LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Når ein stol blir tom

Når ein stol blir tom fordi eit barn må forlate landet, får ikkje medelevane høve til å seie hadet. Då kjem heimsendinga som lyn frå klar himmel, ofte midt på natta. Korleis påverkar dette dei elevane som sit att? Journalist Ida Hundvebakke skriv om dette over seks sider i Hallingdølen.

Hundvebakke har snakka med fjerdeklasse på Torpo skule i Ål. Då dei starta i førsteklasse, var dei fem elevar frå Torpo, og sju frå asylmottaket. Fem av mottakselevane går ikkje lenger i klassen, og fleire born har kome og gått. Dei som har kome til skulen har vore der kanskje eit par veker, to månader, eller eit halvår. Kva skjer eigentleg med ein skule og ein klasse når vener stadig forsvinn?

Leiar for Kirkens Familievernkontor i Hallingdal, Liv A. Solberg, seier ho aldri har høyrd om forsking på dei som vert igjen:
– Me veit at tap som kjem når ein er ubudd er verre enn tap som ein er førebudd på. Ein veit at alle tap, enten det er av ein ven, ein nabo eller eit dyr er ei kjensleoppleving som påverkar barn.
Veldig mange skular har asylborn blant elevane. Berre i Ål har ein tre skular. Solberg er usikker på om det i framtida vil kome meir forskning på dei som blir att:
– Mykje avheng av media, og kor mykje fokus dei vil ha på det. Eg syns difor det er flott å fokusere på dette, og at skulen går ut og deler sine erfaringar, seier ho.

Når ein retur ikkje er frivillig, kan ein elev brått vere vekke frå ein dag til ein annan.
Rektor Per Egil Kolsrud ved Torpo skule fortel at skulen ofte får eit hint i forkant, men kan ikkje snakke om det til elevane eller dei føresette. Elevane veit det ikkje sjølv.
Leiar for FAU ved skulen, Anita Øvreengen, saknar eit forvarsel:
– Me er klar over at det kan vere problematisk, men me som foreldre skulle ønske at me kunne blitt varsla av skulen om det er ein elev som skal sendast ut av landet. Då kan me førebu ungane på det som kan møte dei, for det er forskjell å få beskjed om at ein kamerat ikkje kjem til å vere i klassen lenger heime av mamma og pappa, i staden for å bli møtt av ein tom stol når ein kjem til skulen, seier ho.

Journalist Ida Hundvebakke fortel at ideen til saka kom til etter at ho besøkte ein skule med mange asylborn rett etter skulestart.
– Eg forstod raskt at fleire born kom til å forsvinne frå klassen i løpet av kort tid. Dermed oppstod spørsmålet «Kva skjer med dei som blir att, og som opplever dette stadig vekk?». Eg tenkjer at dette er eit spørsmål som angår veldig mange, då det finst ein del mottaksskular rundt om i landet. Eg har sjølv gått på ein slik skule, og om du spør meg i dag om eg hugsar namnet på dei mottakselevane som plutseleg forsvann, av ulike grunnar, er eg ikkje sikker på om eg kan gje deg dei på ståande fot, seier ho.
Hundvebakke har ikkje fått reaksjonar på saka etter at ho stod på trykk, men ho fekk eindel reaksjonar medan saka var under produksjon.
– Alle var positive, og mange meinte det var ei viktig sak eg tok opp. Eg fekk også inntrykk av at det generelt er skrive lite om dette temaet over heile landet, med tanke på at det finst lite forsking eller andre artiklar på dette. Skulen var svært imøtekommande då eg kontakta dei med idéen min, og eg møtte mykje velvilje derfrå.

Denne saka stod på trykk i Hallingdølen den 30. november 2013. Les heile saka som pdf-vedlegg.

Se også ISF rapporten 2011 nr 1 Medfølgende barn på asylmottak

Vist 361 ganger. Følges av 1 person.