LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Fin konsertoppleving på nett

Iblant saknar vi høvet til å presentere lyd i papiravisene. Som når vi har vore på ein vakker konsert. Men på nett kan vi vise video av dei fine opplevingane, som Hallingdølen har gjort i si dekning av Leikskeid med Ole Edvard Antonsen og Valkyrien Allstar. Ein flott video som viser fram både artistane og naturen i Hallingdalsfjella. Bruk denne lenka og finn videoen under “siste videoar” eller “kultur”. (Dersom du også ser videoen om den nye kunstgrasbanen i Ål idrettspark, sjå at delar av reportasjen er filma frå eit fjernstyrt drone-helikopter.)

– Sidan november i fjor har me produsert omkring 150 videosaker. Alt i frå 15 sekunds snuttar til halvannan times produksjonar (Vassfarrittet der me sykla og filma løypa). Dette har gitt ekstra trafikk på nettsidene då videoane er opne for alle, fortel ansvarlig redaktør Bjarne Tormodsgard i Hallingdølen.

Så godt som alle journalistane i Hallingdølen produserer eigne videoar. Dei har hatt korte, interne kurs, og har elles måtta lære seg filming og redigering på eiga hand.

Vist 102 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

For eit stilig time-lapse!! Og bra klipping. Liker!!

PS: Når ein skriv på/for nett, så kan ein ikkje basere seg på at folk finn det under siste nytt…. Det vil jo endre seg heile tida. Du må gi den faktiske lenka, og den fann eg ved å klikke meg inn på videoen, og her er den.

Enig, time-lapsen er kul!

Det vart dessverre krøll med lenka då eg skulle publisere den her i Origo, derfor den halvgode løysinga … Håper folk finner fram likevel.