LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Ukas bilete: Å ha auge for detaljar

Biletet er teke av Bjørn Sletten i avisa Dølen.

Bjørn Sletten skulle lage ei sak om juleførebuingane på skulane. Han valde dette biletet som inngang til saka. Biletet illustrerer svært godt korleis det er på skulane før jul: Det er juleverkstad, og julenissar i tre og juletrepynt er stappa inn i hyllene saman med dei kvardagslege bøkene og permane. Godt observert og god og rett bruk av eit detaljbilete som fortel “alt”.

Slik såg saka ut:

Sjå sidene som vedlegg

Vist 236 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Eg er heilt samd i det. Tett på dei nære ting. Heilt topp! Det eg ikkje er like glad i er den dominerande magasinlogoen som tek luven av det glimrande biletet. Demp effektar og bruk våre basis virkemiddel i staden: Titlar og bilete. (Eg legg ved ei skisse som syner kva eg meiner.)

Er heilt einig med deg, Vidar, i at magasinintroen vår så til dei gradar er mogen for utskifting! Vi får sjå kva det nye året vil bringe av storreingjering i krikar og krokar av Dølen…den som ventar på noko godt osv!

Men pass på, om Dølen tek å skriva “jol” i staden for det meir brukte omgrepet “jul” vil nok til og med sindige midtdøler venda seg til redaksjonen med språklege innvendingar…flott bilete, Bjørn

Du treng nok ikkje uroe deg for det, Tor! Den får Vidar ta på si kappe:-)