LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for stikkord øyposten

Rekordutmelding frå kyrkja

Vedtaket om likekjønna vigsel har fått konsekvensar for kyrkja i Finnøy, skriv Øyposten. Kyrkjeverjen stadfestar at 17 medlemmar har meldt seg ut skriftleg til Finnøy kykjekontor etter vedtaket. i løpet av heile 2015 var det tre utmeldingar.

Etter at kyrkjemøtet vedtok at homofile kan få gifta seg i Den norske kyrkja, har Øyposten hatt tre artiklar om temaet. Den første saka skreiv journalist Oddbjørg Måland rett etter at vedtaket blei gjort i april. Då snakka ho med ein av dei to prestane i kommunen samt prosten i prostiet – og «tre på sparket». Så kom saka om kor mange som har meldt seg ut av kyrkja som eit resultat av vedtaket.

Den siste saka var eit intervju med den andre av prestane i kommunen, som har nokre reflekterte tankar rundt dette med vigsling av homofile, og kvifor han vil nytta seg reservasjonsretten.

Les alle tre sakene i vedlegget.

Øypostens snigledusør skapte storjakt

8. august utlova Øyposten dusør på 200 kroner per kilo daude brunsniglar som vart framvist på kontoret deira. Dusørjegarane lot ikkje venta på seg.

– Lat kampanjen rulle og gå sin sigersgang over heile landet slik at me vinn kampen mot den store landeplagen, er Jon Asgaut Flesjå si oppmoding til andre lokalaviser.

Les meir

Redaksjonen i Øyposten flyttar ut til folket

Kvar måndag i heile juni og august blir Oddbjørg å finna rundt på øyane i kommunen. Me vil gjerna høyra korleis livet på di øy artar seg. Kva skjer, kva engasjerar, kva er ”sygt” urettferdig, kva gjer deg glad eller sint. Vil du berre stikke innom for ein drøs er det sjølvsagt heilt topp. skriv Øyposten, som no er i gang med øyhopping.

Les mer…

Kva veit ungdomen om sitt lokalsamfunn?

“Det blir ofte hevda at ungdommen ikkje følgjer med på kva som skjer i lokalsamfunnet. Gjeld det her i Finnøy kommune og, eller er det berre ein myte? Me har vore ute og spurte fleire ungdommar om ting som skjer i kommunen.” Sjekk ut Øypostens ungdomsquiz. Eit godt tips til alle aviser.

Les mer…

Uaks bilde: konsentrerte studentar

Hjørdis Halleland Mikalsen i Øyposten har teke dette biletet av franske studentar som får opplæring i filetering av laks. Ein augneblink med djup konsentrasjon vert fanga gjennom linsa.

Sida for kvardagsheltar og jubilantar

PROFILEN er ei ny artikkelserie der Øyposten skriv om kvardagsheltar, jubilantar eller andre som lesarane meiner fortener merksemd for det dei gjer. Avisa oppmodar lesarane til å koma med tips.