LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Driv folkeopplysning før meiningsmåling

Bø blad har dekka kommunereforma grundig. Før folkeavstemminga 10. april la dei ut pdf-ar av alle sakene dei hadde skrive om kommunesamanslåing på nettsidene www.boblad.no, slik at folk skulle kunne lese seg opp om ønskjeleg. Dei hadde skrive 125 avissider om temaet dei siste par åra.

– Det opplyste me om både på FB og i papiravisa – ei slags public service til folket for å gjere dei opplyste, forklarer redaktør Hilde Eika Nesje.

I avisa før folkeavstemminga hadde dei 10 sider om kommunesamanslåing med ulike vinklingar. Blant anna brukte dei ei meiningsmåling for det den var verdt og såg på ulike variablar ved å lage saker om dei (unge, eldre, kjønn osv). I tillegg intervjua dei ein tvilar, ei ja-kvinne og ein nei-mann.

Bø er nå inne i runde to når det gjeld kommunesamanslåing. Då dei hadde folkeavstemming var det berre 40 prosent oppmøte. Denne gongen blir det opinionsundersøking på grunn av den låge valdeltakinga i april. Spørsmålet no er om ein skal slå saman Bø og Sauherad. I siste avis hadde Bø blad enquete med 20 tilfeldige bøheringar. Dei fleste ser ei slik samanslåing som uproblematisk. Det same var signalet på eit folkemøte om saka. Men er me nå så sikre, spør Hilde Eika Nesje på leiarplass.

I same avis hadde Bø blad intervju med professor og tidlegare rådmann Bjarne Jensen. Han meiner kommunesamanslåing er positivt for byar og til skade for distriktskommunane. Han fortel at folketalsutviklinga og utviklinga i talet på arbeidsplassar har vore svakare i kommunar som har slått seg saman enn andre kommunar i tilsvarande kommunegruppe. Han meiner det kan dokumenterast med tal frå tidlegare samanslåingar. Bjarne Jensen er ein av redaktørane og forfattar av boka «Folkestyre eller elitestyre? Kommunereform i perspektiv». Han baserer ikkje uttala si bare på kommuneleiingar, men går inn og ser på andre vinklar – blant anna distrikstprofilen som er viktig i denne samanheng.

Vist 72 ganger. Følges av 1 person.