LLAs idé- og kunnskapsbank
For journalister, grafikere, teknikere og markedsfolk

Denne siden blir ikke oppdatert etter 31. august 2016.
Du kan fortsatt søke blant de nesten 1800 innleggene i arkivet.

Den nye idébanken finner du her: LLA-idebanken.no.

Erfaringar med Avtalegiro?

Er det nokon av avisene som brukar avtalegiro til innkreving av bladpengane, og kva erfaringar har de evt.?
Her de også då delt opp bladpengane til f. eks. 4 forfall i året for å få ned beløpa pr. krav?

Vist 104 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Hei Rune, eg ser at Sunnhordland har ei eigenannonse på trykk om Avtalegiro som dei no tilbyr kundane sine. Dei skriv av ein kan velja om ein vil betala årleg, 1/2 års eller kvar månad.

Vonar at avisene sjølve svarer på dette her i idèbanken, men eit par små kommentarar frå meg: Det er nok bra med Avtalegiro o.l. som gjer at kundane binder seg meir til å betale fast. Å dela opp bladpengane i meir enn halvår, altså til dømes kvartalsvise avdrag, kan også vera bra dersom avisabonnementet er prisa høgare enn mange i utgangspunktet er villig til å betala, men generelt; desto fleire fornyingar folk må ta stilling til kvart år, desto høgare risiko er det vel også for at folk seier nei takk??? Med andre ord: Eg trur, for lokalaviser flest, at års- eller halvårsabonnement er plenty godt nok – og gir mest stabile inntekter. Kva erfaringar har avisene?

Då Suldalsposten sende ut bladpenge-rekningane før jul la me ved eitt brev med informasjon og høve til avtalegiro med årleg, halvårleg eller månadleg betaling. Me fekk 78 svarslippar i retur. Av desse var det 51 som valde årleg betaling, 20 halvårlege og berre 7 månadlege. Enn så lenge har me ikkje det store empirigrunnlaget for å vurdera korleis dette tilbodet blir oppfatta, men erfaringsmessig treng nyordningar litt tid for å innarbeida seg i folks kvardag. Praktisk sett var det enkelt å få til då me bestemte oss for å gjera det, og er det nokon derute som har spørsmål om gjennomføringa, er det berre å ta kontakt.