LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Følgde korps for bakenfor-reportasje

Randi Kleppe i Bladet Tysnes følgde Tysnes musikklag ein kveld under NM i brass, eit årleg høgdepunkt for korps frå heile landet.

Vanlegvis får Bladet Tysnes tilsendt bilete etter slike tilstellingar, og ringjer rundt etter kommentarar i ettertid. For å få ein annleis reportasje når ho først var til stades, valde Randi å følgja med på alt som gjekk føre seg både før, under og etter konkurransen. Då vart det også mykje meir spanande å skriva saka, fortel ho.

– Eg synest det er utruleg kjekt med slike reportasjar, og skulle gjerne laga endå fleire og meir omfattande reportasjar, men finn ikkje alltid tid til det i den vesle redaksjonen vår.

Vist 195 ganger. Følges av 2 personer.