LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Ei sak basert på ei a-ha-oppleving

Dette er ei historie om eit gamalt slitt bedehus tett på E39. Om engasjement og gleda av å gjere andre glade. Om å lage julekaker, pynte pepparkakehus og ikkje minst om å smake. Det er ei sak basert på ei a-ha-oppleving.” Det vanka skryt og blomar på redaktør Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad etter at reportasjen hans om bedehuset stod på trykk før jul. Ta deg tid til å lese heile saka.

– Eg vil så gjerne ha ljos i bedehuset, seier Astrid Ødegaard. Denne eine kvelden i året er det bakekveld for born (foto: Alf-Einar Kvalavåg).

Dette er ei historie frå sist fredag. Dagen då stormen gav seg og trailerar atter dundra forbi oss på lang-lang rekkje frå Bokn til Aksdal. Berre eit par meter frå hovudvegen ligg litle Hetland Bedehus. Me har aldri vore der før, men kjenner oss att med ein gong me kjem innanfor døra. Lukta av kaffi og grønsåpe. Lukta av basar og vekkelsemøter. Det er nesten så me høyrer songen frå søndagskuleungar som har gått her i både storm og sol. I salen går det i grøn tapet, gamle tynne huntonittplater og bilete frå den gongen då. På veggen heng der ein stor trekross.
Det er dekka på to langbord. Dekka med pepparkakehus, nonstop og bamsemums. Stolane har sett sine betre dagar, men det gjer ikkje noko. Alt ein ser rundt seg passar i hop.
– Kjekt
Så skjer det. Inn døra ramlar det ungar i alle aldrar. Smilande og spente. Dei har vore her før. Dei kjenner att Astri Ødegaard som smilande ønskjer velkommen. Smila blir endå større når dei ser at alt ligg klart. Posane med snop bular der dei ligg og nærast ber om å bli hengt opp på pepparkyrkjeveggen eller på taket på småhusa.
– Dette er kjekt, og me vil ikkje gå glipp av det for alt i verda. Her har me gått på søndagsskulen, på basarar og sjølvsagt på bakinga. Det blir ikkje skikkeleg jul utan, smiler Charuwan Sangsungoen og Heidi Simonsen Bjordal.
Dei er dei eldste ungdommane som er der. Mellom dei står eit pepparkakehus som dei skal dekorere. Tuber med sukkerlake og ein solid mengde snop skal forandre kjedelege brune veggar og tak til ei gedigen sukkerbombe.

(foto: Alf-Einar Kvalavåg)

Nonstop
Rett ved sida av dei to smilande jentene sit to kameratar med målretta blikk. Ikkje mange minuttar etter at dei kom inn frå vinterkulda er dei i gang.
– Heile taket skal dekkast med nonstop. Det blir stilig. Så skal me ha figurar i marsipan på framsida og ein bamsemums i tårnet. Me trur dette kjem til å bli veldig bra, men det er litt vanskeleg å ikkje ete av lasset. Det er jo så godt, seier Emil Milje og Henrik Hellesøy.
– Korleis fekk dykk vite om dette då?
– Huskar ikkje heilt, men me har høyrt om det før. Får ikkje byggje slike hus heime på kjøkkenet, så dette er heilt perfekt, meiner dei to karane og står på vidare med det detaljerte husprosjektet.

Astrid Ødegaard har skipa til bakekveld i Hetland bedehus sidan 1997 (foto: Alf-Einar Kvalavåg)

Smil
Så står ho der midt i mellom dei og smiler, skryt og motiverer til vidare arbeid. Astri, heilt tydeleg hjernen bak bakinga på bedehuset. Saman med eit knippe pensjonistar har ho invitert og gjort klart til bakekveld, slik ho har gjort sidan ho fekk ideen i 1997. Og sjølv om ho «ser» alle og smiler og ler, er det slett ikkje berre latter å drifte eit gamalt bedehus.
– Nei, dette, samt eit par basarar er alt som er att av aktivitetar her. Det er fryktelig trist, men sånn er det berre. I dag er det så mykje aktivitetar og tilbod å konkurrere mot at me tel på knappane kvart år. Men eg vil så gjerne ha lys i vindauga her, skape litt liv og gi ungar og vaksne ein stad å kunne møtast også her i denne delen av kommunen. Men huset frå 1955 er gamalt og slitt. Så sjølv om me har toalett og innlagt vatn, ser me at fasilitetane ikkje er slik dei bør vere. Dette er ei arv me har frå besteforeldra våre, så me gir oss ikkje heilt endå, seier Ødegaard og hastar vidare.
Eldsjeler
Så står me der med vår notatblokk og vårt kamera og ristar på hovudet. Kor heldige er me ikkje som har slike eldsjeler blant oss. Som så til dei grader inkluderer alle som kjem. Som sender ein kar på dør med nye brett med kakemenn som han må heim for å steike. Som har invitert Geir Tangen til å komme for å synge og halde ein kort andakt litt seinare på kvelden. Som har invitert dei føresette til basar når ungane er ferdige med å bake og som håper basaren gir eit par kroner i kassen til dekning av straum og kommunale avgifter. Gamaldags og traust, ja, men du verda for ei kulturarv Astri og hennar hjelparar tar vare på. For igjen blir me ståande å sjå rundt oss. På dei smilande ungane, dei stolte pensjonistane og det gamle inventaret. Alt er perfekt, alt heng saman. Talarstolen midt i rommet vekker minner frå den gongen då, når bedehus var hjarte i bygda. Kor ein møttest til møter, basarar og juletrefest. Kor ein hadde minnemøte når nokon var døde.
Om få år vil nok lysa slukkast og bygget bli lagt ut for sal. Det kan bli vanskeleg på fleire måtar. Så tett opp til hovudvegen er det tvilsamt at lysa nokon gong tennast på nytt. Så me får håpe at basarane til Astri gir så mykje i inntekt at det framleis vil vere liv laga for kakebakekvelden.
Me veit kva me har, men slett ikkje alltid kva me får.

Tekst og foto: Alf-Einar Kvalavåg.

Vist 483 ganger. Følges av 1 person.