Valstoff i kvar avis fram mot valdagen

Bø Blad har lova lesarane sine at det skal vere valstoff i kvar avis fram mot valet 12. september. Sjekk ut kva dei leverer.


Det var på leiarplass at redaktør og dagleg leiar Hilde Eika Nesje i Bø Blad lova lesarane sine at det skulle vere valstoff i kvar avis fram mot valet.
– Det er mykje å skriva om. Berre listene har gjeve oss minst tre gode saker, fortel redaktøren.

Oppslag om kvinner i politikken (det er ingen kvinnelege ordførarkandidatar i Bø i år), minoritetar og alder er nokre av temaene som har vore på trykk. Avisa er og godt i gang med spalta Unge veljarar, der fire unge veljarar står fri til å ta opp det dei vil i anledning lokalvalet.

– Vi ha knytt til oss fire veljarar som skal skrive fire gongar kvar i 16 aviser fram mot valet (les intervju med desse som vedlegg). Desse fire hadde vi på forsida for to år sidan, også då snakka vi med dei om val og politikk. Sidan har vi brukt dei som ressursgruppe. Dei bidrar til å sette fokus på ting som deira aldersgruppe er oppteken av. Dei har også tipsa meg om kva dei vil lese om i samband med valet, seier Eika Nesje. Ho trur det handlar mykje om å greie å ufarleggjere politikk.
– Dei oppdaga jo raskt at det dei er opptekne av er politikk, men dei forbind ordet politikk med noko fjernt og skummelt. Dei har og mange spørsmål rundt valet og vil vite meir. Til dømes ville dei vite meir om kva det betyr å kumulere, fortel redaktøren.

I tillegg til den faste spalta Unge veljarar har dei og fått på plass Veljartankar som fast innslag i avisa fram mot valet. Her vert folket spurt følgjande spørsmål:

  • skal du stemme?
  • kva er viktigast, parti eller person?
  • kva for ei sak er viktig for deg?

– Vi får velidg mykje respons på denne spalta. Folk les ho og likar å sjå kjente andlet på trykk. Vi har en policy at vi skal vere veldig dirkete mot både politikarar og innbyggjarar, dei må seie kva konkrete saker dei er opptekne av, og ikkje berre svare “helse og miljø”.

Avisa følgjer også to førstegongsveljarar som er usikre og lurer på kva parti dei skal røyste på. Det har blitt skrive leiar om rekruttering i politiske parti, der bodskapen har vore at éin ting er å ha mange unge på lista, ein heilt anna ting er å setje dei på ein plass som gjer det mogleg for dei å faktisk kome inn i kommunestyret.

– Resten av valstoffet får kome litt etterkvart. Vi skal inn og sjå litt på valprogramma og snakke med den yngste veljaren som står på reell plass. Frå 1. juni skal vi også presentere dei 12 øvste listekandidatane, seier redaktøren. Også politikarar har fått med seg Bø Blads valsating.

– Det var ein politikar innom forleden. “Har De tenkt å overanalysere alt nå”, brumma han.

unge lesere, kommunevalg 2011, politikk, Kommune/Stortingsvalg, Kommunevalget 2011, førstegangsvelgere, førstegangsvelger, Hilde Eika Nesje

På kartet