Forum: Språkspalta

Kvar veke vil du her få nye språktips.

Vår språkekspert Gard Espeland gir deg gode språk- og grammatikk-tips til bruk i aviskvardagen din.

Vi bøyer for mange verb som a-verb

Ein vanleg feil på nynorsk er at vi bøyer for mange verb som a-verb, altså med endinga -ar i notid. Men det er berre dei verba som får -a i fortid som skal ha endinga -ar i notid.

For eksempel heiter det ikkje reparera i fortid, men reparerte, og difor heiter det reparerer i notid. Det heiter kritiserte i fortid. Difor heiter det kritiserer i notid. For ein del verb er det valfritt om vi bøyer dei som a-verb eller ikkje. Da kan det vere praktisk å følgje dialekten.

Å drifte

Å drifte er eit ord som blir meir og meir brukt. I nynorskordboka blir det forklart med sysle, arbeide eller fiske.

På bokmål: være i virksomhet, holde i drift, stå for, administrere drifta av – for eksempel drifte eit dataanlegg eller ei oljeplattform. Slik det ofte kan skje med moteord, ser vi det brukt i stadig meir utvida tyding som til dømes å drifte ein gard. I slike samanhengar bør vi halde på det gamle å drive.

Vende eller venne?

Noen ord skrives så likt at det er lett å blande dem sammen. To slike ord er vende og venne. Vende betyr å snu: å vende hjem. Venne betyr å venne seg til noe, gjøre noe til vane: Å venne seg av med.

Bygging og bygning

Vi bruker bygging om sjølve handlinga å byggje, men bygning om resultatet (huset). Til ein viss grad kan vi bruke denne regelen tilsvarande også for andre verb.

Særnamn

I avisredaksjoner dukker det fra tid til annen opp spørsmål om hva som er egennavn (særnamn) og ikke, og som da eventuelt skal skrives med stor bokstav.

Les mer…

Sterke adjektiver

Vi har latt det gå inflasjon i sterke adjektiver. Alt er utrolig, ufattelig, enormt, unikt, veldig, optimalt og sinnssykt. Vi bør vente med å bruke de sterkeste til det virkelig er bruk for dem.

Les mer…

Verbet å kødde

Verbet å kødde har kome inn i bokmålsordboka, men ikkje i nynorskordboka. Det er slang, og tyder vanlegvis å tulle eller tøyse.

Ordet kjem av ein kødd som altså er ein testikkel, og som i alle fall tidlegare vart rekna som eit relativt sterkt skjellsord. Mange vaksne folk har truleg framleis negative assosiasjonar til kødd og kødde, og difor bør vi vere varsame med å bruke desse orda.

er-endinga i presens

Ein feil som ofte går att i nynorsk over store delar av landet, er at er-endinga i presens (notid) blir borte i nokre verb.

Les mer…

Medium blir ofte bøygd feil

Nynorsk: Medium, mediet, medium. media
Bokmål. Medium, mediet. medier, mediene – eller media når det er snakk om den vanligste betydningen

Ein eller to konsonantar?

På nynorsk er det mange ord vi kan velje om vi skal skrive med ein eller to konsonantar:
Til dømes: Bønn/bøn, kjøkken/kjøken, kjøtt/kjøt, lønn/løn, monn/mon, skjønn, skjøn, venn/ven og så vidare.

Les mer…

Doktor eller dokter?

Ein doktor (med o) er ein person som har teke doktorgrad medan ein dokter (med e) er ein lækjar.

Når skal det vere hermeteikn på namn og titlar?

Namn og titlar på kunstverk, musikkstykke, songar, dikt, noveller, essay og artiklar skriv vi med hermeteikn (anførselsteikn).

Les mer…