalsposten presenterte bilde av alle 15 nye medlemmer i kommunestyret på førstesida, og samtlige 34 kommunestyrerepresentantene på side 6. Uka før hadde de bilde av alle som sto på liste (134 stk).

Avisa var innom alle stemmelokalene på valgdagen og fulgte deretter partiene inn i valgvaken.

– Det ble et særdeles spennende valg i vår kommune, der flertallet endret seg når 99,9 prosent av stemmene ble talt opp, kommenterer redaktør Bjørn Ivar Haugen.

Sunnhordland brukte Thinglink til å lage interaktivt kart over de lokale politikerne.

Se også hvordan Vesteraalens avis og Fjordabladet presenterer det nye kommunestyret:

Kva oppgåver kan ulike kommunar løyse?

Eid-ordførar Alfred Bjørlo spør kva oppgåver dei nye kommunane skal løyse. Han meiner at Regjeringa ikkje har gitt han svar på dette. Difor har han laga tre ulike kommunemodellar for Nordfjord og Sogn og Fjordane. Modellane vart presenterte i Fjordabladet. Han har laga ei interessant og lang liste over ulike tenester som kommunar av ulike storleikar vil vere i stand til å levere.

Kva tenester kommunane leverer, og kvaliteten på tenestane, er heilt sentralt for innbyggjarane. Eid-ordføraren si liste kan vere eit godt utgangspunkt for andre kommunar. Spør politikarane og innbyggjarane: Kva tenester ynskjer dei at kommunen skal levera til innbyggjarane? Treng kommunen bli større for å levere dei ynskte tenestane? Kan hende har andre ordførarar heilt andre versjonar av lista til Bjørlo?

Ordføraren i Eid, som er med i ei nasjonal referansegruppe for kommunereforma, meiner at det ikkje er mogleg for dagens småkommunar å utføre dei same oppgåvene som i dag også i framtida. Han meiner småkommunar vil tape kampen om kvalifisert arbeidskraft.

La grasrota få kommentere valresultatet

“Avhengig av kven som får ordet, har både Arbeidarpartiet, Venstre, Senterpartiet og Høgre svikta Nordfjord. Kanskje allermest Høgre. – Alle er irriterte på Lødemel, seier Øien med glimt i auget.”
I forkant av stortingsvalet tok journalist Maria Hjelle i Fjordabladet turen ut på kafé for å snakka med Kvardagsklubben; ein gjeng med 10-20 eldre herremenn som kjem saman for kaffi og prat kvar dag. Saka vart løfta fram som hovudsak på framsida. Vi oppmodar avisene til å gjere som Fjordabladet: Løft fram lokale stemmer i avisa. La dei få kommentere og diskutere gårsdagens valresultat.

Les mer…

Heilt konge

I dag har Fjordabladet rydda plass til Janove Ottesen i Kaizers Orchestra på framsida. Eit godt bilete som passar godt til tittelen. Fotograf: Tormod Flatebø.

Les mer…

Vekas bilete i LLA: Å stele frå ei grav

– Dette er noko av det vondaste eg har opplevd . Vekas bilete i LLA er henta frå Fjordabladet og er teke av journalist Anna Wuttudal. Inge Gjul (84) opplever at nokon stel blomar frå grava til kona Margun, som gjekk bort i fjor sommar. Biletet av Inge er nedempa, og viser alvoret og sorga enkemannen føler over situasjonen. Kvardagsdokumentasjon på sitt beste.

Interessant intervju med ein som ikkje er interessert

“På Sandane har dei drive med å legge ned og slå saman skular. Det var vel meininga å spare pengar, men eg trur ikkje dei vann noko på det. Dei seier dei er så fattige og må legge ned ting, men så bygger dei sånt som Trivselshagen.” Dette seier førstegongsveljar Kjetil Hauge til Fjordabladet, som har faste intervju med førstegongsveljarar på sistesida fram mot valet.

Les mer…

Ukas bilete: Navarsete i Nordfjord

Ukas bilete er teke av redaktør Tormod Flatebø i Fjordabladet.

Biletet er teke etter at kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vart provosert og sint av sjukehusforkjempar Janne Grete Endal Andersson i Operahuset Nordfjord sist onsdag.
– Biletet er teke rett før det interne SP-møtet starta. Pressa fekk ikkje vere tilstades under møtet. Vi fekk lov til å kome raskt innom og ta nokre bilde før det heile starta. Det var då eg fanga denne situasjonen. Mannen, Anders Ryssdal, er ordførar i landets største Sp-kommune (Gloppen), når det gjeld prosentvis oppslutnad (hugsar ikkje heilt nøyaktig, men det er over 50 prosent). At det også var stor uro blant SP medlemmane før og under møtet er sikkert, fortel Flatebø.

Forsida til Fjordabladet etter Navarsete sitt Nordfjordbesøk såg slik ut:

Ukas bilde: Fotballsesongen er i gang

Vi har henta ukas bilete frå Fjordabladet, frå 1. kvalifiseringsrunde NM mellom Stryn og Eid. Biletet er teke av journalist Yngve Tolaas.

Les mer…

Når kampen er over tar du de beste bildene

Det er først etter kampslutt at følelser blir uttrykt. Ikke pakk ned kamera med en gang dommeren blåser i fløyten. Se bare på journalist Yngve Tolaas i Fjordabladet sitt gode bilde fra et lokalt håndballoppgjør.

Kva skal til for at dei unge flyttar heim?

“Nedgang i folketalet er blitt ei stor utfordring for Sogn og Fjordane. Dei ti siste åra har folketalet blitt redusert med nær to tusen her i fylket. Mange unge søkjer til større byar, der Bergen er blitt den største magneten”. Fjordabladet reiste til Bergen for å snakke med fem utflytta eidarar. Spørsmålet avisa ville ha svar på var: kjem dei nokon gong heim att til fylket, eller til Nordfjord? Sjå den fire sider store reportasjen som vedlegg.

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Presenterer unge gründarar

I Sogn og Fjordane er det lagt stor vekt på Ungt Entreprenørskap i den vidaregåande skulen. Eid vgs. er ein av skulane som har mange UE-bedrifter, totalt 17. Fram mot fylkesmessa til UE, som i år er på Eid vgs., presenterer Fjordabladet alle dei 17 UE-bedfriftene på sistesida i avisa. Fjordabladet sin presentasjon har fått stor merksemd, ikkje berre blant skuleelevane, men også i næringslivet og folk elles i regionen.

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Lag avtalar med ungdomspolitikarane

Dei aller fleste kommunar har etablert ungdomens kommunestyre (UKK)/og eller eit ungdomsråd. Ansvarleg redaktør Tormod Flatebø i Fjordabladet har inngått avtale med leiar i ungdomsrådet: – Det eg trur er viktig i denne samanheng er for det første å minne om at ungdomane i desse råda, er våre framtidige abonnentar. Det som har fungert godt hos oss, er å inngå avtale med leiar/nesteleiar i ungdomsrådet før møter, slik at vi kan få omtale av saker før dei kjem opp i råda, og på den måten følgje sakene gjennom prosessen. Ein slik måte å jobbe på fangar lesarane si interesse for kva som skjer i ungdomsråda. Ikkje ulikt det som er fornuftig å gjere i høve vanleg politisk journalistikk.

Følg en førstegangsvelger

Stortingsvalget 2009: Dalane Tidene følger to usikre velgere på 51 og 34 år, Kvinnheringen følger tre førstegangsvelgere. Nå har også Røyken og Hurums Avis og Fjordabladet startet opp med en serie der de følger to førstegangsvelgere fram mot valgdagen.

Se mer