LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Fortel ope om den viktige jobben til barnevernet

Bildeserie med 4 bilder — bla ved å trykke på pilene

Barnevernsleiaren i Kvinnherad skal slutta i jobben. I eit lengre intervju med Mona Grønningen i Kvinnheringen fortel ho ope og nyansert om den verdifulle og viktige jobben barnevernet gjer. Eit arbeid både ho og dei andre tilsette i barnevernet brenn for. Ho meiner fordommar gjennomsyrer folk sitt forhold til barnevernet, og at det ikkje fortener det dårlege ryktet. – Vi kan ikkje, om vi så vil, nyansera dette bildet, fordi vi er basta og bundne av teieplikta vår, seier ho.

I intervjue peikar ho på fleire utfordringar som dei tilsette i barnevernet har. Kapasiteten er sprengt, noko som gjer at dei ikkje har tid til førebyggjande arbeid blant barn og unge. Barnevernet i Kvinnherad har heller ikkje ei vaktordning, men likevel blir dei tilsette kalla ut på jobb til alle døgnets tider. Det meiner også politiet er bekymringsverdig.

I ei oppfølgingssak utfordrar Kvinnheringen politikarar om utfordringane med kapasiteten i barnevernet.

Kvinnheringen har skrive lite om barnevernet opp gjennom åra, fortel Mona Grønningen.

– Sist var i 2013, då Fylkesmannen fann avvik hos barnevernet i Kvinnherad når det galdt saksbehandlingstid. Vi hadde nokre saker tilbake i 2003, som galdt ei sak der mor blei fråteken barn, men der kommunen tapte saka i Sunnhordland Tingrett. Eg trur årsaka til at vi har skrive så lite om barnevernet er fordi dei tilsette er vanskelege å intervjua. Dei kan ikkje kommentera einskildsaker på grunn av teieplikt, og er i tillegg redde for å uttala seg til media på grunn av store medieoppslag. Denne gongen var vi heldige fordi ho som var barnevernsleiar skulle slutta, og derfor turde å uttala seg og kunne fortelja om erfaringar frå jobben etter fleire år i stillinga.

Vist 86 ganger. Følges av 1 person.