LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Ærleg og brutalt om kampen mot kreften

4. mai: «Me har fått ein uvelkomen gjest i hus/puppen, og vil med sterke armar og sinte knyttnevar jaga faenskapet langt pokkrivold. Du valde feil folk, jævla kreft, og du ska kvi deg.»

HAN TREFTE HEILT sikkert mange som eit velretta slag rett i fleisen òg, den statusen ho la ut på Facebook ein strålande vårdag. Der, midt i straumen av visdomsord med klissete design, blogglenkjer og topptursjølvisar, slo den barske røyndommen knockout på fjesbokidyllen.

Anne Rachel er livleg og humørfylt – og ho har hatt brystkreft. Ho har brukt humor i kampen mot kreften. Hanne Stedje i Sogn Avis sitt portrett gjev oss eit godt inntrykk av kven Anne Rachel er, og korleis hennar møte med kreften har vore.

- No er det slik at eg kjenner denne dama veldig godt og har gjort i mange år, sjølv om me ikkje er omgangsvenner. Det i seg sjølv gjer det krevjande å få ned på papir, for det kan vera vanskeleg å vera heilt objektiv. Samstundes er det slik i sånne små lokalsamfunn der eg jobbar, at ein ofte kjem ut for å skulle portrettere folk ein kjenner – eller i alle fall kjenner godt til, fortel Hanne Stedje.

Hanne hadde lenge hatt Anne Rachel på lista over portrettkandidatar – men då i høve til jobben som paramedic.

- Når no denne kreftdiagnosen dukka opp og hennar måte å handtera det på, vart så veldig synleg, fekk intervjuet og dermed også portrettet ei anna vinkling. Det vart ei annaleis kreftsak – fordi det er så mykje humor i det, noko som er ganske uvanleg, trur eg.

Les heile det sterke intervjuet i vedlegget.

Vist 60 ganger. Følges av 1 person.