LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Vårmagasin om kjærleik

Bildeserie med 7 bilder — bla ved å trykke på pilene

Når sola byrjar å varma igjen, kan ein lett bli litt yr. Kva er då finare enn å prata med folk om kjærleiken? Det gjorde Hordaland i vårmagasinet i år. Dei fann folk i alle aldrar, frå 10 til 90, og intervjua dei om kjærleik. Dei fekk både fine, alvorlege, djupe og morosame svar.

Raude hjarte bind bileta saman. Dei er plassert i trea, i snøen, på kjøkkenbordet og i hendene til gutane i klassen til ti år gamle Helene.

Tekst: Lisa Maria Breistein Sølvberg
Foto: Vidar Herre

- Det var generelt overraskande greit å få folk til å stilla opp og prata om kjærleiken, fortel Lisa Maria.

- Nokre var sjølvsagt skeptiske, og lurte på kor fokuset ville ligga. Då det var vinkla på det personlege, men ikkje private, var folk hovudsakeleg svært positive til prosjektet. Eg opplevde alt frå 10-åringen til 90-åringen som frittalende – i tillegg til svært reflekterte. Kjærleiken vert gjerne sett på som noko stort og vanskeleg å prata om – i tillegg til at yngre generasjonar gjerne har ein ironisk distanse til emnet – men dei som vart intervjua motbeviste svært mykje av dette. Dei gjorde kjærleiken verkelegheitsnær og begripelig, samtidig som dei mange aspekta ved den vart drøfta og respektert. Om ein skal dømma kjærleikens kår ut frå informantane sine synspunkt og openheita deira, då går den ei svært god framtid i møte.

Vårmagasinet vart premiert i innovasjon og konsept-kategorien i European Newspaper Award 2014.

Frå vår til sommar: Hordaland fekk også pris for biletserien av slappe folk under Veko. Kategori: “Photography cut”.

Vist 107 ganger. Følges av 1 person.