LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Mord i lokalavisa

Saman med Strandbuen sin flinke grafikar, Ona Søyland, har eg i fleire år laga påskekrim i påskeavisa. Eg skriv krimmen, og så illustrerer og teiknar ho.
Krimmen tar utgangspunkt i aktuelle lokale hendingar og personar, og skapar engasjement, latter og diskusjon i lokalmiljøet. Dette året var den pågåande kommunestrukturprosessen naturleg å gripa fatt i.
For journalisten sin eigen del er det veldig kjekt å få dikta sjølv kva som skal stå på trykk, i staden for å refera kva andre seier. Om ikkje plotta er så intrikate og løysinga så innvikla, så gler folk seg over den lokale vinklinga og at ein dei kjenner eller kanskje dei sjølve er med i historia.
Eg plar å åtvara mordofferet på førehand, så dei slepp å få ei for stor overrasking når krimmen kjem på trykk.

Vist 111 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Så gøy! Dette er nok underhaldande både å skriva og å lesa, ikkje minst når rammene er så lokale. Eg gler meg til å lesa :)