LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Viser arkivet for juni, 2016

Ryfylke feirar 90-årsjubileum med avis og fest

Bildeserie med 3 bilder — bla ved å trykke på pilene

Ryfylke har 90-årsjubileum, og ga difor ut eit eige jubileumsbilag. Her får ein bli betre kjent med avisa og dei som jobbar der. Ein får vita korleis det var i Ryfylke den gong avisa vart stifta. Ein får sjå utvalde framsider, bilete og notisar frå den 90 år lange historien. Dei trykker også første utgåve av Ryfylke inne i jubileumsavisa.

Du kan sjå heile jubileumsavisa i vedlegget.

Laurdag vart jubileet feira både i og utanfor avishuset. Inne var det mellom anna laga til eit mimrerom stuvfullt av gamle avispermar. I den grafiske avdelinga kunne born få laga førstesider med bilde av seg sjølve på. Ute var det konkurranse i avishalding, inspirert av Farmen sine tvekampar. Dei hadde jubileumskake, quiz, gjettekonkurransar, hoppeslott og ansiktsmaling.

Ryfylke har også fått trubaduren Nils Kristen Herheim til å laga jubileumssong til avisa. Her kan du sjå video og høyra songen.

BUDET
Det fantes ein hær, ja ein heile arme`
Av heilt unge jenter og guttar.
Som gjorde si plikt å mære enn det
På gamle og tungtrødde syklar.

Oppdraget var å få budskapet fram
Te folk som gjekk heima å venta.
For dagen var kje`omme nei han var kje`forbi
Før Ryfylke i kassen var henta.

Ref.

Med avvisveskå stappfull av nypressa bla`
Om nytt i frå Sauda i artiklar som sa.
At nåken var skuffa mens andre var gla`
Annonser som viste ka du burde ha.

Når snøen låg tung og bakken var lang
Å rutå var langt i fra øve.
Då hadde du mest lyst te å gå ner og sei opp
Moralen blei satt på ein prøve.

Det fantes ein hær, ja ein heile arme`
Av heilt unge jenter og guttar.
Men kor e`di blitt av og kim var det di var
Di var mange, di var Dagny`s disiplar.

Då du hadde gjort di plikt og var blitt stor
Gjekk rutå di i arv te ein søster eller bror.

Ref.