Forum: Språkspalta

Kvar veke vil du her få nye språktips.

Vår språkekspert Gard Espeland gir deg gode språk- og grammatikk-tips til bruk i aviskvardagen din.

cv, tv og wc

Ord som cv, tv og wc kan vi velje om vi ønskjer å skrive med små eller store bokstavar. Både ved små og store bokstavar, er det vanleg å bruke bindestrek før bøyingsending, for eksempel cv-en. Cv er latin og tyder curriculum vitae, og er det vi før kalla vitnemål og attestar. Dei fleste språkekspertane går inn for å bruke små bokstavar (minusklar).

Ønske eller ønskje?

På nynorsk heiter det eit ønske (ynske) utan j, men å ønskje (ynskje) med j.

I ord som ønsk(j)eliste, ønsk(j)eprogram og ønsk(j)etenking er det valfritt om vi tek med j eller ikkje. Kanskje kan det vere praktisk å ha ein fast regel for heile redaksjonen for dette.

I to ord

Medan det no er ein tendens til å dele opp ord etter engelsk mønster (rygg sekk, sove sofa), var det tidlegare vanleg å trekkje saman to ord i eitt, men det heiter: i dag, til havs, om lag og om bord.

Og og å

Ingen stavekontroll kan berge oss unna feil med og/å. Vi kan ofte være i tvil når to infinitiver står sammen. Er det snakk om to helt forskjellige handlinger som ”å skrive og regne”, binder vi infinitivene sammen med og. Er det ene verbet underordnet det andre bruker vi å:
Å lære å skrive
Å prøve å hoppe
Å slutte å røyke

Ja visst

Ja vel skal skrives i to ord og uten komma etter ja både på nynorsk og bokmål. Også ja visst skrives i to ord uten komma etter ja både på begge målformer. På riksmål kan javel og javisst også skives i ett ord, men dette er altså ikke offisiell rettskriving.

Knakk eller knekte?

Både på nynorsk og bokmål kan transitive og intransitive parverb (altså om dei tek objekt eller ikkje) lett skape problem, og det er fort gjort å gjere feil. Er vi usikre – og det er dei fleste av oss ofte – må vi slå opp. Om vi ikkje greier å lære alt, må i alle fall varsellampene blinke slik at vi tek fram ordlista.
Her er nokre vanlege:

Henge (hange) – hengje
Biletet heng på veggen. Vi hengjer opp biletet.
Knekke – knekkje
Staven knakk. Han knekte koden.
Slenge – slengje
Bilen slong frå side til side. Han slengde bilen over til venstre.
Søkke – søkkje
Båten sokk – Kanonbåten søkkte motstandaren.

Apostrof

På norsk bruker vi apostrof for å markere at ein eller fleire bokstavar er utelatt.

For eksempel:
Go´blunke. Ta´n nå.

Les mer…

Mellomtittel

Ein mellomtittel skal ideelt sett berre vere på ei line. Ønskjer vi likevel ein mellomtittel over to liner, bør dei to linene vere om lag like lange.
Det må aldri vere berre eit halvt ord på den andre lina.

Stor eller liten bokstav

Regelen er at vi kan anten skrive Toten-gard eller totengard. Tilsvarande kan vi skrive: Oslo-jente eller oslojente. Når vi skil ut særnamnet med bindestrek, skal det altså skrivast med stor bokstav.

Omgivelser – omgjevnad

Nynorsk er eit konkret språk, og ord som fungerer helt fint på bokmål, fell gjennom på nynorsk. Omgivelser er eit slik ord som skaper problem på nynorsk. Vi kan skrive omgjevnad – ordet står faktisk i ordlista – men mange vil meine at det er oppkonstruert og tungt. I staden bør vi, slik vi ofte må gjere på nynorsk, spørje oss kva det konkret er snakk om, og så skrive det. Det kan vere landskapet, nabohusa, naturen eller kanskje eit industriområde. Og sjølv om omgivelser går heilt fint på bokmål, skader det ikkje å vere meir konkret der også.

Mellomtitlar

Ein mellomtittel skal ideelt sett berre vere på ei line. Ønskjer vi likevel ein mellomtittel over to liner, bør dei to linene vere om lag like lange. Det må aldri vere berre eit halvt ord på den andre lina.

Lødig forfordeling?

Ordet lødig betyr egentlig fullvektig, ren eller verdifull, men blir noen ganger brukt i nesten motsatt betyding, noe lett og spøkefullt.

Ordet forfordele betyr egentlig å gi noen mindre enn andre (mindre enn det en har krav på), men blir nå ofte brukt i stikk motsatt betyding.

Ordene lødig og forfordele bør derfor brukes med forsiktighet.