LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Bli med på skrivekurs med Frode Grytten

“Journalistikk er å gå ut i verda og sjå korleis ting faktisk heng saman. Du får det midt i fleisen, heile tida – korleis folk lever, korleis dei har det. Det er ikkje noko idyll, og utruleg samansatt, men dei fordommane ein har om verda fell. Journalistikken er utruleg viktig. Den kan forandre vår måte å sjå verda på.” – Frode Grytten.
Som ein del av LLA si språksatsing inviterer vi til skrivekurs med forfattar og tidlegare bt-journalist Frode Grytten, i forkant av Litteratursymposiet i Odda.


LLA har fått støtte frå Vinjefondet til å gjennomføre ei språksatsing i avisene i 2012 og 2013. Første ledd i denne satsinga var under landsmøtet i Kristiansand, der Njord Svendsen held foredrag om portrettskriving.
No har vi gleda av å invitere LLA-journalistane til skrivekurs med forfattar og tidlegare journalist Frode Grytten. Kurset vil finne stad i Odda onsdag 10. oktober, i Sentralbadet inne på smelteverkstomta.
– Eg tenker at det er bra å snakke om reportasje, om språk, om subjektiv skriving om førstehandsskildring, om engasjement og om temperatur, seier Grytten om kurset han vil halde.

LLA har valgt å leggje kurset til Odda denne datoen fordi det årlege Litteratursymposiet også startar denne dagen. Litteratursymposiet spring ut av Frode Grytten sin forfattarskap. Med den moderne klassikaren “Bikubesong” dikta han Odda inn i norsk litteraturhistorie i 1999.

Kursdeltakarar kan delta på opningsarrangementet “Litterær kraftstasjon” same kveld, og evnt. eit krimseminar torsdag på dagtid. Dei som ynskjer å delta under heile Litteratursymposiet står sjølvsagt fri til å bli verande. Litteratursymposiet samlar eit heilt forfattar-Noreg til debattar og arrangement over fem dagar. Du kan blant anna få med deg “Bikubegang” av Frode Grytten.

Frode Grytten (f. 1960) har gjeve ut ei rekke bøker, men har også ei fortid som reportasje/featurejournalist i Bergens Tidende. Nokre av dei beste tekstane hans frå tida som journalist er samla i artikkel- og essaysamlinga 50/50 (2010). Du kan lese meir om Frode Grytten
her

Sjå vedlegg for fleire praktiske opplysningar kring kurset

Meld deg på direkte her

Vist 602 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Skrivekurs? Dette ser jo ut som eit fotokurs. Imponerande miks mellom fargar og svartkvitt på biletet av Frode Guten.

Er det ledige plassar igjen? Og held det at ein jobbar i A-pressen for å vere kvalifisert kursdeltakar?!

Hei Herdis

Det er ledige plasser, og du er kvalifisert :o) – bruk linken og meld deg på der.

Så kult!! Kor mykje kostar det utan overnatting?!

450,- kr. inkl lunsj – vet at påmeldingsskjemaet ikke tillater uten overnatting, men det fikser vi i etterkant.

Då har eg meldt meg på! For eit strålande tiltak! Gler meg!

Hei Herdis – har ikke fått inn påmeldingen, tar du å registrerer deg en gang til? sorry.

- og vi gleder oss til kurs.

btw. Det var strålande godt, kjekt og lærerikt! Kudos for tiltaket, og takk til Frode Grytten for gjennomføringen.